Afrika.no Meny

Landprofil 2000-2001

Kongo-Kinshasa

Dei fire siste åra har gjeve brutale endringar til over femti millionar menneske i Sentral-Afrika. I 1996 heitte landet deira Zaïre og presidenten Mobutu, men støtta hans utanfrå tørka inn. Byrjinga på slutten var uroa aust i landet, og 17.mai 1997 tok Laurent Kabila over som president. Sidan august 1998 har Kongo vore herja av krig, og mellom 1,5 og 2 millioner menneske har døydd, anten på krigsmarka eller av mangel på medisiner og mat.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Sidan folkemordet i Rwanda i 1994 har over ein million hutuar levd i eksil i aust-Kongo. Her har tutsi-grupper halde til i generasjonar, og spenningane mellom dei og flyktningane fekk i 1996 valdelege uttrykk. Mobutu ga dei beskjed om å forlate Kongo for godt.

Mange kongolesiske tutsiar hadde fått militær trening i Rwanda, og alt ein månad før dei blei utviste av Kongo var rwandiske styrker engasjerte i åtaka på hutu-leirane. Rwandas visepresident Paul Kagame, som hadde fått USA over frå Mobutus til si side, ville stanse hutu-militsen sine operasjonar mot Rwanda. Mobutus utsendingsordre ga han ein gyldig grunn. Kagame fekk følgje av sine kollegaer i Uganda og Angola, som også ville gjere slutt på hutuanes angrep frå baser i Zaïre.

Offensiven samla vidare styrker frå Burundi, Etiopia, Eritrea, kongolesiske tutsiar og andre lokale grupper mot Mobutu. Alliance des Forces Democratiques pour la Liberation de Congo-Zaïre (AFDL) blei danna, og Laurent Désiré Kabila blei sett til å føre AFDL vestover mot Kinshasa. Sjølv om Mobutu styrka hæren med hutu- og UNITA-troppar samt leigesoldatar frå Europa, Sør-Afrika, Marokko, Togo og Tsjad, klarte han ikkje å stanse frammarsjen. I mai 1997 flykta Mobutu, og Kabila tok over og døypte landet til den Demokratiske Republikken Kongo.

Kabila taper legitimitet

Etter krigen kravde Rwanda innflytelse som takk for hjelpa. Frå starten av blei sentrale posisjonar i Kabilas regime besatt av kongolesiske og rwandiske tutsiar, og i 1998 ga Kabila dei enda fleire ministerpostar. Han arresterte dei som prøvde å forsvare jorda kongolesiske tutsiar la slag på, men ga ikkje tutsiane tilbake statsborgarskapet.

Om Kabila bøygde av for eksternt press, slo han ned på intern motstand. Partipolitikk blei kriminalisert og politikarar arresterte, som opposisjonsleiaren Etienne Tshisekedi, Union pour la Democratie et le Progrés Social (UDPS).

Tshisekedi har hatt sterk støtte blant anna som leiar for nasjonalkonferansen, som sidan 1991 samla eit breidt utval parti og organisasjonar for å diskutere samfunnsendringar etter Mobutu. Under Kabila blei og blir denne prosessen effektivt blokkert.

Den nye statsleiaren blei spesielt kritisert da han sette kjepper i hjula for FN-delegasjonen som skulle undersøke massedrapa av hutuar i 1996-97. Presidenten, som hadde mykje å tape på at framferda til styrkene hans kom for dagen, lot ein FN-delegat bli arrestert og konfiskerte lista over vitne. Vidare blei ein av landets sentrale menneskerettsorganisasjonar forboden, og spelerommet til media og det sivile samfunnet snevra inn.

Ei lovande utvikling tok imidlertid til i oktober 1997, da Kabila sette ned eit utval som eit halvt år etter presenterte ein grunnlov til høyring i provinsane. I mai 1998 blei ei nasjonalforsamling med 300 medlemmer stifta, som skulle gjere grunnlovsforslaget klart til folkerøysting.

Landets første val var sett til april 1999. Men planen stranda da Kabilas forhold til Kagames blokk forverra seg. Mange kongolesarar såg den eksterne styringa som udemokratisk, og Rwanda såg no ut til å vurdere Kabila som eit hinder snarare enn ein reiskap for sine interesser. I mars 1998, samtidig med at presidenten i USA, Bill Clinton besøkte Rwanda og Uganda, deserterte mengder av kongolesiske tutsiar frå hæren. I juli beordra Kabila alle rwandiske soldatar ut av landet.

Afrika sin første kontinentale krig

Få dagar etter, den 2. august 1998, byrja ein ny invasjon frå aust. Kabilas utvising ga Rwanda og deira allierte igjen ei grunngjeving for å bevæpne tutsiar i Kongo og sende troppar vestover. Uroa blei presentert som eit internt opprør mot Kabila under nyetablerte Rassemblement Congolais pour la Démocratie (RCD), men det er dokumentert og seinare vedgått av Rwanda og Uganda at dei var med frå starten. Offensiven braut ut samtidig i fire byar i aust-Kongo, og to dager etter blei styrker flydd tvers over landet til det strategiske sørvest. Alt den 10. august klarte dei å blokkere sjøvegen inn til Kinshasa. Hovudstaden var utan olje, elektrisitet og vatten, og panikken spreidde seg.

I jakta på nye støttespelarar hadde Kabila byrja å rekruttere hutuar. Eksternt var framleis Angola villig til å assistere, for å knuse UNITA — som framleis opererte frå Kongo — og som no også kjempa mot Kabila. Utan Angolas hjelp hadde Kinshasa neppe halde stand. Også Zimbabwe og Namibia kom Kabila til unnsetning.

På nordfronten befesta Uganda stillinga gjennom alliansen med nykommaren Mouvement pour la Liberation de Congo (MLC), samt med ein avskalla fraksjon av RCD. Sudan, i motstand mot at Sudan People’s Liberation Army (SPLA) fekk angripe landet frå Uganda, involverte seg på Kabilas side. Ugandas president Yoweri Museveni meinte Sudan væpna hans motstandarar i Uganda, og Libyas diplomatiske forsøk på å presse Uganda ut av krigen var fånyttes.

Forhandlingar og kamphandlingar

Ikkje før i april 1999 kravde Tryggingsrådet i FN våpenkvile og tilbaketrekking av ’uinviterte’ framande styrker, og så langt har Zambia, Sør-Afrika og FN sine forsøk på å mekle ikkje gjort slutt på kampane. Lusaka-avtalen frå 1999 er broten utallige gonger, ikkje minst av Uganda og Rwanda som det siste året har vendt seg mot kvarandre (sjå regionsprofil for Sentral-Afrika).

På si side har Kabila avvist FN si utsending, og rekruttert stadig fleire hutu-soldatar frå Burundi. Hæren kjempar vidare, i aust mot RCD og i nord mot MLC og RCDs andre fraksjon; alle med sine baktroppar. Nær halve det territoriet Kabila tok over, er utanfor sentralmaktas kontroll.

Innanfor dei bestridte landegrensene har Kabila igjen tillate politiske parti, oppløyst AFDL og oppretta såkalla Folkemaktskomitear for å styrke legitimiteten. Men den nasjonale dialogen mellom styresmakter, opposisjon og sivilt samfunn er framleis forhindra, stikk i strid med Lusaka-avtalen. I staden har presidenten har nok ein gong omrokkert regjeringa, og handplukka 300 delegatar til eit nytt parlament. Det skal halde til i Kabilas heimebase; diamanthovudstaden Lubumbashi.

Krise og kreativitet

Mellom halvannan og to millionar menneske er estimert omkomne under krigen. Rundt 200.000 av desse er drepne i kamp, medan det store fleirtallet døyr av mangel på skikkeleg medisinsk behandling.

Det som eksisterte av offentleg helsevesen i Zaïre er brote saman under Kabila. Dei tjue prosenta av innbyggjarane som har tilgang til helsestell, møter sjukehus som er så dårleg utstyrte at epidemiar spreier seg sjølv der. Attpåtil får pasientane regningar dei færraste er i stand til å betale. Dei uverdige tilstandane har gitt tradisjonell medisin ein renessanse, med statens stilltiande samtykke.

I aust overlever berre seks av ti nyfødde sitt første leveår. Eksilhutuane i området har måtta tåle desperate forhold, og no returnerer FN dei til Rwanda. Samtidig har kampane i nordvest sett nye hundretusenar av menneske på flukt, denne gongen over elva til Kongo-Brazzaville. Den mest oppdaterte utdanningstatistikken er frå 1995, da halvparten av alle barn i skulealder var registrerte elevar. Drøyt femti tusen studentar var fordelt på Kongos fire universitet, og tre av fire vaksne kunne lese og skrive. Dette relativt høge alfabetiseringsnivået var oppnådd trass i at snaue ein prosent av statens utgifter gjekk til utdanning. Dei siste fire åra har neppe brakt noko betring, snarare forverring som fylgje av krig og ustabilitet.

Landets menneskelege ressursar blei synleggjort på filmfestivalen i Burkina Faso i 1999, der ein kongolesisk film nådde toppen. Pièces d’identité, av Mweze Ngangura, omhandlar kulturmøtet mellom Kongo og Belgia, og fekk fire prisar i tillegg til å bli kåra til beste film.

Kapitalens kamp om ressursane

Kongo er like stort som Vest-Europa. Landet er usedvanleg rikt på mineralar og dyrkbar jord, og ligg med sine elvevegar og ni naboland strategisk til på kontinentet.

Eksterne interesser har vore avgjerande for den økonomiske utviklinga heilt frå området blei konsolidert som stat. Framleis går over halvparten av eksporten til den tidlegare kolonimakta Belgia, der verdshandelen i diamantar idag har sitt sentrum. Kongos diamanteksport var i 1997 verd svimlande seks milliardar kroner. Totalverdien av landets øvrige salsvarer — hovudsakleg kobber, kobolt, kaffe og energiprodukt — var på same nivå.

Den astronomiske rikdommen, som kunne gitt folket eit eksemplarisk velferdssystem, blir idag brukt på ein konflikt som gjer dei fleste skadelidande. Forutan sjukdom og flukt må kongolesarane takle at prisane aukar med rekordfart, at lønningar uteblir og at jobbane forsvinn. I 1998 nådde prisstiginga 147 prosent, og to av tre vaksne var utan formelt arbeid.

To års krigføring seinare er mange bilvegar sett ut av spel, statsbedriftene går på under ein tredel av kapasiteten, og nasjonal produksjon har falt med heile åtti prosent. Meir enn nokonsinne er styresmaktene avhengige av eksportinntekter og av sine allierte.

Zimbabwe, som har overført store ressursar til krigen, har fått etablere 500 private selskap som særleg opererer innan mineralutvinning. Kabilas regjering har også invitert belgisk kapital tilbake, som no får importere diamantar verd titusenvis av millionar til Antwerpen.

I okkuperte område prøver dei eksternt støtta militsane å skattleggje mineralane på veg frå gruvene til utlandet. Sidan det er vanskeleg for operatørane å unngå mellomledda, er diamanthandelen med på å skaffe også desse troppene store inntekter.

Det er likevel usikkert i kva grad handelen med edelsteinar vil kunne smøre dei krigførande partane framover. Eitt av verdas største diamantselskap, sørafrikanske DeBeers, bestemte seg nyleg for å slutte å kjøpe inn dei diamantane som blir utvunne i krigsområdet. Det gjenstår å sjå om salet av diamantar frå nettopp Kongo vil falle så sterkt at partane blir nødt til å finne ei politisk løysing.

Kan FN skape fred?

Ifølgje Lusaka-avtalen skal ein FN-styrke på 500 militære observatørar og 5.000 soldatar sørge for at fredsplanen blir gjennomført. Observatørar er på plass, men sjølv om Kabila har garantert trygg og fri ferdsel for troppane, og Sør-Afrika og Nigeria har soldatar klare, stiller FN seg nølande. Verdsorganisasjonen ser helst at dei andre utanlandske styrkene trekk seg ut før operasjonen tar til. For at FN ikkje skal bli ein deltakar i krigen, må den først ta slutt.

Men Zimbabwes president Mugabe vil ikkje trekkje sine 11.000 soldatar ut før FN sine er inne. Kabila sjølv ønskjer å kansellere heile Lusaka-avtalen, inkludert FN-styrken, til fordel for nye samtalar med Rwanda, Uganda og Burundi.

Hausten 2000 gjekk kongolesiske studentar til åtak på FN-kontoret i protest mot utilstrekkeleg handling i forhold til striden nettopp Rwanda og Uganda utkjempa i nordaust. Tryggingsrådet kravde berre at landa betalte for skadene dei hadde påført.

Sør-Afrika presser no på for å gi FN-styrken mandat til ikkje berre å bevare, men også å opprette fred. Spørsmålet er om FN har ressursane, metodane og nøytraliteten som skal til for å skape fred i den mest vidtrekkjande og komplekse konflikten i dagens Afrika.


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe