Afrika.no Meny

Landprofil 2010-2011

Malawi

Kraftig økonomisk vekst og auka matproduksjon har kjenneteikna Malawi dei siste åra, men framleis er landet blant dei fattigaste i verda. Bingu wa Mutharika vart attvald som president med stort fleirtal i 2009, og med to tredels fleirtal for partiet hans i nasjonalforsamlinga dominerer han malawisk politikk fullstendig. Styret har blitt stadig meir autoritært etter valet, noko som kan setje grenser for den frie pressa og det sivile samfunnet.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Afrika
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Valet i mai 2009 endra det partipolitiske bildet i Malawi sterkt. President Bingu wa Mutharika  stilte nå for Democratic Progressive Party (DPP), det partiet han skipa etter brotet med det gamle regjeringspartiet United Democratic Front (UDF), som han representerte då han vart vald til president i 2004. Leiaren for UDF, Bakili Muluzi, som var president frå demokratiet vart innført i 1994, vart nekta å stille på nytt. Mutharika vann ein overlegen siger over leiaren for Malawi Congress Party (MCP), John Tembo. 

Ved parlamentsvalet fekk DPP to tredels fleirtal med 137 mandat. MCP vart redusert til ein tredel med 25 mandat, og UDF vart sitjande att med berre 15 medlemmer i nasjonalforsamlinga. Kvinnerepresentasjonen i parlamentet auka frå 13 til 22 prosent, noko som er ganske oppsiktsvekkjande i eit system med einmannskrinsar der kandidatane blir nominerte gjennom primærval.  

Det er ikkje store politiske skilnader mellom dei politiske partia. DPP kan seiast å ha vendt tilbake til meir orden og styring enn det som var tilfelle under UDF-styret, og har også ein meir aktiv statleg økonomisk politikk. Mykje av bakgrunnen for presidentens valsiger var den  vellykka landbrukspolitikken og tydelege teikn på meir orden, slik som at gateseljarane vart fjerna og trafikkontrollen styrkt. Særleg etter den store valsigeren har Mutharika stått fram som stadig meir autoritær, og har brukt fleirtalet i parlamentet til å gi meir makt til presidenten og styrke politiet sin rett til å kontrollere befolkninga. I januar 2010 vart han vald til president for Den afrikanske unionen (AU). 

Mykje kan tyde på at to av dei eldre leiarane som har prega landet dei siste tjue åra nå er på veg ut av malawisk politikk. Muluzi har vore under etterforsking for korrupsjon og er heller ikkje frisk, og er blitt erstatta midlertidig som partileiar. John Tembo, som er fødd i 1932, møter stadig sterkare opposisjon i MCP, som var det einaste lovlege partiet under Hasting Bandas diktatur.   

Økonomiske forhold
Malawi er framleis eit av dei fattigaste landa i verda, men dei siste åra har den økonomiske veksten i landet  vore på 7–8 prosent i året. Likevel vil den økonomiske krisa slå sterkt ut etter kvart, særleg gjennom prisfall på tobakk, te, kaffi og bomull, som er dei viktigaste eksportartiklane. Dessutan reknar ein med at ein del av bistanden vil bli redusert. 

Makroøkonomisk har regjeringa lykkast. Utgiftene er under kontroll, inflasjonen er under 10 prosent, og landet har fått ettergitt det meste av den internasjonale skulda. Mutharika har vore mindre ramma av korrupsjonsklager enn sin forgjengar. Den største bragda hans var å leggje om landbrukspolitikken og innføre storstilte subsidiar på gjødning og såkorn. Denne politikken har – kombinert med godt regn dei siste åra – gjort Malawi om frå nødhjelpsmottakar til eksportør av mais, og har gjort at landet nå blir oppfatta internasjonalt  som ei suksesshistorie når det gjeld produksjon av mat. 

Økonomien er sterkt avhengig av landbruket, og tobakk dominerer eksporten. Utvinning av uran er begynt nord i landet, og det australsk-eigde gruveselskapet er den nest største skatteytaren i landet. Malawi har ein lang historie med mislykka strukturtilpassingsprogram, men forholdet til Det internasjonale pengefondet (IMF) og Verdsbanken betra seg med Mutharikas nye politikk etter 2004. I 2009 og 2010 har dette forholdet blitt vanskelegare att som følgje av større underskott i statens budsjett. Givarane spelar ei stor rolle i landet. Malawi har vore norsk samarbeidsland sidan 1998.

Sosiale forhold
Malawi er eit av dei fattigaste landa i Afrika. Ein reknar med at prosentdelen av fattige i landet gjekk ned frå 50 i den siste levekårundersøkinga i 2005 til 40 prosent i 2008. Om lag  95 prosent av barna får skolegang, men berre 55 prosent fullfører grunnskolen. Om lag like mange jenter som gutar går i skulen. Framleis er 35 prosent av vaksne kvinner analfabetar, mot 21 prosent av menn. Helsetenestene er utbygde over heile landet, men over halvparten av stillingane i helsevesenet står tomme på grunn av mangel på kvalifisert personell. Om lag 12 prosent av befolkninga mellom 15 og 49 er hiv-positive. Elles er malaria og tuberkulose utbreidde sjukdommar. Frå slutten av 1990-åra har talet på barn som døyr før dei er fem år gamle gått klart ned, frå over 180 til 111 per tusen i 2007. To tredelar av hiv-smitta som treng det får nå tilbod om ARV-behandling, noko som har vakt internasjonal oppsikt. 

Fattigdom i Malawi er for ein stor del eit resultat av mangel på naturressursar, låg produktivitet i jordbruket og eit dårleg utdanningsnivå. I tillegg ligg landet slik til at transportkostnadene inn og ut av landet er svært høge. Gini-koeffisienten, som måler fordeling av inntekt, er på 0,39, noko som ikkje er spesielt høgt for eit utviklingsland. Kvinners inntekter utgjer om lag 73 prosent av menns inntekter, ein relativt liten forskjell. 

Samfunnsliv
I Malawi er ulike kyrkjesamfunn dei viktigaste aktørane i det sivile samfunnet, og dei har spela ei avgjerande rolle i kritiske stunder for demokratiet. Frivillige organisasjonar er oftast urbant baserte og avhengige av bistand. Fagforeiningane er svake og har dels vore prega av indre splid. Den sterke rolla presidenten nå har fått kan ha gjort det vanskelegare for organisasjonane i det sivile samfunnet å påverke politikken i landet.  

Dei mest omfattande brota på menneskerettane skjer i tilknyting til det ineffektive rettsvesenet, til politiets behandling av fangar og til forholda i fengsla. Vald og overgrep mot kvinner og barn er også eit stort problem. Det siste året representerer også eit tilbakeslag for ein gryande kamp for homofile sine rettar, ved at to menn som forlova seg offentleg blei fengsla.  

Domstolane er uavhengige, har ikkje latt seg bruke politisk og har tidlegare spela ei viktig rolle i å avgrense presidentens makt. Hæren har ikkje blanda seg inn i politiske forhold sidan overgangen til demokrati i 1994, då dei knuste Bandas brutale ungdomsfylking. Dagspressa er i stor grad fri, men opplever saman med frivillige organisasjonar at vilkåra for kva som kan skrivast og seiast er blitt trongare den siste tida.  

Malawi er eit av dei minst urbaniserte landa i Afrika. Om lag 20 prosent bur i byar. Samstundes aukar urbaniseringa med seks prosent i året, som er nesten dobbelt så raskt som gjennomsnittet for Afrika.  

Landfakta:

Areal: 118 484 km2 (36. størst)

Folketall: 15 millioner

Befolkningstetthet: 125 per km2

Urban befolkning: 18 prosent

Største by: Lilongwe - 732 000

BNP per innbygger: 278 USD

Økonomisk vekst: 7,4 prosent

HDI-plassering: 160


Andre landprofiler:
2008-2009, 2002-2003, 2000-2001

Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Siste oppdatering av bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2021. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.