Afrika.no Meny

Landprofil 2008-2009

Etiopia

Det sitjande regimet i Etiopia ser ut til å ta endå fleire steg i autoritær retning. Saman med den vedvarande intervensjonen i Somalia og det spente forholdet til Eritrea, gjer dette at den politiske situasjonen er alt anna enn lys. Samstundes gjev sviktande avlingar og høge matvareprisar stor svolt i dei sørlege delane av landet.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Økonomien veks raskare enn nokon sinne i Etiopia. Inntekta per innbyggar har auka med sju prosent årleg dei siste to åra. Men også denne perioden har vore prega av sterk inflasjon. Sidan september 2007 har prisen på visse korntypar auka med mellom 50 og 90 prosent.

Kronisk underernæring
I eit land der store delar av folket lever av jordbruk, skulle ein tru at auka kornprisar ville føre til vekst på landsbygda. Men sviktande avlingar har ført til at folk og hjelpeorganisasjonar ikkje har råd til å kjøpe mat. Dette har resultert i stor matmangel og svolt i 2008, særleg i dei sørlege delane av landet.

Om lag halvparten av alle barn i landet lir av kronisk underernæring. I tillegg treng mellom 4,6 og 6 millionar menneske matvarehjelp på grunn av tørke. Familiar må ta barna ut av skulen fordi dei ikkje har råd til både skulepengar og mat. Husdyr vert selde unna. Men den etiopiske regjeringa vil ikkje innrømme omfanget av matvaremangelen, og meiner at internasjonale humanitære organisasjonar overdriv talet på trengande for å få midlar.  

Nye etniske konflikter
Under regjeringspartiet Ethiopian People's Revolutionary Democratic Front (EPRDF) har etniske grupper rett til sjølvstyre, så lenge dei kan definerast som sjølvstendige etniske einingar. Kulturelt undertrykte grupper har fått ny sjølvkjensle som følgje av dette, gjennom å kunne bruke sitt eige språk i undervisning og administrasjon. Men systemet har også ført til nye etniske konflikter, ved at grupper ynskjer å lausrive seg frå allereie etablerte grupper.

Den føderale maktdelinga mellom sentralt og regionalt nivå er i mange høve ikkje reell. Det skuldast at EPRDF sin svært sentraliserte partistruktur held fram. Partiapparatet driv sterk kontroll av offentleg administrasjon, domstolar og politi, og sentrale partiorgan grip inn i regionale regjeringar sine avgjersler. Dette er særleg tilfelle i dei perifere og ressurssvake regionane.

Innsnevringar av politiske og sivile rettar
Regjeringspartiet har vunne meir enn 95 prosent av røystene i alle vala sidan dei kom til makta. Opposisjonen har anten skulda EPRDF for valfusk, boikotta valet eller gjort begge delar. Valet i 2005 vart det fyrste i Etiopia si historie med reell konkurranse mellom politiske parti. EPRDF vart utfordra av det nye og urbane partiet Coalition for Unity and Democracy (CUD). CUD vann fleirtal i Addis Abeba og andre større byar. Men etter valet vart heile CUD-leiinga og ei rekkje representantar for frivillige organisasjonar og uavhengige aviser arresterte, skulda for folkemord, oppfordring til vald og grunnlovstridig endring av regjeringa. Dei fleste av desse vart lauslatne i september 2007, etter å ha skrive under på at dei var skuldige i å ha vore årsak til opptøyar i Addis Abeba i november 2005.

Sidan har regjeringa ført ein medviten strategi med å vedta nye lover som innsnevrar det politiske romet for opposisjonen og sivilsamfunnet. Lova om politiske parti, ei ny presselov og eit forslag til lov for frivillige organisasjonar har alle som føremål å kontrollere uavhengige røyster. Lovene hindrar at desse røystene får tilgang på økonomisk støtte, både frå staten og frå det internasjonale samfunnet. 

Gjennom folkelege konsultasjonar, seminar og mikrokredittprogram har EPRDF auka medlemstalet sitt frå 760.000 til 5 millionar sidan 2005. Opposisjonen boikotta lokalvalet i april 2008, og EPRDF vann dermed igjen med stor margin. Det er lite sannsynleg at partia vil kunne konkurrere på like vilkår ved valet i 2010, på grunn av stridar innan opposisjonspartia og EPRDF sin medvitne strategi for å hindre konkurranse.

Uløyste spenningar
I desember 2006 gjekk etiopiske styrkar inn i Somalia for å styrte alliansen av islamske råd, Islamic Courts Union (ICU), og gjeninnsetje den somaliske overgangsregjeringa Somali Transitional Federal Government (TFG). FNs tryggingsråd gav Den afrikanske unionen (AU) autorisasjon til å intervenere i Somalia. Men viljen til å gå inn i Somalia var også påverka av den uløyste situasjonen mellom Eritrea og Etiopia etter krigen mellom landa frå 1998 til 2000. Eritrea støtta både rådet for islamske domstolar og etiopiske opprørsrørsler som opererte frå Somalia og Eritrea.

AU skulle etter kvart erstatte dei etiopiske styrkane med ein eigen hær. Etiopiske styrkar skulle trekkje seg raskt ut. Våren 2007 sendte Uganda ca. 2500 soldatar til landet, og hausten 2008 var troppar frå Burundi også på veg inn. Men desse er dårleg utstyrte, og alt for få samanlikna med det opprinneleg planlagte talet på 8000 soldatar. Etiopiske styrkar ser i staden ut til å bli verande i landet på ubestemt tid. Sjølv om den somaliske overgangsregjeringa formelt har makta, kan dei ikkje styre utan hjelp frå Etiopia. ICU er framleis aktive i delar av landet. Internasjonale menneskerettsorganisasjonar har skulda etiopiske styrkar for åtak på sivile og for alvorlege brot på menneskerettane.

Situasjonen på grensa til Eritrea gjev også grunn til uro for den regionale tryggleiken. Etiopia har nekta å godta den internasjonale grensekommisjonen si avgjersle. Det har igjen ført til at Eritrea har kasta ut FN sine fredsbevarande styrkar, og innsett eigne styrkar i den midlertidige tryggleiksona på grensa mellom dei to landa frå januar 2008. Internasjonale observatørar hevdar no at situasjonen er så spent at krigen lett kan bryte ut att.

Ambisjonar for framtida
EPRDF forsvarer sin eigen politikk med at landet treng ein sterk stat og eit sterkt parti for å kome ut av fattigdomen. Sentralt i statsminister Meles Zenawi sin retorikk er ideen om utviklingsstaten. Denne tanken går ut på at staten, styrt av eit dominerande parti, spelar ei hovudrolle både i økonomien og i samfunnet generelt, etter modell frå mellom anna Sør-Korea og Taiwan. Partiet sitt uttalte mål er å sitje med makta til Etiopia er oppe på mellominntektsnivå, truleg innan dei neste 10 til 30 åra.

Etiopia treng slike ambisiøse mål for å løyse dei alvorlege fattigdomsproblema. Spørsmålet er om EPRDF, med sin dominerande og ekskluderande politikk, klarer å skape ein vekst for etiopisk økonomi som inkluderer alle samfunnsgrupper. Til no har regjeringa fremja ein økonomi der partiinteresser dominerer, og der staten sine ressursar er med på å støtte opp under deira eiga makt. Legg ein til grunn at det er ein samanheng mellom politisk og økonomisk fridom og økonomisk utvikling, gjev dette lite grunn til optimisme for Etiopia i åra som kjem.


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe