Afrika.no Meny

Landprofil 2002-2003

Senegal

Abdoulaye Wade vann det senegalesiske valet i mars 2000. Sigeren skapte eit urealistisk håp om endring og framgang, særlig blant unge senegalesarar. Over 60 prosent av folket er under 25 år. Blant dei unge bybuarane er arbeidsløysa minst 40 prosent.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

To år etter at folket dansa i gatene og snakka om sopi – endring – er entusiasmen avløyst av motløyse og endelause diskusjonar om samlingsregjeringa si dårlege evne til å oppfylla vallovnadene.

Nede for teljing
Medan den førre presidenten, Abdou Diouf, prøvde seg på ein ærerik sorti i diplomatiet, låg det tidlegare leiande partiet, Partie Soicialiste (PS), splitta og nede for teljing etter valet. No går det rykte om at Diouf vonar på politisk gjenføding ved neste presidentval om fem år, sjølv om det vert rekna som urealistisk. Misnøya med samlingsregjeringa til Wade er stor, men Dioufs sosialistparti er så upopulært og kompromittert at det treng meir enn to år for å få ny respekt. Den sjokkerande handsaminga av valsigeren i 1993 synte eit maktsjukt og udemokratisk parti som ikkje gjekk or vegen for å ta motstandarar av dage dersom makta var trua.

Intervensjonen i nabolandet Guinea Bissau i 1998 medverka heller ikkje til å gjera sosialistregjeringa til Diouf meir populær. Det var ei brei erkjenning av at krigen i Guinea Bissau kunne utløysa ein svært farleg konflikt i heile området, med sentrum i separatistrørsla Mouvement des forces democratiques de la Casamance (MFDC) sør i Senegal. Etter fredsavtalen i august same året har separatistrørsla tilsynelatande roa seg, sjølv om den framleis gir livsteikn frå seg frå tid til anna.

Abdoulaye Wade hans Demokratiske Parti (Parti Democratique Senegalaise, PDS) har altså ikkje makta å halda oppe trua på endringar. Wade la tidleg ut på reiser til utlandet for å tigga pengar frå internasjonale donorar, utan at det auka respekten for han blant senegalesarar flest. Alt på eit tidleg tidspunkt la han opp til at landet skulle bli meir avhengig av utanlandsk bistand, i staden for å utforska og styrkja landet sine eigne ressursar.

Saman med mellom andre dei nigerianske, sørafrikanske og libyske leiarane la han sidan grunnlaget for den afrikanske økonomiske unionen som vart endeleg etablert i Lusaka i Zambia i juli 2002. Før dette tok Wade initiativ til ein afrikansk utviklingsplan. Saman med mellom andre presidentane Mbeki (Sør-Afrika) og Obasanjo (Nigeria) presenterte han i april 2002 la Noveau partenariat pour le développement de l’Afrique(Nepad). Kritikarar peikar på at Nepad ikkje er noko anna enn eit avansert tiggardokument som gjer knefall for nyliberalismen for å tiltrekkja seg sentrale internasjonale donorar. Det er liten tvil om at Wade i tiltakande grad har lagt Senegal meir ope for nyliberalistisk ideologi og intervensjon.

Muslimske brorskap
Eit av særtrekka ved det senegalesiske samfunnet er den sterke stillinga til dei muslimske brorskapa (til dømes Mouride- og Tijan-brorskapa), som er leidde av svært mektige maraboutar. Etter valsigeren til Wade i 2000 var det mange liberale og intellektuelle som vona at makta til brorskapa skulle reduserast, og at politikken skulle verta meir prega av nøkterne og uavhengige tiltak. Men President Wade har vist seg opportunistisk i høve til maraboutismen. Samstundes har maraboutane samla troppane og tilpassa seg den nye situasjonen. Men det er ikkje snakk om fundamentalisme etter same leist som i mange arabiske land. Dette er ein vestafrikansk eller senegalesisk versjon som, frå eit religiøst perspektiv, på ein særs vellukka måte har sameina element frå tradisjonell animistisk tru med islam. Det same gjeld for det vesle katolske samfunnet, som utgjer berre 3-4 prosent av befolkninga.

Om lag 95 prosent av befolkninga reknar seg som muslimar og tilhøyrer ulike brorskap. I den siste tida har det vore ei rørsle på gang for å innføra religionsundervisning i skulen. Det føregår ein stor offentleg debatt om dette, og grunngjevinga for innføring av religionsundervisning er det påståtte moralske forfallet i samfunnet.

Press på byane
Etter sjølvstendet i 1960 har utfordringa til Senegal vore å retta opp att den katastrofale monokulturen i økonomien som dei franske kolonimaktene innførte. Så å seia heile landbruket var lagt om til dyrking av peanøtter på grunn av ein lukrativ internasjonal marknad for peanøttolje. Botnen har for lengst falle ut av denne marknaden, og den einsidige peanøttdyrkinga har utarma jorda.

Etter at pengeeininga Cfa vart devaluert med 50 prosent i 1994, har presset på dei store byane auka dramatisk. Gatene i hovudstaden Dakar vart på kort tid invadert av heimlause familiar og unge frå landsbygda. Dei prøver å overleva på alle moglegemåtar. Dette har dei opphavlege bybuarane lite til overs for. Regjeringa har freista å løysa problemet utan å lukkast.

Ein omfattande innsats for å leggja om til eit meir allsidig jordbruk har slått feil. Befolkninga i dei tidlegare fiskerike kystområda er råka av at ressursane i havet har gått til dei supereffektive internasjonale trålane, og at staten har ikkje hatt råd til ei effektiv kystvaktteneste.

Andre eksportprodukt frå Senegal er fosfat, petroleumsprodukt og bomull. Oljeleitinga , som det var knytt store forventningar til, har enno ikkje gitt resultat.

Framtidsutsikter
Trass i mange negative faktorar og tapte illusjonar, ikkje minst etter siste valet, er det noko grunnleggjande vitalt ved det senegalesiske samfunnet. Gleda over å få på plass nye politiske konstellasjonar etter eit demokratisk og fritt val, var reell. Landet er også eit av dei få i Afrika som har greidd å kontrollera hiv/aids-epidemien.

Utfordringane til Senegal er å gjera seg mindre avhengig av internasjonale donorar, å gjera landet mindre avhengig av Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet, og å styrkja eit utdanningssystem som kan fanga opp dei mange frustrerte unge som drøymer om Amerika.


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe