Afrika.no Meny

Landprofil 2006-2007

Egypt

Dei siste åra har diskusjonen om styresettet i Egypt også nådd oss her heime. I 2004 blei Den egyptiske rørsla for endring, også kalla Kifaya, oppretta som ein eksplisitt kritikk av regimet. I presidentvalet i 2005 var det for første gong fleire kandidatar, og i parlamentsvalet seinare det året gjekk Den Muslimske Brorskapen sterkt fram, mens resten av opposisjonen var på same nivå som førre val. Økonomisk reform med mellom anna kutt i bensinsubsidie har gjort kvardagen tøffare for mange egyptarar, og privatisering av offentlege verksemder har skote fart.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

President Hosni Mubarak har hatt makta sidan 1981, og har blitt gjenvald fire gonger etter det. Dei fire første gongene han blei vald var det gjennom folkeavstemming, som blir organisert gjennom at fleirtalet i parlamentet foreslår ein kandidat som folket seier ja eller nei til. Etter grunnlovsendinga våren 2005 blei det opna for å ha fleire kandidatar, sjølv om det var mange avgrensingar på kven som kunne stilla til val. I presidentvalet september 2005 vann Mubarak likevel eit overveldande fleirtal på 88,6 prosent, mens neste kandidat, Ayman Nour frå al-Ghad partiet, fekk 7,3 prosent.

Det er fleire som meiner at stemmetala er feil, men ingen har utfordra at Mubarak vann valet overlegent. Dei fleste opposisjonspartia gjekk i mot grunnlovsendringa, fordi han sette så mange avgrensingar på kven som kunne stille at dei meinte det berre var ein maskerade. Til dømes fekk ikkje Den muslimske brorskapen stilla kandidat fordi dei ikkje er eit legalt parti, sjølv om dei i parlamentsvala har vist at dei er det største opposisjonspartiet. Likevel stilte representantar frå fleire av opposisjonspartia kandidat til presidentvalet, mens ein del av partia boikotta valet.

Parlamentsval i 2005
I november-desember 2005 var det parlamentsval i Egypt. Den muslimske brorskapen stilte i rundt 1/3 av valkretsane, og gjekk fram 71 seter til 88 seter av totalt 444. Resten av opposisjonen stod på stad kvil. Resultatet er at parlamentet framleis er kontrollert av regjeringspartiet Det Nasjonal-Demokratiske Partiet, sidan opposisjonen ikkje ein gong er stor nok til å blokkera grunnlovsendringar. Parlamentsvalet blei gjennomført i tre rundar. Den første runden gjekk relativt reinhårig for seg, men valjukset og valden trappa opp i dei to siste. Valjukset og valden var for det meste for å hindra framgangen til Den muslimske brorskapen, men også interne stridigheitar mellom kandidatar frå regjeringspartiet førte til dødsfall.

Den legale opposisjonen er svak, noko resultatet i parlamentsvalet viste. Hausten 2004 blei Den egyptiske rørsla for endring, også kalla Kifaya, stifta. Dei er ei blanding av sosialistar, venstreradikale, marxistar, nasseristar, (moderate) islamistar, og dei har også delvis samarbeida med Den muslimske brorskapen. Slagordet deira er ”Nei til utviding [av presidentperioden], nei til arvestyre”. Kifaya spring ut av solidaritetsrørsla med intifadaen og demonstrasjonane mot krigen i Irak, og dei siste åra har ein for første gang hatt demonstrasjonar på gata i Egypt som har eksplisitte slagord mot president Mubarak.

Delar av fagrørsla er knytt til myndigheitene, men dei siste åra har opposisjonen fått makta i fleire av profesjonsforeiningane. Både journalistforeininga og dommarforeininga har spela ei rolle i forhold til kritikk av myndigheitene, og som møtestad for å organisera demonstrasjonar og ha møter.

Hardhendte myndigheiter
Dei siste åra har fleire aktivistar blitt arrestert, ofte i samband med demonstrasjonar. Det har blitt meldt om bruk av tortur, og fengsling utan dom, eller etter dommar i spesielle domstolar som er sett opp etter unntakslovene. Desse problema gjeld også upolitiske fangar.

Det finst ein viss grad av prentefridom i Egypt, og dei siste åra har fleire av opposisjonsavisene begynt å prenta direkte åtak på regjeringa, presidenten og familien hans. Men injurielovgjevinga er vidtrekkande, så journalistar kan riskera å bli dømt for artiklane sine. Ahmed Ezzedine frå den moderate opposisjonsavisa al-Osbou blei dømt til to års fengsel for injurier mot visestatsminister og jordbruksminister Youssef Wali. Ezzedine møtte ikkje opp til dommen, og er i skjul. Kritiske artiklar kan også føra til represaliar, til dømes blei Abdel Halim Kandil, journalist og medredaktør i den nasseristiske opposisjonsavisa al-Arabi, kidnappa hausten 2004, banka opp og forlate halvnaken på ein motorveg. 

Ei viktig sak har vore forholda til dei sudanske flyktningane. Det finst titusenvis av sudanske flyktningar og truleg fleire millionar sudanske immigrantar i Egypt. Flyktningane klagar på rasisme, fattigdom og manglande mogleik til å skaffa seg levebrød og bustad. I tillegg er dei redde for tvangsretur til Sudan. I september 2005 oppretta flyktningar ein protestleir ved kontora til UNHCR i Kairo. 30. desember 2005 gjekk politiet til åtak for å spreie dei, og minst 27 blei drepne.

Arbeidsløyse og reformkrav
Arbeidsløysa i Egypt er høg, den offisielle arbeidsløysa har i perioden vore på rundt ti prosent, men det er mykje skjult arbeidsløyse. Forskjellen mellom rik og fattig har auka. Mange er avhengige av subsidier på basisvarer og -tenester.

Den egyptiske familielovgjevinga er delt etter religion. Det får store konsekvensar, blant anna for retten til skilsmisse. For koptarar (kristne) har det til no ikkje vore legalt med skilsmisse, sidan ekteskapet er eit sakrament. For muslimane har menn og kvinner hatt ulik tilgang på skilsmisse. Kvinner må grunngje skilsmisse, mens menn berre kan krevje det. Både koptarane sin rett til skilsmisse og muslimske kvinner sin auka rett til skilsmisse er viktige reformkrav i Egypt.

Kvinnedelen i lågare utdanning er på ca 49 prosent på (2004), og delen er stabil også på universitetsnivå. Det er ein høg grad av analfabetisme: 43,8 prosent av den kvinnelige befolkninga i 2005, og tilsvarande 18,3 prosent av den mannlige befolkninga er analfabetar.

Økonomiske forhold
Egypt sine hovudinntektskjelder er olje, inntekter frå Suez-kanalen, turisme, bistand, samt pengeoverføringar frå egyptarar i utlandet. Hovudeksportvare etter olje er bomull.

I 2005 starta statsminister Ahmed Nazif eit program for å reformera subsidia på basisvarer og -tenester som blir bruka av mange egyptarar. Bensin og diesel var nokon av dei varene som auka kraftig i pris frå 2004-2005, noko som fekk innverknad på taxi- og bussprisar. Det har også ført til prisauke i andre verksemder som er avhengige av oljeprodukt, sånn som sementindustrien.

Nazif auka også privatiseringstakta, og selde ut mange offentleg eigde verksemder. Grunngjevinga for omstruktureringane var budsjettunderskot. Året før blei det gjennomført reformer i forhold til import- og eksportskattar. Omstruktureringa av økonomien skjer i samarbeid med IMF, som presser på for kutt i offentleg verksemd, betre forhold for private verksemder og kutt i subsidia.

Åtak på turistar
Egypt var på starten av 90-talet plaga av åtak mot turistar, men etter Luxor-åtaket i 1997 stilna det. I oktober 2004 var det eit stort bombeåtak i Taba i Sinai, der 34 personar blei drepne. I 23. juli 2005 var det åtak mot Sharm el-Sheikh i Sinai der minst 64 personar blei drepne. 7. og 30. april 2005 var det to relativt uprofesjonelle åtak i turistområde i Kairo sentrum, i det første blei fire drepne inkludert bombemannen, og i det andre blei berre bombemannen drepen og sju skada. 24. april 2006 blei minst 22 folk drepne.

Åtaket mot Taba blei knytt til at dei fleste av turistane som ferierer der er frå Israel. Men åtaka blei også forklart med at beduinane føler seg utestengte frå jobbar og forteneste i turistindustrien, og at dei difor er meir tilbøyelege til å hjelpa grupper som angrip turistnæringa. Reaksjonane frå myndigheitene har truleg medverka til ei radikalisering blant beduinane i Sinai. Det har blitt rapportert tortur og interneringar utan dom etter alle åtaka. Etter åtaket i Sinai begynte myndigheitene å bygga eit gjerde for å stenga beduinane ute.

Sport og kultur
Av hyggelige hendingar dei siste åra må ein nemna at Egypt var vert for African Cup of Nations for femte gang på rad, og det Egyptiske fotballaget vann turneringa mot Elfenbeinskysten. I OL merker Egypt seg først og fremst i kampsportar.
 Nobelprisvinnar i litteratur frå 1988, Naguib Mahfouz døyde 30. august 2006, 94 år gammal. Mahfouz var sentral i å spreie arabisk litteratur til resten av verda, og også for utviklinga av romanforma på arabisk. Bøkene hans er ein inngangsport til egyptisk kultur og historie.

*Ingrid Baltzersen er mastergradsstudent i Midtøsten- og Nord-Afrikakunnskap og har gjort feltarbeid i Kairo.


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe