Afrika.no Meny
Analyse

Etter lokalvalet: Kva skjer nå med Sør-Afrika?

Foto: NTB-Scanpix/AP

Ein tenksam president Jacob Zuma under den offisielle kunngjeringa av valresultatet. Visepresident Cyril Ramaphosa i bakgrunnen. Foto: NTB-Scanpix/AP

Ser vi konturane av eit nytt politisk kart i Sør-Afrika etter kommunevalget? Står ANC sin sterke posisjon for fall? ANC si oppslutning blant svarte veljarar er formidabel – også etter dette valet. Men tap av sterke og viktige maktbastionar som Nelson Mandela Bay, Johannesburg og Tshwane har skapt ein ny politisk situasjon som ANC ikkje var førebudd på.

Kommunevalet ga ANC 54 prosent av røystene. Det var ein tilbakegang på mest åtte prosent samanlikna med det førre kommunevalet i 2011. Det største opposisjonspartiet (Democratic Alliance - DA) fekk rundt 27 prosent, opp 3 prosent samanlikna med 2011, mens utbrytarane frå ANC i EFF (Economic Freedom Fighters) fekk 8 prosent.

Ein tilbakegang for ANC var venta etter opprettinga av EFF i 2013 og den aukande misnøya med president Zuma og maktutøvinga hans. ANC mista det reine fleirtalet i fleire av dei store millionbyane, og i noen måtte dei gi tapt og sjå DA-leia koalisjonar av ulike opposisjonsparti ta over byråda. Men oppslutninga om ANC er likevel fortsatt formidabel. Og opposisjonen i DA – som nå marknadsfører seg som ein «blå utgåve» av ANC – gjekk fram langt mindre enn dei sjølve hadde rekna med. Det var EFF som stakk av garde med mesteparten av gevinsten.

Rase og etnisitet

Samtidig har valresultatet ytterlegare understreka at rase og etnisitet er svært viktig i val av parti. ANC får stadig mindre oppslutning blant dei nasjonale minoritetane (kvite, farga og indiske). Men blant svarte afrikanarar er dominansen til ANC fortsatt særdeles sterk, om enn noe svekka.

ANC har aldri hatt fleirtal i Cape Town, der dei nasjonale minoritetane utgjer fleirtalet av veljarane. Og tilbakegangen for ANC er sterkast i kommunar der minoritetane utgjer ein relativt sett større del av befolkninga – som i Vest-Kapp-provinsen og i enkelte av storbyane. På landsbygda, og i valkretsar i bykommunane der afrikanarane dominerer, er veljarstøtta tilsvarande sterk, sjølv om det er noe overgang til EFF.

ANC-tap i millionbyane

Det er i dei store millionbyane («metroane» i sørafrikansk forvaltningsterminologi) at vi finn dei største endringane i oppslutning, og der endringane også har ført til nye byråd. Det er også her vi ser dei største sosiale og økonomiske endringane i den afrikanske befolkninga, med aukande ulikskap og framveksande (lågare) svart middelklasse.

Det er ikkje politiske normaltilstander i Sør-Afrika

Også i metroane er det støtta til EFF som har betydd mest for tilbakegangen til ANC. Utifrå oppslutning i enkeltkretsar kan vi slå fast at det jamt over er svarte som har stemt på EFF, og exit-målingar på valdagen indikerer at støtta er sterkast blant unge, og spesielt blant unge menn. Framgangen til DA er også viktig i metroane. Mye (40 prosent) av framgangen til DA spring ut av høgare veljardeltaking i DA-dominerte valkretsar, mens det er mye lågare deltaking i
ANC-dominerte kretsar. I tillegg har DA og fått noe innpass i sterke ANC-kretsar, spesielt i meir middelklasse-dominerte.

Mista reint fleirtal

Dette har ført til at ANC mista det reine fleirtalet i fire av dei åtte metropolane. I to av dei – Nelson Mandela Bay, som omfattar storbyen Port Elizabeth, og Tshwane, som omfattar hovudstaden Pretoria – blei dei knipent passert av DA som det største partiet. Alle opposisjonspartia – DA, EFF og dei fleste av småpartia - gjekk inn i ein stemmetaktisk allianse for å få inn nye ordførarar og byråd. Det ga DA-leia byrådskoalisjonar både i Nelson Mandela Bay, Tshwane og Johannesburg. Dette er alle mindretalsbyråd. EFF stemte for byrådsskiftet, men vil ikkje gi støtte utover det.

I Ekuruhleni – som omfattar det store industribeltet aust for Johannesburg – vann ANC ordførarvalet og fekk på plass ein fleirtalskoalisjon med småparti. Eit tilsvarande mønster finn vi også i noen mindre byar og kommunar der ingen har reint fleirtal. I Rustenburg i Nordvest-provinsen – sentrum for platinagruvene og gruvearbeidaropprøret for fire år sidan og der EFF gjorde det særleg godt med ein fjerdedel av røystene – fekk ANC på plass ein fleirtalskoalisjon. I Mogale City (Stor-Krugersdorp) vest for Johannesburg gjekk det andre vegen; ANC mangla litt på reint fleirtal, men DA fekk på plass ein mindretalskoalisjon som fekk fleirtal under ordførarvalet med støtte frå EFF.

Står ANC for fall?

ANC si oppslutning blant svarte veljarar er formidabel – også etter dette valet. Bortsett frå i Vest-Kapp, der svarte veljarar er i mindretal og ANC berre fekk 27 prosent, og i Gauteng, der dei fekk 46 prosent, varierte oppslutninga om ANC mellom 58 og 71 prosent. Normalt skulle  dette tilseie at ANC vil ri inn til eit solid fleirtal ved det neste nasjonale valet i 2019. Høgare valdeltaking i nasjonale val skulle også gjere det mogleg å forvente at ANC vinn tilbake fleirtalet i Gauteng.

Men det er ikkje politiske normaltilstander i Sør-Afrika. Tap av sterke og viktige maktbastionar som Nelson Mandela Bay, Johannesburg og Tshwane har skapt ein ny politisk situasjon som ANC ikkje var førebudd på. Dei hadde rekna med tilbakegang, kanskje også kraftig, men ikkje at DA skulle bli større, eller at opposisjonspartia til høgre og venstre skulle samle seg og stemme ANC ut av byrådskontora.

Kan ANC komme gjennom indre konfliktar og stake ut ein ny kurs som kan gi inspirasjon og håp? Kan dette føre til ny samling av ANC-familien – kanskje tilmed til at EFF vender tilbake til moderpartiet? Eller vil ANC rakne vidare langs høgre-venstre/by-land aksar? På kort sikt er det nødvendig å få på plass ei partileiing som kan rydde opp etter Zuma. Det er ingen enkel sak. På lengre sikt er det også utfordringar knytta til å halde på eit parti som skal samle alle, i ein situasjon der sosiale, økonomiske, og kulturelle skilnader i veljarmassa blir stadig større.

Det venstrepopulistiske EFF har også kome i ein posisjon dei ikkje veit vegen ut av. Skal dei reindyrke rolla som protestparti?

Utfordringane er også store for opposisjonen. DA skal styre storbyar i spissen for mindretalskoalisjonar, og vil møte store forventningar om ein ny kurs som kan bli heller vanskeleg å gjennomføre. Dei har lagt seg tett opp til ANC i viktige spørsmål og vil fort kunne bli ramma av dei same problema som rir ANC. Det venstrepopulistiske EFF har også kome i ein posisjon dei ikkje veit vegen ut av. Skal dei reindyrke rolla som protestparti? Det har dei gjort med stor suksess i parlamentet og i opinionen. Men med plass i mange kommunestyre landet rundt blir det spørsmål om makt og innflytelse og evne til å inngå kompromiss. Samtidig blir det vanskeleg for ei lita partileiing å halde styr på ein svær flokk av opprørske kommunestyre-representantar som gjerne ønsker å gå sine eigne vegar.

­

Det viktigaste å følgje med på blir nok ANC og kva rolle Zuma vil kunne spele i månadene framover. Det vil ikkje bli kjedeleg. Dei som ser på utanfrå vil få mye underhaldning. For folk flest i Sør-Afrika og dei mange fattige er det derimot liten grunn til rekne med at framtida blir lysare med det første.


Har du spørsmål eller synspunkter på denne artikkelen? Vil du skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen: rahwa@afrika.no



Flere aktuelle artikler

Politisk utvikling

Tunisia: På vei mot diktatur?

Tiltakene president Saied innførte i Tunisia i september gjør det mulig for ham å beholde makten i landet på ubestemt tid. Folk er nå redde for at Tunisa beveger seg mot å bli et diktatur.

Presidentvalget i Tsjad

Søndag 11. april ble Marchal Idriss Déby Itno gjenvalgt til president i Tsjad for sjette gang. En uke etterpå ble han hardt skadet da han deltok sammen med hæren en nedkjempet en opprørsgruppe som ønsket ham fjernet. Mandag ble han erklært vinner av valget med 79,3 prosent av stemmene. Tirsdag 20. april ble han erklært død av skadene.

Emner

Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Siste oppdatering av bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2021. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.