Afrika.no Meny

Landprofil 2006-2007

Lesotho

Det fattige fjellandet Lesotho – omgitt av Sør-Afrika på alle kantar – har vore herja av politisk uro og konflikt i kjølvatnet av mest kvart einaste val sidan sjølvstende frå kolonimakta England i 1966. Parlamentsvalet i 2002 markerte overgang til politisk stabilisering og ro i landet. Utfordringane står likevel i kø.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Lesotho er eit konstitusjonelt monarki, men makta til kongen er likevel sterkt avgrensa. Den utøvande makta ligg i hendene på ei regjering leia av ein statsminister med utspring i eit demokratisk vald parlament. Det siste parlamentsvalet fann stad i mai 2002. Her fekk det regjerande Lesotho Congress for Democracy (LCD) reint fleirtal for andre gong (dei vann også det førre valet i 1998), men denne gongen fekk resultatet allmenn tilslutning og markerte starten på ei periode med politisk stabilisering i det vesle fjellandet.
    
Ein større reform i valordninga – der Sør-Afrika spelte ei viktig rolle som tilretteleggar – gir mye av forklaringa. Ved valet i 1998 fekk det nye LCD overraskande 65 prosent av røystene og 78 av dei 80 representantane i parlamentet. Det utløyste eit politisk opprør der den politiske opposisjonen med tette band til dei militære anklaga LCD for omfattande valfusk. Tilslutt gjekk Sør-Afrika i samarbeid Botswana til ein dårleg planlagt militær intervensjon for å skape ro i landet.
    
Den militære intervensjonen førte likevel ei viss politisk ro i landet som igjen gjorde det mogleg å få på plass ei ny og meir rettferdig vallov. Ved valet i mai 2002 fekk LCD 55 prosent og eit fleirtal i parlamentet med 79 av 120 representantar. 9 opposisjonsparti delte dei 41 andre plassane. Det største, Basotho National Party, fekk 22 prosent av røystene og 21 representantar. Dette – saman med dyktig leiarskap frå statsminister Pakalitha Mosisili  – la grunnlaget for politisk stabilisering.

Første kommuneval
Ved det første kommunevalet i landet i april 2005 konsoliderte LCD maktposisjonen sin ytterlegare og fekk 76 prosent av representantane. Opposisjonspartia fekk 6 prosent mens 18 prosent av dei valde representantane var uavhengige.
    
Oppslutninga ved kommunevalet var likevel dårleg. Berre 30 prosent av dei registrerte veljarar og under 20 prosent i hovudstaden Maseru stemte og understreka at ein ser ein veksande apati blant veljarane. Dei politiske skiljelinjene mellom partia er også små og vanskelege å få auge på. Personlege rivalisering og fraksjonar bygd opp rundt dette er ofte eit meir framståande trekk ved den politiske kulturen i landet. 

Økonomi og utvikling
Lesotho tilhører gruppa av ”minst utvikla land” og har ein svært omfattande fattigdom blant sine 1,8 millionar innbyggarar. Hiv/aids-epidemien er markant og ein reknar med at mest 30 prosent av alle mellom 15 og 49 år er smitta (2004). I Maseru er omfanget av smitta vurdert til 40 prosent i denne gruppa. Det er rundt 70.000 foreldrelause barn som følgje av sjukdommen.
    
Historisk har økonomien og levekåra i Lesotho vore intimt knytt til inntekter frå migrantarbeid i Sør-Afrika, særleg innan gruvesektoren. Framleis er det mange som er sysselsett der, men omfanget har blitt jamt redusert sidan tidleg på 1990-talet. I 2005 var nærmare 50.000 arbeidarar frå Lesotho sysselsett i sørafrikansk gruveindustri.

Vatn og industri
Utbygging og eksport av vatn ressursar til Sør-Afrika blei ei viktig økonomisk drivkraft på 1990-talet. Gigantprosjektet Lesotho Highlands Water Project starta i 1986 som eit fellesprosjekt med Sør-Afrika. Utbygginga av desse ressursane i Lesotho skulle sørgje for eksport av vatn til Gauteng-provinsen i Sør-Afrika samtidig som Lesotho skulle få dekka energibehovet sitt. På sikt kan og Lesotho bli ein krafteksportør.
    
Dei siste åra har den mest dramatiske veksten vore knytt til industriproduksjon for eksport. Utanlandske selskap (hovudtynga frå Kina) har dei siste åra etablert seg i Lesotho for å produksjon av kler og konfeksjon til den amerikanske marknaden. Under den amerikanske African Growth and Opportunity Act (AGOA) fekk kler produsert i Lesotho toll og kvotefri tilgang til USA. I toppåret 2004 var heile 50.000 sysselsett i denne sektoren. Men eksporten sank dramatisk året etter og sysselsettinga var nede i rundt 35.000 ved utgangen av 2005. Dette hadde dels si årsak i den høge verdien på sørafrikanske rand som gjorde kostnadane høge, men framfor alt sprang det ut av opphøret av den internasjonale multi-fiber avtalen som la kvotebegrensingar på importen frå Kina. Med det blei produksjon i Lesotho mindre attraktivt for mange kinesiske selskap. Utover i 2006 har likevel sysselsettinga tatt seg vesentleg opp igjen, blant anna som følgje av ulike tiltak frå styresmaktene – skattefritak på alle eksportinntekter, gunstige lån til investeringar, med meir
    
Landbruket er likevel den sektoren som skaper eit utkomme for dei fleste. Truleg har over halvparten av arbeidsstyrken tilhald her, men dei fleste produserer ikkje for sal, berre til sjølvberging. Produksjonen har og vore jamt fallande og er samtidig svært sårbar for økologiske svingingar. Dårleg jordkvalitet, erosjon og eit klima som svingar frå tørke til ekstrem kulde har kraftig redusert landbruket si evne til å skape arbeid og inntekt. Hiv- og aids-epidemien har også dramatisk svekka mange hushald si evne til å brødfø seg sjølve gjennom sjølvbergingshushaldet.

Lesotho i det sørlege Afrika
Lesotho er tett integrert i det sørlege Afrika. Dei er omringa på alle kantar av ein mektig nabo, dei er i ein monetær union med Sør-Afrika, er med tollunionen med Sør-Afrika, Namibia, Botswana og Swaziland og er ein aktiv deltakar i det utviklingspolitiske samarbeidet i Southern African Development Community (SADC). Over 200.000 personar frå Lesotho er busett i Sør-Afrika. Det er truleg fleire som har lønnsinntekt i Sør-Afrika enn i Lesotho!
    
Dei politiske relasjonane til Sør-Afrika er og svært tette. Sør-Afrika har også spilt ei viktig rolle i å legge grunnlaget for politisk stabilisering i landet etter invasjonen i 1998. Sør-Afrika har også tatt mål av seg til å gi Lesotho dei nødvendige ressursar som kan skape ei betre økonomisk utvikling i landet og redusere fattigdommen. Det har til nå gitt mindre resultat og vil framleis vere den største utfordringa framover. 

*Elling N. Tjønneland er seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt.


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe