Afrika.no Meny

Landprofil 2008-2009

Libya

No som Libya har kome inn i varmen hos vestlege land, vender oberst Kadhafi seg mot Den afrikanske union. Revolusjonen ser ut til å vere på hell.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Den 1. september 1968 tok ei gruppe libyske offiserar leia av Muammar Kadhafi makta i eit blodlaust militært statskupp. Dermed vart det slutt på Libya sitt monarki, statsforma som hadde vore gjeldande sidan staten oppstod i 1952. Kadhafi utvikla sin eigen grøne revolusjon på 1970-talet. I den grøne boka hans stod prinsippa for /k/Den tredje universelle teori,/k/ som skulle ligge til grunn for ei unik styringsform og ei radikal internasjonal rolle.

All makt hos Kadhafi
Det libyske politiske systemet utgjev seg for å vere eit direkte demokrati. Innbyggjarane er engasjerte i komitear, medan den reelle makta i hovudsak ligg i hendene på revolusjonære. Oberst Kadhafi har ingen formell posisjon, men som leiar av den libyske revolusjonen er han i realiteten allmektig. Makta i det libyske regimet svingar mellom revolusjonære og meir liberalt innstilte. Dei revolusjonære kjem i hovudsak frå uoffisielle revolusjonære organ, medan dei meir liberale høyrer til i statsapparatet. Dei revolusjonære søkjer å bevare revolusjonen. Dei liberale arbeider for å liberalisere økonomien og opnar for meir kontakt med Vesten. Begge fløyer har ei felles interesse: å bevare regimet og dermed sin eigen posisjon.

Libya sine oljeressursar gjorde at landet raskt gjekk frå å vere eit av verdas fattigaste land til å bli ein rik oljestat. Oljeførekomsten har finansiert ein høg levestandard samanlikna med andre nordafrikanske land, og ei rekke prestisjeprosjekt innanriks og utanriks. Libya forbetra relasjonane med Vesten i 2003, då dei avvikla sine forsøk på å utvikle masseøydeleggingsvåpen.  Sidan har utanlandske selskap flokka seg til hovudstaden Tripoli for å utvinne og utvikle olje og gass. Men dei økonomiske goda som oljeøkonomien har ført med seg, er ujamt fordelt sosialt og geografisk.

Inn i varmen hos Vesten
Libya sto på USA si liste over land som støttar terror fram til mai 2006. Relasjonen til dei europeiske landa har blitt dramatisk betra. Samstundes viser Libya stadig tydelegare at dei ser si geopolitiske tilknyting til Afrika, framfor til Europa og middelhavslanda. Tidlegare viste regimet interesse for Middelhavsunionen, som skal knyte tettare band mellom land i middelhavsområdet. Libya har berre observatørstatus, og har i seinare tid markert avstand til prosjektet. Kadhafi har kalla samarbeidsprosjektet for eit europeisk imperialistisk prosjekt. Skepsisen står i kontrast til den veksande interessa han viser for å styrke Den afrikanske union (AU). Kadhafi blir stadig meir ivrig etter å spele ei sentral rolle på det afrikanske kontinentet. Etter at Libya for alvor har blitt teke inn i varmen i Vesten, nyttar han altså moglegheita til å signalisere at landet er uavhengig.

Kadhafi sitt revolusjonære prosjekt førte til radikal omlegging av libysk politikk, økonomi og statlege institusjonar på 1980-talet. Han gjennomførte ei sosialistisk sentralisering av økonomien, kombinert med ei nedbygging av statlege institusjonar. Dei store økonomiske konsekvensane av dette førte til at revolusjonen vart dempa ned på slutten av 1980-talet. Samtidig starta ei forsiktig liberalisering av økonomien. Mange forventa at dette skulle føre med seg ei politisk liberalisering, noko som ikkje ser ut til å ha skjedd så langt. Men mange spør seg om det revolusjonære prosjektet er under avvikling. Medan lite tyder på at det vil kome store endringar i det libyske politiske systemet på kort sikt, ser det ut til at den radikale fasen av Kadhafi sitt politiske prosjekt er over.  Dette er særleg utanrikspolitikken eit teikn på.

Ei stormakt i Afrika
Libya har vore i konflikt med nesten alle nabolanda sine sidan 1969. Regimet har også støtta radikale leiarar og ikkje-statlege aktørar i konfliktar i fleire land på det afrikanske kontinentet. Samtidig har Afrika blitt ein stadig viktigare arena for Libya sine storpolitiske ambisjonar, der tilsynelatande nye mål og middel blir tekne i bruk.

Ved å etablere seg som ei stormakt i Afrika, vil Libya bli å rekne som ei stormakt også i verdssamanheng. I seinare år har Libya satsa systematisk på sitt engasjement på det afrikanske kontinentet og i utviklinga av AU. Til dømes har Kadhafi lagt til rette for humanitære hjelpeforsyningar og fredssamtalar. Det går ein raud tråd gjennom denne tilsynelatande heilomvendinga: ein ideologisk fundert motstand mot innblanding i afrikanske land utanfrå. Dette har Kadhafi vist mellom anna gjennom støtte til Zimbabwes president Robert Mugabe. Han har også kritisert vestlege tiltak mot den kontroversielle statsleiaren.

Mot slutten av 1990-talet kjølna Libya sitt forhold til Den arabiske ligaen, som er dei arabiske landa si politiske og økonomiske samanslutning. Grunnen var at regimet støtta opp om regionalisering i Afrika. Libya satsar stort på økonomisk støtte til enkeltland, samt på utviklinga av AU som ein regional aktør. Gjennom dette arbeidet har Libya fått nye allierte, som gav sårt tiltrengt støtte i perioden med isolasjon og sanksjonar. I tillegg har Libya si afrikanske satsing gjort landet til ein meir seriøs og konstruktiv internasjonal aktør. Dette står i sterk kontrast til korleis landet vart oppfatta for få år tilbake. Men forsøket på å utvikle ein afrikansk identitet støyter på motstand i den libyske befolkninga, noko som mellom anna har medført angrep på afrikanske framandarbeidarar i landet. Libya sitt afrikanske eventyr byr på ei velkjent utfordring: å finne balansen mellom eit utanrikspolitisk prestisjeprosjekt og innanrikspolitiske interesser.


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe