Afrika.no Meny

Landprofil 2002-2003

Egypt

Innskrenkinga av politisk og sivil fridom har halde fram under president Hosni Mubarak også etter at den valdelege islamistiske opposisjonen i hovudsak vart passivisert ved hundreårsskiftet. Særleg har rettssaka mot den sekulære intellektuelle Ibrahim Saad Eddin vekt oppsikt. Samtidig er den økonomiske situasjonen i Egypt stabilisert, men i ein låg veksttakt. Regional spenning bidreg til å hemme politisk og økonomisk endring.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Det nest siste parlamentsvalet i Egypt, i 1995, var særmerkt i Egypts politiske utvikling under Mubarak. For det første var det meir valdeleg enn noko anna val sidan revolusjonen, med rundt 50 døde i løpet av valdagane. For det andre innebar valet ein slutt på ein implisitt toleranse sidan midten av 1970-talet av Det Muslimske Brorskapet som sidan den tid hadde utvikla ei dominerande rolle blant opposisjonspartia.

Den legale politiske opposisjonen er generelt svak. Det islamistiske Arbeidarpartiet møtte sterkare press frå styresmaktene etter ein serie korrupsjonsavsløringar i partiavisa, og er også svekt av intern strid. Det liberale Wafd-partiet har på si side vore svekt av aldrande leiarskap og interne konfliktar. Det Muslimske Brorskap har utvilsamt sterkast folkeleg oppslutnad, men er i prinsippet forbode ved lov og sterkt kontrollert.

Parlamentet oppnemnde Mubarak som einaste kandidat for presidentvalet i september 1999 for nye seks år. Ingenting tyder på at Mubarak vil gå av i perioden. Det knytte seg låge forventingar til det siste parlamentsvalet i oktober/november 2000. Som alltid var både gjennomføringa og resultatet dominert av regjeringspartiet, Det Nasjonal-Demokratiske Partiet. Men for første gong var valet kontrollert av domstolane, og observatørar melde om mindre fusk og langt mindre vald i dette valet enn i det førre. Opposisjonen auka representasjonen sin til 46 (av 444), med kandidatar knytt til Det Muslimske Brorskap som den største enkeltgruppa.

Sårbart for regional spenning
Tidleg på 1990-talet innleia Egypt eit nært samarbeid med IMF og Verdsbanken om reformer. Frå 1997 vedtok Egypt i samråd med IMF ikkje å fornye strukturtilpassingsprogram fordi den makroøkonomiske stabiliseringa i hovudsak er nådd. Inflasjonen er i dag låg, budsjettunderskottet er sterkt redusert, og eksport- og investeringsratane er stigande. Andre element, særleg privatisering av offentlege verksemder, er nærast lagt på is inntil vidare.
Reformene har lukkast i å stimulere den økonomiske veksten, men likevel berre til moderate ratar på rundt 4 til 5 prosent per år. Lønsveksten har i store delar av perioden lege under inflasjonsnivået. Levestandarden har dermed gått ned for mange, og fattigdommen er utbreidd og til dels stigande. Viktige inntektskjelder som turisme og utanlandske investeringar er sårbare for regional spenning og vart umiddelbart negativt påverka av 11. september og den seinare utviklinga. Tidlegare erfaring viser likevel at slike effektar er forbigåande, medan ei langvarig uro vil ha merkbar negativ effekt.

Egypt har prøvd å skjerme sosiale sektorar frå den generelle innstrammingspolitikken. Dermed gjekk andelen offentlege midlar til utdanning opp i løpet av 1990-talet. Andelen unge som tek utdanning er som forventa ut frå generelt økonomisk nivå. Unntaket er ein lågare grunnutdanningsratio (net enrolment) for jenter, som er 91 prosent i Egypt mot eit gjennomsnitt på 97 prosent i gruppa lågare middelinntektsland. På same måten har helsesektoren auka sin relative andel av offentlege utgifter. Landet har også oppnådd sterk framgang i sentrale helseindikatorar i løpet av 1980 og -90 talet. Desse og dei fleste andre indikatorane viser likevel ein dårlegare situasjon i Egypt enn i samanliknbare land, som følgje av låge totale investeringar i helse.

Media og det sivile samfunn
I eit regionalt perspektiv har Egypts medie- og organisasjonsliv tradisjon for ein viss pluralisme. På 1990-talet prøvde regjeringa å innføre ei svært restriktiv og kontroversiell presselov, men gav opp etter omfattande motstand. Etter det har styresmaktene forfølgd enkeltaviser. Eigaren av ein av desse vart i september 2001 dømd til tre års fengsel for å ha trykt bilete av ein koptisk munk i seksuell omgang med ei gift kvinne, ei sak som også førte til koptisk-muslimske samanstøyt.

Politiseringa av organisasjonslivet skjedde delvis etter at den parlamentariske kanalen blei stengd for opposisjonen på 1990-talet. Framleis er forbundsvala kontroversielle og sterkt politiserte. Samstundes har fleire partipolitisk uavhengige organisasjonar, menneskerettsorganisasjonar, kvinnegrupper og andre blitt utsett for trakassering av styresmaktene. Det vekte særleg stor oppsikt då den vidkjende forskaren Ibrahim Saad Eddin vart arrestert i juli 2000, skulda mellom anna for underslag, spionasje og oppfording til etnisk konflikt, etter at instituttet hans hadde teke initiativ til å arrangere ein konferanse om koptarane sin situasjon i Egypt. Hans amerikansk-egyptiske statsborgarskap og mange kontaktar i vestlege land har bidrege til omfattande internasjonale protestar mot straffesaka mot han. Likevel vart Ibrahim dømd til åtte års fengsel i mai 2001, men sett fri under appell i februar 2002 i påvente av ny rettssak. Ny sak er venta hausten 2002, og aktor har alt sett ned påstand om 15 års fengsel.

Andre store menneskerettssaker i Egypt inkluderer omfattande straffeforfølging av homofile, som i fleire tilfelle er dømde til fengsel i opptil to år for si seksuelle legning. Nasjonale og internasjonale organisasjonar er stadig meir urolege over den negative utviklinga på menneskerettsområdet i Egypt.


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe