Afrika.no Meny

Landprofil 2012-2013

Libya

Opprøret mot Muammar Gaddafi tok til 15. februar 2011, med demonstrasjonar i byen Bayda i aust. Det spreidde seg raskt både vest og aust i landet, men mest i Benghazi, den viktigaste byen aust i Libya. Regimet svarte med å sette inn soldatar. Det er uklare tal på kor mange som mista livet, men rundt 300 kan ha blitt drepne i løpet av dei tre første dagane, mens demonstrasjonane i hovudsak var uvæpna, som i nabolanda Tunisia og Egypt.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Frå rundt den 20. februar endra dette seg. Deserterte soldatar og demonstrantar braut seg inn i våpenlager i og rundt Benghazi og gjekk til angrep på og brente ned militærbrakkar i byen. Dermed tok konflikten raskt karakter av væpna opprør. I fleire av dei større byane sette regimet inn kraftigare skyts mot dei som protesterte, ubekrefta meldingar hevda at det vart skote frå helikopter mot folkemassane. Trass i dette spreidde protestbølgja seg. I store delar av landet fall statsapparatet saman, soldatar og politi deserterte eller berre forsvann. På kort tid hadde opprørarane, ofte utan noen eigen innsats, fått kontroll over mange byar.

Etter eit par veker hadde regimestyrkane klart å konsolidere seg og begynt gjenerobringa. Midt i mars var situasjonen at berre to område vest i Libya, kystbyen Misrata og fjellområdet Jabal Nafusa, var på opprøraranes hender. Men heile den austlige delen av Libya, Cyrenaica, vart verande under deira kontroll.

Da regimesoldatar likevel begynte å nærme seg Benghazi utan at opprørarane klarte å stanse dei, greip FNs sikkerheitsråd inn og autoriserte militære tiltak for å beskytte sivile. Ein omfattande luftkrig frå NATO og allierte tok til mot Gaddafi-regimets styrkar og installasjonar. Regimestyrkane vart pressa tilbake, men opprørarane på bakken klarte ikkje å nytte denne støtta til å komme seg ut av Cyrenaica. På sommaren vart krigen derfor i stor grad til ein stillingskrig langs grensa mellom dei to landsdelane.

Først på seinsommaren fekk to opprørsområde i vest, Misrata og Nafusa-fjella, kontakt med omverda. Det gav dei allierte muligheit til å føre inn forsyningar, våpen og opplæringskrefter. Dette løyste opp stillingskrigen, ein rask offensiv frå Nafusa-fjella erobra Tripoli berre på noen dagar i august. Etter det mista det gamle regimet raskt fotfestet. Da dei siste lojale områda rundt byen Sirte fall i oktober, vart Gaddafi fanga og drepen, og opprørarane hadde kontroll over landet.

Overgangsrådet
Det var likevel uklart kven som nå skulle styre. Opprøret hadde frå tidlig av vore formelt leia av eit Nasjonalt overgangsråd (NTC) etablert av leiande personar i Benghazi. Dei hevda å ha representantar frå alle opprørsgrupper, og vart anerkjent i ei rekke vestlige hovudstader som representant for det libyske folket. Men i realiteten var dei ulike opprørsbyane styrt av ganske sjølvstendige lokale råd og grupper. Sjølv om dei formelt erkjente NTC som samlande organ, var det meir symbolsk enn reelt i dei fleste tilfella.

Fare for fragmentering
Frykta for fragmentering ligg i Libyas korte historie. Før kolonimakta Italia invaderte i 1911 var området to skilte provinsar, Tripolitania i vest og det tynt befolka Cyrenaica i aust. Også kampen mot italienarane førte dei kvar for seg, med størst suksess i aust. Da Libya vart fritt i 1951, var det derfor beduinane i aust som vart det dominerande aristokratiet i landet. Av den grunn diskriminerte Gaddafi mot denne regionen da han avsette kongen i 1969. Det har slik aldri vore noe sterkt samlande fokus for dei to regionane, som skil seg både i folkesetnad og ved at ein flik av Sahara deler dei geografisk.

Men også i vest har det historisk vore store skilje og motsetnader mellom dei byane og områda som nå har kvar sin sjølvstendige milits. Tripoli er langt den største byen, men er politisk svekka av bandet til Gaddafi-styret, og vi fann dei same motsetningane mellom dei ulike andre byane i Tripolitania for hundre år sidan som i dag. Dette har gitt grunn for uro over om Libya vil klare å finne saman til eit nasjonalt fellesskap.

Det er også blitt uttrykt uro over mangel på kontroll med militsane og andre libyarars sjølvtekt overfor slike som vart skulda for å ha støtta Gaddafi. Grunnlaget for slike overgrep kan i mange tilfelle berre vere stammebakgrunn, byen ein kjem frå, eller hudfargen. I tillegg til det store talet på afrikanske framandarbeidarar, der mange vart skulda for å vere leigesoldatar, vart det rapportert om rasistiske angrep på libyarar av svart hudfarge, resultat av Libyas mangehundreårige kontakt over Sahara.

Problemet er altså at den nye sentralregjeringa utgått av NTC er så svak. I staden for å gi ein felles struktur å samle seg rundt, prøver dei å finne mellomløysingar mellom dei sterkaste av militsgruppene, men utan å ha kraft til å skaffe seg autoritet over dei. Militsane følgjer derfor regjeringa berre i den grad dei finn det tenleg. I juli 2012 vart det halde eit første parlamentsval. Både sekulære, nasjonalistiske og moderate islamistiske parti stilte opp, men dei fleste setane vart vunne av enkeltpersonar med regional og personlig støtte, utan noen klar ideologisk tilknytting. Etter fleire mislykka forsøk vart eit mellombels regjering vald, etter forhandlingar mellom ulike grupper.

Utover sommaren og hausten 2012 gjorde også nye, meir radikale salafistiske islamist-grupper seg gjeldande, ikkje minst med angrep på minnesmerke over islamske helgenar salafistane rekna som ”folkelig overtru” og uislamske. Mest dramatisk var eit angrep på den amerikanske konsulatet i Benghazi i september 2012, der ambassadøren vart drepen. Den gruppa som fekk skulda for den hendinga vart jaga frå byen av opprørte borgarar som uttrykte støtte til USA for bidraget i krigen, og gruppa vart seinare oppløyst i Libya.

Olje
Ein positiv faktor er at Libyas store rikdom, oljeindustrien, har komme relativt uskadd gjennom krigen. Produksjonen kom raskt opp att, og Libya har forholdsvis store ressursar å dra på, sjølv om økonomisk nedgang var ein av utløysarane til konflikten. Det som er uavklart på grunn av den uklare politiske situasjonen er kva politikk det nye styret vil føre. Gaddafi-styret sløste bort mye av overskuddet i personlig luksus og utanrikspolitiske eventyr, men brukte også store midlar til offentlige formål og tiltak som kom store delar av befolkninga til gode. Det står att å sjå om det nye styret vil halde fram ein slik “sosialistisk” eller samfunnsmessig oljepolitikk eller ikkje.

Libya står i 2013 derfor framfor store utfordringar, men har også økonomiske ressursar til å løyse dei. Problema er først og fremst politiske, arbeidet med å skape eit politisk fellesskap og ein stat borgarane i heile landet kan ha tiltru til står ennå att. I løpet av 2013 skal det utarbeidas ny grunnlov, før nye val blir haldne.


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe