Afrika.no Meny

Landprofil 2002-2003

Lesotho

Parlamentsvalet i Lesotho i mai 2002 gav, meir enn noen gong sidan sjølvstendet i 1966, håp om utsikter til fred, demokrati og stabilitet. Det vesle fjellandet omgitt av Sør-Afrika på alle kantar har vore herja av politisk uro og konflikt i kjølvatnet av mest kvart einaste val. Situasjonen etter valet i 1998 kulminerte med militær innblanding frå Sør-Afrika og Botswana.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Regjeringspartiet Lesotho Congress Party (LCP) vann det omstridde 1998-valet med 65 prosent av stemmene. Valresultatet førte til omfattande uro og opprør. Opposisjonspartia hevda LCP sto for valfusk. LCP hadde heller ikkje kontroll over tryggingsstyrkane som hadde sterke band til opposisjonen. Til slutt bad dei om militær hjelp frå Sør-Afrika, som saman med Botswana gjekk til militæraksjon. Aksjonen var dårleg planlagt og enda katastrofalt med over hundre drepne og store øydeleggingar i hovudstaden Maseru og i mange andre byar.

 

Valet fire år seinare, i 2002, gav ny seier til LCP. Denne gongen fekk dei 55 prosent av røystene og 77 av dei 118 mandata i parlamentet. Denne gongen aksepterte opposisjonen resultatet. Basotho National Party (BNP), som regjerte frå sjølvstendet fram til 1986, fekk 21 prosent av røystene og 21 mandat. Lesotho People’s Congress (LPC), utbrytarar frå regjeringspartiet, fekk 5 prosent og 6 mandat. Det gamle regjeringspartiet Basutoland Congress Party (BCP), som i 1993 fekk 75 prosent og alle mandata, fekk denne gongen berre tre mandat.

 

LCP blei etablert i 1997 av BCP-leiaren etter at han mista kontroll over partiapparatet. Fire andre parti fekk til saman sju mandat.

 

 

Konstruktiv oppfølging

 

Den politiske stabiliteten etter valet har fleire årsaker. Viktig er haldningane til nabostatane, ikkje minst Sør-Afrika. Intervensjonen i 1998 var nok ein militær katastrofe og samtidig eit brot på folkeretten, men den politiske oppfølginga i etterkant var langt meir konstruktiv. Den regionale samarbeidsorganisasjonen SADC fekk gjennomslag for at valvinnaren, LCP, måtte få halde fram som regjeringsparti. Dette i bytte mot at alle partia skulle gå saman i ein Interim Political Authority, som skulle utarbeide ei ny vallov som kunne leggje grunnlag for eit raskt nytt val.

 

Den gamle valordninga var basert på prinsippet om at kvart valdistrikt skulle sende den representanten til parlamentet som fekk flest stemmer. Dette prinsippet førte til at regjeringspartiet i praksis fekk alle mandata med berre 50–60 prosent av stemmene. Etter mykje strid blei det semje mellom partia om at dette skulle kombinerast med partilister og val etter proporsjonalitetsprinsippet. 80 representantar skulle veljast etter det gamle fleirtalsprinsippet i valdistrikt, og 40 representantar skulle plukkast ut etter proporsjonalitetsprinsippet. Slik håpa ein å få eit system som sikra at vinnaren ikkje tok alt, og som også kunne sikra opposisjonen plass.

 

Valresultatet frå mai 2002 viste at dette var vellukka. Opposisjonspartia fekk sete i parlamentet. Grunnlaget synest lagt for at dei heretter vil arbeide innafor det politiske systemet, snarare enn å utfordre regjeringa utanfrå.

 

Samtidig skulle også Sør-Afrika bidra til å leggje grunnlaget til rette for ei betre sosial og økonomisk utvikling i det lutfattige Lesotho. Ein felles bilateral kommisjon er oppretta under leiing av utanriksministrane frå dei to landa. Ei rekke prosjekt er sett i gang på område som transport, landbruk og turisme/naturvern. Dei politiske relasjonane mellom Lesotho og Sør-Afrika er no svært tette.

 

 

Utanlandske investeringar

 

Det viktigaste området for økonomisk vekst er likevel industrisektoren. Her har Lesotho søkt å leggje grunnlaget for ein sterk ekspansjon av tekstilbransjen. Dei har utnytta tilgangen til den amerikanske marknaden som er opna med US Growth and Opportunity Act. Billig arbeidskraft har lokka til seg store investeringar frå særleg taiwanske investorar. Arbeidstilhøva i den ekspanderande tekstilbransjen er samtidig svært elendige, og har skapt grunnlag for ei aukande sosial uro.

 

Leiarskapen til LCP sidan 1998 må i denne samanheng også trekkjast fram. Regjeringa har vore flinke til å utnytte spelerommet dei fekk med dei politiske avtalane etter den militære intervensjonen. Dei har gjort store endringar i organiseringa av tryggingsstyrkane og sikra støtte herifrå. Dei har fullført ei større utbygging av vegnettet og gjort grunnskoleutdanninga gratis. Vidare har dei gjennomført ei høgprofilert rettssak mot ein framståande embetsmann tiltalt for omfattande korrupsjon i tilknyting til den gigantiske vasskraftutbygginga. Dei utanlandske investeringa som blei nemnt over, kjem i tillegg.

 

 

Mindre vald

 

Men kanskje endå viktigare: Perioden sidan 1998 har sett slutten på politisk vald. For første gong i nyare tid har det vore monaleg meir politisk fred og tryggleik i landet, sjølv om valden i tilknyting til kriminalitet har vore sterkt aukande. Kriminaliteten gjeld særleg kvegtjuveri og smugling over grensa.

 

Utfordringane står likevel i kø. Tørkekatastrofen frå april 2002 har vist kor sårbart landet er, og på nytt understreka at landet er ekstremt avhengig av Sør-Afrika. Den politiske kulturen er også i stor grad karakterisert av fraksjonar og personleg rivalisering, og i mindre grad av politiske skiljeliner mellom partia.

 

Den sterke posisjonen til regjeringspartiet kan bli svekt. Den største trusselen mot regjeringspartiet kjem ikkje frå opposisjonen, som er splitta og uorganisert, men snarare frå personleg kiving og strid innanfrå. Men samtidig er den politiske stabiliteten etter valet og utsiktene for fred, demokrati og tryggleik større enn nokon gong sidan sjølvstendet i 1966.

 

Elling N. Tjønneland.

 


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe