Afrika.no Meny

Landprofil 2012-2013

Lesotho

Fjellandet Lesotho er utan kystlinje og omgitt av Sør-Afrika på alle kantar. Landet blei sjølvstendig i 1966 og har vore styrt av det regjerande Lesotho Congress for Democracy (LCD) som har vunne alle val sidan 1998. Ved valet i 2012 fekk ein koalisjon av opposisjonspartia regjeringsmakta. Bak overflata er det likevel mye politisk uro og skuldingar om maktmisbruk og korrupsjon. Den regionale organisasjonen Samarbeidsorganisasjonen for det sørlege Afrika (SADC) har hatt ei viktig rolle som meklar og tilretteleggjar for ein skjør politisk stabilitet. Utviklinga i landet har vore sterkt prega av forholdet til den mektige naboen.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Lesotho er eit konstitusjonelt monarki der den utøvande makta ligg i hendene på ei regjering leia av ein statsminister med utspring i eit demokratisk vald parlament. Det regjerande partiet Lesotho Congress for Democracy (LCD), med Pakalitha Mosisili i spissen, fekk reint fleirtal ved parlamentsvala i 2007, 1998 og 2002. Etter valet i 2012 blir landet styrt av ein koalisjon. 12 politiske parti er representert i parlamentet.

Lesotho har eit komplisert valsystem. Det kombinerer proporsjonalitet, som sikrar alle parti over sperregrensa representasjon i parlamentet etter oppslutning, med eit system der kvart valdistrikt sender den representanten som fekk flest stemmer. Dette har bidratt til å sikre alle parti plass i parlamentet, men det har også truleg forsterka tendensen til fragmentering i ulike småparti. 18 parti stilte til val i 2012. Partia er gjennomgåande sentrert rundt enkeltpersonar, og dei har vore særmerkte av fraksjonar og talrike kløyvingar. Det er få ideologiske skiljelinjer mellom dei mange småpartia.

Også det regjerande LCD har vore gjennom mange fraksjonskampar. I dag er det heile fem parti som gjer krav på å representere partiet si sjel. I 2012 kulminerte dette med at den sittande statsministeren og LCD-leiaren Mosisili braut ut av partiet og starta sitt eige parti, Democratic Congress, som han gjekk til val med i mai 2012. Fleirtalet i parlamentsgruppa slo følgje med han. LCD blei skipa på tilsvarande vis i 1998 etter ei kløyving av det daverande regjeringspartiet Lesotho Congress Party.

Valet i 2012 blei gjennomført på fredeleg vis. Det nystarta Democratic Congress blei det største partiet, men mista det reine fleirtalet. Overraskande bestemte statsminister Mosisili seg for å gå av og heller la ein koalisjon av opposisjonsparti ta over. All Basotho Convention regjerer nå i ein koalisjon med Lesotho Congress Party og det mindre Basotho National Party. Dette regjeringsskiftet var det første fredelege maktskiftet i Lesotho si historie, men følgjene av skiftet skal ikkje overdrivast. Mange av dei sentrale personane i den nye regjeringa sat også i den førre regjeringa.

Alle parti aksepterte valresultatet i 2012. Ved alle tidlegare val har opposisjonen kritisert det vinnande regjeringspartiet for manipulasjon og fusk med valresultatet. Heilt sidan 1998 – da Sør-Afrika i samarbeid med Botswana invaderte Lesotho militært for å slå ned eit politisk opprør – har SADC hatt ei aktiv rolle som meklar i dei politiske konfliktane. Dei har fått på plass valordninga, bidrege til å bygge opp den statlege valkommisjonen, søkt å styre konfliktar inn i konstitusjonelle former og mekla fram løysingar mellom partia.

Både LCD og det nye Democratic Congress har si maktbase og oppslutning på landsbygda. I hovudstaden Maseru og i andre byar dominerer det som nå er blitt det største regjeringspartiet All Basotho Convention.

Økonomisk utvikling og sosial uro
Bak den politiske fragmenteringa og knivinga ligg òg ei ulmande sosial uro. Lesotho tilhører gruppa av ”minst utvikla land” og har ein svært omfattande fattigdom blant sine 2,2 millionar innbyggarar. Hiv/aids-epidemien er markant og ein reknar med at mest ein fjerdedel av den vaksne befolkninga (15-49 år) er smitta. Det er tredje høgast i verden. Forventa levealder er nå nede i 47 år. 58 prosent av befolkninga lev under fattigdomsgrensa på 1,5 dollar dagen. Lesotho kjem også spesielt dårleg ut når det gjeld helseindikatorane for mødrer og nyfødde. Her har talet på døde gått sterkt opp det siste tiåret.

Lesotho har også vore sterkt råka av den globale økonomiske krisa, her under reduserte inntekter frå tollsamarbeidet med Sør-Afrika. Overføringa frå tollsamarbeidet blei halvert i 2011. Desse inntektene har tradisjonelt utgjort over halvparten av inntektene på statsbudsjettet. Dei vil ta seg noe opp i 2012, men vil generelt vere mye mindre i åra framover. Utviklingshjelp til Lesotho er òg blitt mindre dei siste åra.

Tekstilindustrien er den største arbeidsgivaren i Lesotho. I dag er rundt 40 000 sysselsette i rundt 40 fabrikkar. Det er i stor grad asiatiske investorar som står bak denne industrien. Produksjonen og sysselsettinga går jamt nedover og utsiktene er mørke dersom omstilling til produksjon for andre marknader ikkje blir gjennomført. Det er og eit lite potensial for nisjeproduksjon for den regionale marknaden. Gruveindustrien, særskilt diamantutvinning, er ei anna viktig inntektskjelde med gode vekstutsikter, men låg sysselsetting.

Lesotho har også store inntekter frå eksport av vatn til Sør-Afrika. Sør-Afrika har finansiert nær ein milliard dollar i den pågåande utbygginga av Lesotho Highlands Water Scheme (fase 2). Dette gir på kort sikt stor vekst i bygg- og anleggsektoren og på lengre sikt nye og store inntekter. Turisme er også prioritert av styresmaktene, men dette har gitt lite av seg.

Lesotho og Sør-Afrika
Historisk har økonomien og levekåra i Lesotho vore intimt knytt til inntekter frå migrantarbeid i Sør-Afrika, særleg innan gruvesektoren. Framleis er det mange som er sysselsett der, men omfanget har blitt jamt redusert sidan tidleg på 1990-talet. Ein reknar likevel med at rundt 250 000 borgarar av Lesotho bur i Sør-Afrika. Det er kanskje fleire som har lønnsinntekt i Sør-Afrika enn i Lesotho!

Den mektige naboen legg store deler av rammevilkåra for utvikling og fattigdomsreduksjon i Lesotho. Dei politiske relasjonane til Sør-Afrika har da også vore svært tette, men i det siste har det òg vore mye uro og harme frå Lesotho si side. Dette blei utløyst ved at Sør-Afrika innførte strammare grensekontroll i 2010. For å få bukt med aukande kvegtjuveri, narkotikasmugling og ulovleg innvandring er nå sørafrikanske soldatar utplassert for å patruljere grensene. Nye gjerder skal òg på plass. Samtidig har den felles samarbeidskommisjonen mellom dei to landa knapt fungert dei siste åra. Dette har skapt mye frustrasjon både på politisk hald i Lesotho og blant den vanlege innbyggar som må bruke stadig meir tid på grensepasseringar.


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe