Afrika.no Meny
Entreprenørskap:

Malawi: Just Do It

Foto: Doug Mills/The New York Times/NTB-Scanpix

Det viktigaste er å få entreprenørskap inn i skulen, seier unge malawiske entreprenørar. Kanskje desse skulejentene kan bli Malawis neste entreprenørar? Foto: Doug Mills/The New York Times/NTB-Scanpix

Då Forbes Magazine kåra dei 30 mest lovande entreprenørane i Afrika i april 2018 såg eg med glede at ein venn frå Nigeria, Abubakar Sadiq Mohammed Falalu (27), var ein av dei som var med på den prestisjetunge lista. I tillegg beit eg meg merke i at ni av dei 30 utvalde entreprenørane var frå nettopp Nigeria. Frå Malawi, derimot, var det null.

Dette er noko eg ikkje vanlegvis ville lagt merke til, men sidan eg i skrivande stund jobbar som entreprenørskapsrådgjevar for ein organisasjon i Nkhotakota, Malawi, vart denne lista hakket meir interessant.

Kvart år rangerar The Global Entrepreneurship and Development Institute (GEDI) ein indeks over entreprenørskapsnivået til land kring om i verda. I 2017 vart Malawi rangert som nummer 130 av 137 land når det kom til entreprenørskap. Myndigheitene såg at dette var problematisk, og i starten av 2018 kom det store ord frå arbeidsministeren, Francis Kasaila: for å løyse problemet med høg arbeidsløyse blant unge ville myndigheitene fokusere på entreprenørskap. Dette vart sagt i januar 2018, men seinare på året vart det klart at Malawi hadde ramla nedover på lista til GEDI, og er no rangert som nummer 133 av 137. Kvifor er entreprenørskap så vanskeleg å få til i Malawi?

Lærdom frå Nigeria

Med 180 tilsette og ei omsetjing på 400.000 dollar i 2017 var det ikkje så rart at min nigerianske venn Sadiq fekk plass på Forbes si liste. Selskapet FaLGates starta i det små som eit konsulentselskap, men såg moglegheiter i det Sadiq kallar det «revitaliserte jordbruket.» FaLGates starta med produksjon av ris i nordlege Nigeria og er i skrivande stund på jakt etter kapital til å utvide verksemda endå meir.

Sadiq er berre éin av mange dømer på entreprenørar som har lukkast i Nigeria. -Nigeria er eitt av dei mest folkerike landa i verda, og folketal er lik moglegheiter, seier Sadiq. Han meiner den sterke folkeveksten skapar ein større marknad, på same måte som i Kina og India – ein marknad som igjen gjer det enklare for entreprenørar å etablere seg. «Om vi ser på marknaden i Nigeria som eit hav, er det alltid ein stad du kan symje.»

I fattigare samfunn er det enklare å etablere seg med grunnleggjande produkt, meiner nigerianske Sadiq Falalu, som har lukkast med eit selskap som produsererar ris.

Vidare peiker Sadiq på korleis fattigdom kan avle entreprenørskap.

-Mangel på jobb, høg inflasjon og høgare levekostnadar fører til at mange prøvar å skape eit levebrød på eiga hand, seier han. Jamfør nigerianaren kan ein sterk økonomi verke litt hemmande for entreprenørar, fordi marknaden allereie er metta. Dei gode ideane kan framleis kome, men i fattigare samfunn er det enklare å etablere seg med grunnleggjande produkt, meiner han.

Det er ikkje enkelt å slå igjennom med ei bedrift utan at myndigheitene er med på laget. For Sadiq har det vore viktig at styresmaktene i Nigeria har lagt til rette for entreprenørar ved å tilpasse skattepolitikk og tilgang på kapital for gode idear. -Det skulle jo òg berre mangle, meiner han. -Auka entreprenørskap vil automatisk bidra til økonomisk vekst i eit land.

Om vi ser på marknaden i Nigeria som eit hav, er det alltid ein stad du kan symje

For Sadiq er dette ein vinn-vinn situasjon, og dess betre tilrettelagt det er for entreprenørar, dess betre blir det for alle partar.

Når samtala vår vinkla seg inn på Malawi spør eg Sadiq om kva råd han vil gje til Malawi for å fostre meir entreprenørskap. Her er Sadiq mindre oppteken av å peike på praktiske faktorar, og fokuserer heller på det personlege plan. -Eg er overtydd om at entreprenørskap er eit personleg kall. Om du har eit sterkt ønske om å prøve ut ein ide, eit ønske om å overvinne frykta for å mislykkast, ønske om å gripe sjansen til å drive med noko du brenn for samstundes som du tener pengar og kan hjelpe samfunnet rundt deg, så meiner eg du berre må satse uansett korleis tilhøva er rundt deg, seier han.

Erfaring frå Malawi

Vi flyr frå Nigeria til Malawi, og går samstundes litt tilbake i tid. I juni 2017 samla ein gjeng ungdommar seg i Mzuzu, den tredje største byen i Malawi. Med eit sterkt ønske om å bidra til auka entreprenørskap i Malawi starta dei Mzuzu Entrepreneurship Hub (eHub), med eit overordna mål om å bygge ein sterk økonomi i Malawi gjennom små lokale bedrifter. Veldig i tråd med det myndigheitene snakka om då dei ville auke fokuset på arbeidsløyse.

I løpet av 2018 har eHub blitt ein etablert institusjon i Mzuzu med eigne lokalar og 15 start-ups knytt til huben. Ein av initiativtakarane, Wangiwe Kambuzi, sit att med ei rekke erfaringar etter at ho var med å starte opp Mzuzu eHub. -Vi trur at ved å gje start-ups ein stad å vere, og ved å skaffe dei eit godt nettverk, så bidreg vi i stor grad til å betre situasjonen til heile Malawi, seier ho.

Dei malawiske myndigheitene treng ein skikkeleg politikk på ungt entreprenørskap, og ikkje minst å senke skattane for nye bedrifter, seier Wangiwe Kambuzi, som er ein av initiativtakarane bak entreprenørsenteret eHub.

Det er vanskeleg å samanlikne entreprenørane eg finn i Mzuzu med Sadiq, som trass alt er ei så stor solskinshistorie at Forbes har lagt merke til han. Likevel er det interessant å sjå om dei grunnleggjande tankane frå Nigeria er mogleg å finne att i Malawi. Eg utfordrar Wangiwe på det eg har blitt fortalt av Sadiq. Er det (relativt) vetle folketalet i Malawi, som med sine om lag 18 millionar menneskjer berre er 1/10 av Nigeria, ein hemsko for entreprenørskap?

-Til å vere eit lite land har vi jo eit ganske stort folketal, sjølv om vi ikkje er eit stort land som Nigeria. Dessutan aukar jo stadig folketalet. Dette, i seg sjølv, er ikkje nok til å skape entreprenørar. Eg trur ikkje problemet er mangel på folk, men at folka vi har ikkje har ein kultur for entreprenørskap. For å få framgang på denne fronten må vi skape den riktige kulturen, og det er det vi prøvar å gjere i Mzuzu, meiner Wangiwe.

Ein entreprenør kan identifisere eit behov og finne ei løysing på dette behovet, men du må likevel ha støtte

Ho verkar tydeleg på at entreprenørar ikkje kjem av seg sjølv, men Sadiq meinte jo at fattigdom avlar entreprenørar. Dette burde vere ein «fordel» for Malawi, som trass alt er rangert som ein av dei fattigaste landa i verda. Er det noko allmenn sanning i påstanden til Sadiq?

-Til ei viss grad er eg einig, seier Wangiwe. -Der det er fattigdom er det sosioøkonomiske utfordringar som treng innovative løysingar, og der kjem entreprenørane inn i biletet. Ein entreprenør kan identifisere eit behov og finne ei løysing på dette behovet, men du må likevel ha støtte. Det er ikkje mange malawiske foreldre som vil la borna sine gå inn i ein slik sektor, og då er det vanskeleg å gå vidare med ein idé du har.

Ein kultur for entreprenørskap

Wangiwe understrekar det ho allereie har påpeikt: når det ikkje er kultur for entreprenørskap er det vanskeleg å avle entreprenørskap, uavhengig av dei andre faktorane som spelar inn. Spørsmålet er om det auka fokuset som myndigheitene lova i januar 2018 har hatt nokon effekt på samfunnet i Malawi, og om synet på entreprenørskap er i ferd med å endre seg. Har myndigheitene auka støtta?

-Dei snakka om det i januar, det er sant. Eg trur nokre av endringane dei la opp til vil ta tid, og det er vanskeleg å seie allereie no om det kjem til å føre til gode resultat, seier Wangiwe. Ho fortel at ho håpar det blir bra på sikt, for ho har i alle fall ikkje sett umiddelbare resultat. Det er framleis utfordrande å jobbe med entreprenørskap i Malawi, seier ho, men det er tydeleg at dette ikkje demotiverar ho.

-Det er mange steg myndigheitene ikkje har teke som dei burde ta. Det viktigaste er å få entreprenørskap inn i skulen og auke kunnskapen om det. Dei burde opne fleire ‘hubbar,’ slik som vår, slik at vi sakte men sikkert kan få inn ein entreprenørskapskultur i folket. Dei treng ein skikkeleg politikk på ungt entreprenørskap, og ikkje minst senke skattane for nye bedrifter.

I løpet av 2018 har eHub blitt ein etablert institusjon i Mzuzu med eigne lokalar og 15 start-ups knytt til huben.

I alle svara til Wangiwe er mangelen på ein entreprenørskaps-kultur det mest påfallande. Når Sadiq hevda at det personlege kallet er det viktigaste, meiner Wangiwe at det er vanskeleg å få eit personleg kall når du ikkje har nokon inspirasjon, noko støtte eller i det heile teke tankar om at det er mogleg.

-Når du aldri blir fortalt at du kan skape jobbar, så er det ikkje rart at du heller går for å bli tilsett. Vi må få folk til å forstå at det viktigaste er å starte, finne andre entreprenørar og lære av dei. Uansett kor mange utfordringar som ligg i vegen for deg burde det aldri vere eit alternativ å ikkje starte og prøve å bli ein jobb-skapar.

Eit sitat frå ein venn av Sadiq dukkar opp i hovudet mitt når eg pratar med Wangiwe, som Sadiq brukar som mantra: det er kriminelt å vere tilsett når du kan tilsette.

Lovande valkamp

Vi er vel alle klar over at ein ikkje skal ta lovnadar i ein valkamp for god fisk, men måten valkampen i Malawi har utvikla seg på gjev om ikkje anna eit snev av håp til entreprenørane i Malawi. Valkampen før valet i mai 2019 er godt i gong, og noverande visepresident og presidentkandidat Saulos Chilima har køyrt knallhardt på å kjempe mot arbeidsløysa. I haust lanserte han planen for å skape éin million jobbar, eit forslag som vart motteke med entusiasme blant dei håpefulle og som vart latterleggjort av dei kritiske.

Uavhengig av mottakinga av planen lukkast Chilima i alle fall med å setje arbeidsløyse på agendaen, og i planen sin understreka han at ein viktig ledd for å oppnå dette var å auke støtta til små, nystarta bedrifter. Tidlegare president Joyce Banda gjekk ut med si støtte til planen, og ikkje lenge etter følgde det største opposisjonspartiet MCP opp med å uttale at planen til Chilima kan funke.

Når du aldri blir fortalt at du kan skape jobbar, så er det ikkje rart at du heller går for å bli tilsett

Sjølv om sittande president, Peter Mutharika, gjekk hardt ut mot Chilima og sa at «ingen kan skape éin million jobbar i dette landet», har Chilima greidd å skape ein politisk agenda som alle i Malawi har fått med seg. Sjølv om chichewaen min er dårleg, er språkkunnskapen god nok til å forstå at éin million jobbar er noko dei aller fleste har snakka om i løpet av hausten. Uavhengig av kven som går sigrande ut av valet i mai er det lite truleg at folket i Malawi vil gløyme den ambisiøse planen til Chilima, og presse den nye (eller attvalde) presidenten på å gjere ein jobb for å redusere arbeidsløysa.

Forhåpentlegvis vil dette føre til betre arbeidsforhold for organisasjonar som Mzuzuz eHub, og på sikt føre til ein kultur der entreprenørskap ikkje er frykta, men ettertrakta. Ein kultur der ungdom blir inspirert til å finne smarte løysingar, og vågar å ta risiko for å gjere draum til realitet. Ein kultur der dei følgjer det rådet Sadiq hevda var det aller viktigaste:

-Eg seier som Nike: Just do it!


Har du spørsmål eller synspunkter på denne artikkelen? Vil du skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen: rahwa@afrika.no



Flere aktuelle artikler

Foto: Film fra Sør

Nigeriansk filmfest:

Nollywood i fokus i Oslo

Nigeriansk film skal i år være i fokus for aller første gang på Oslos største filmfestival, Film fra Sør. Det er på tide. Og det er en bred presentasjon av nigeriansk film det er lagt opp til, med filmer, regissørbesøk og debatter.

Foto: Nana Kofi Aquah

Bokanmeldelse

Afrika: En middelklasse uten midler

De siste årene har vi ofte hørt et mantra om at Afrikas middelklasse øker raskt og kraftig. Dette er en myte, skriver forskere i ny bok.

Emner

Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Siste oppdatering av bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2021. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.