Afrika.no Meny

Landprofil 2012-2013

Mauritius

Republikken Mauritius er ein liten øystat i Det indiske havet med rundt 1,3 millionar innbyggarar. Mauritius har lenge skåra høgt på såvel økonomiske som politiske indikatorar. Høg økonomisk vekst, godt styresett og politisk stabilitet har gjort øystaten til eit føregangsland i Afrika. Samtidig er landet også eit skatteparadis og har fått eit kritisk søkelys på seg for det.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Den største utfordringa for Mauritius framover ligg i økonomien. Landet er svært sårbart for endringar i verdsøkonomien og har slitt med verknaden av global finans- og eurokrise. Dei viktigaste økonomiske samarbeidspartnarane finn vi i EU (særleg England og Frankrike) og i USA, men nye stormakter, med Kina, India og Sør-Afrika i spissen, blir stadig viktigare.

Mauritius har eit parlamentarisk styresett der ulike politiske parti konkurrerer om veljartilslutning ved regelmessige val. Parlamentet vel presidenten som i sin tur utnemner ein statsminister og ei regjering. Sidan sjølvstendet frå kolonimakta England i 1968 har landet vore politisk dominert av det mauritiske arbeidarpartiet. Dei har regjert i dei fleste periodane – åleine eller i koalisjon med andre parti. Dei politiske skiljelinene mellom partia har likevel alltid vore flytande og alliansemønstra skiftande. Personlege relasjonar mellom førande politiske leiarar synest ofte viktigare enn politisk plattform.

Regjeringskoalisjonen som nå styrer med arbeidarpartiet i spissen har knapt fleirtal i parlamentet og opposisjonen har blitt meir styrka og samla i kjølvatnet av nye problem i økonomien. Ved lokalvala i desember 2012 mista regjeringskoalisjonen mye støtte og opposisjonsalliansen fekk fleirtal i hovudstaden og andre viktige byar.

Hinduer største folkegruppe
Mauritius har også ei etnisk samansett befolkning – kvite, kinesarar, hinduar, kreolar og muslimar. Befolkninga er etterkommarar etter ei rekke ulike folkegrupper frå Afrika og Asia og frå europeiske kolonimakter som har busett seg der sidan 1600-talet. Mauritius var ubudd da hollendarane først erobra øygruppa i 1598. Dei drog i 1710, og Frankrike okkuperte på nytt frå 1715 før England erobra området i 1810 under Napoleonskrigane.

I dag er den største og politisk dominerande folkegruppa hinduane, som utgjer eit knapt fleirtal av befolkninga. Mauritius er det einaste landet i Afrika der hinduane utgjer fleirtalet. Dei er etterkommarar av indiske kontraktarbeidarar som blei henta til arbeid på dei europeisk-eigde sukkerplantasjane. Den nest største er kreolane, som etterkommarar etter slavar henta frå det afrikanske fastlandet og Madagaskar, men også med islett frå indisk så vel som fransk og anna europeisk innvandring. Kristne utgjer rundt 30 prosent og muslimane rundt 17 prosent av befolkninga.

Fleirtalet i parlament og regjering er også hinduar. Stor vekt blir lagt på å sikre at dei ulike folkegruppene er representert. Valsystemet gir i dag valkommisjonen høve til å utnemne enkelte medlemmar av parlamentet for å sikre representasjon for underrepresenterte etnisk-religiøse grupper. Ein pågåande debatt om revisjon av vallov og konstitusjonelle endringar har skapt politisk strid. Blant anna har forslag om innføring av eit valsystem basert på proporsjonalitet ført til uro for at dette vil kunne svekke ordninga ein nå har med direkte utnemning av representantar for minoritetar.

Mauritius skårar svært høgt på ulike indikatorar på styresett. Såleis gir den omfattande Mo Ibrahim-indeksen ein klar førsteplass til Mauritius blant dei 53 afrikanske landa som er vurdert i dei årlege rangeringane. Denne indeksen viser også ein jamn framgang i styresett-kvaliteten for landet sidan 2006. Mauritius skårar høgt på alle sider som blir målt. Best er dei på området sikkerhet og rettsvesen. Lågast er dei på kjønnsrelasjonar, der eit fåtal afrikanske land er rangert framfor dei.

Økonomi
Mauritius har hatt ein sterk økonomisk vekst basert på fire hovudpillarar – sukker, tekstilar, turisme og finans. Dette er sektorar som er sårbare for globale endringar. Mauritius har også vore sterkt påverka av europeisk økonomi – her er den viktigaste eksportmarknaden og her kjem dei fleste turistane frå. Finans- og eurokrisa har ramma Mauritius hardt.

Mauritius er dessutan eit viktig skatteparadis, og dette forklarer den sterke finansnæringa i landet. Mauritius si rolle som gjennomstrømmingsland for kapital er svært omfattande, særlig sett i forhold til størrelsen på økonomien. Skattereglane på Mauritius fører også til at denne gjennomstrømminga genererer lite skatt i landet. Ein reknar også med at dei kinesiske og indiske investeringane i Afrika i stor grad er kanalisert gjennom skatteparadis som Mauritius.

Mauritius tilhøyrar gruppa av øvre middelinntektsland og har relativt liten del av befolkninga i fattigdom samanlikna med andre afrikanske land (under 10 prosent). Under ein prosent av befolkninga lev i dag i ekstrem fattigdom.Mauritius er blant dei få afrikanske landa som kan nå dei fleste av tusenårsmåla til FN. Det er det afrikanske landet sør for Sahara som skårar høgast på FN sin indeks for menneskeleg utvikling.

Økonomiske skiljeliner følgjer også i ein viss grad etniske skilje. Etterkommarane av franske plantasjeeigarar – som kanskje berre utgjer rundt 2 prosent av befolkninga – kontrollerer store delar av økonomien, mens kreolane er overrepresentert blant dei fattigaste. Utviklinga framover dreier seg i stor grad om å gjere seg mindre økonomisk sårbare ved å skape seg eit økonomisk fotfeste som eit regionalt senter i det sørlege og austlege Afrika for informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Styremaktene prioriterer også den vidare utviklinga av særleg fiskeri- og turistsektoren.

Det er dessutan viktig for Mauritius å knytte tettare band til nye framveksande økonomiar. Både India og Kina er viktige her som marknad for eksport og kjelde for investeringar. Kina har tatt til å bygge ut ei økonomisk utviklingssone i landet som er tenkt som sentrum for å tiltrekke seg kapital og teknologi innan tenesteyting og informasjon. Skal Mauritius lukkast med den økonomiske omstillinga vil det også vere viktig med investeringar i utdanningsvesenet og i infrastruktur.

Internasjonale tilhøve
Mauritius er medlem av Samveldet, men har også eit politisk anstrengande forhold til England som følgje av striden rundt øygruppa Chago som ligg rundt 1000 km nordaust. Den hørte til Mauritius, men blei skilt ut før landet fekk sjølvstende og er fortsatt under britisk styre. Alle innbyggarane blei forvist til Mauritius på 1970-talet og dei som bur der i dag er alle knytt til den amerikanske militærbasen Diego Garcia, som er lokalisert til den største av Chago-øyane. USA leiger denne strategisk viktige basen frå England. Mauritius gjer krav på øygruppa og på at dei som er drive i eksil skal få høve til å vende tilbake.

Mauritius er eit aktivt medlem av fleire regionale samarbeidsorganisasjonar, slik som Den afrikanske unionen, Kommisjonen for det indiske havet (IOC), og samarbeidsorganisasjonane for det sørlege Afrika (SADC) og det austlege og sørlege Afrika (COMESA). Mauritius har særleg markert seg i arbeidet med å få på plass felles indre marknadar.


Andre landprofiler:
2014-2015, 2010-2011, 2008-2009, 2002-2003, 2000-2001
Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe