Afrika.no Meny

Landprofil 2000-2001

Egypt

Eitt overordna mål har karakterisert Husni Mubarak si presidentgjerning sidan han i 1980 tok over etter sin myrda forgjengar Anwar Sadat i oktober 1980: Normalisering av Egypt sin innanriks, utanriks, og økonomiske politikk.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Mubarak vart oppnevnt til visepresident i 1975 og vart dermed næraste vitne til den store politiske snuoperasjonen Sadat (1970-80) prøvde å gjennomføre i Egypt mellom Oktoberkrigen i 1973 og sin død i 1980. Den gradvise legaliseringa av politisk opposisjon og gjeninnføringa av eit begrensa fleirpartisystem frå midten av 1970-talet var følgja av økonomisk liberalisering og ei mindre gradvis tilnærming til USA, Israel og dei konservative Gulf-statane i utanrikspolitikken.

Dei tre reformprosessane var eigna til å skape politisk uro og ustabilitet. Den økonomiske reformpolitikken innebar kutt i offentlege utgifter som var merkbare for store delar av befolkninga. Samstundes var den økonomiske veksten generelt lav, med unntak for enkeltgrupper som synleg hausta raske gevinstar. Til saman skapte desse tendensane misnøye særleg blant dei politiserte delane av befolkninga.

Mubarak si uttalte målsetjing var å skape stabilitet, gjennom framleis fred med Israel, men med langt sterkare vekt på arabisk samhald, framleis økonomisk reform, men med eit varsamt tempo, og politisk pluralisme, med det statsberande Nasjonal-Demokratiske Parti (NDP) som dominerande. Gjennom 1980-talet opplevde Egypt ein periode av relativ politisk stabilitet og normalisering: Den politiske opposisjonen vart i stor grad sett fri frå fengsel, og både den nasjonalistiske og den moderate islamistiske trenden fekk sterk representasjon i parlamentet.

I 1989 vart Egypt tatt opp att i Den arabiske liga. På det økonomiske området var 1980-talet prega av låg vekst og stadig større problem med å handtere den aukande utanlandsgjelda. Regjeringa var samstundes skeptisk til å gå inn i gjeldstingingar og omstruktureringstiltak i samråd med internasjonale organ, mellom anna på grunn av uro over dei innanrikspolitiske ringverknadene vilkåra for slike ordningar kunne ha.

1990-talet har på mange måtar snudd dette politiske og økonomiske biletet. Perioden har vore karakterisert av innanrikspolitisk stagnasjon kombinert med ein langt meir forpliktande økonomisk reformpolitikk. Den politiske utviklinga kulminerte i parlamentsvalet i 1995 som vart det mest valdelege i Egypt si nyare historie.

Parallelt utvikla det islamistiske opprøret seg, med sentrum i det økonomisk tilbakeliggjande Øvre Egypt, der hundretals vart drepne årleg fram til midten av 1990-talet. Dei økonomiske konsekvensane var direkte og umiddelbare med kollaps av inntektene frå turisme.

På den andre sida vart Egypt i mai 1991 samd med Det internasjonale pengefondet (IMF) om vilkåra for det første i ein serie strukturtilpassingsprogram. Der forplikta landet seg til kutt i offentlege utgifter, reform av offentleg sektor og privatisering, mot omfattande gjeldslette frå internasjonale kreditorar og gunstige lånegarantiar frå Verdsbanken.

Politikk i andre halvdel av 1990-talet

Egyptisk politikk foregår på mange arenaer, både legale og illegale, samt ein viktig del som ligg midt imellom. Tre "arenaer" som alle har vore viktige i Egypt på 1990-talet er kort diskutert nedanfor: den partipolitiske, det sivile samfunn, og den valdelege.

Parlamentsvalet i 1995 var særmerkt i nyare egyptisk historie av to hovudårsaker: For det første var det meir valdeleg enn noko anna val sidan revolusjonen, med i alt 51 døde og 878 såra i løpet av valdagane. For det andre innebar valet ein slutt på ein implisitt toleranse sidan midten av 1970-talet av Det muslimske brorskapet, som sidan den tid hadde utvikla ein dominerande rolle blant opposisjonspartia. I militære rettssaker vart titals leiande personar i Brorskapet i 1995-96 dømde til fengselsstraffer opptil fem år, til dels med straffarbeid. Sjølve valresultatet var mindre overraskande, sjølv om det gav opposisjonen ei minimal rolle i det parlamentet som skulle sitje fram til 2000, då NDP fekk 417 av 444 plassar (94 prosent).

To andre val har funne stad etter parlamentsvalet, lokalvalet i 1997 og presidentvalet i 2000. Begge typar val er tradisjonelt lite viktige politisk, då dei er sterkt kontrollerte av NDP. Lokalvala i april 1997 var i tillegg boikotta av både Brorskapet og Wafd.

Desse vala var fri for vald og uro, bortsett frå internering av ein del leiande muslimbrør i dagane før valet. Parlamentet oppnemnde Mubarak som einaste kandidat for presidentvalet i september 1999. Han "vann" dermed valet med 94 prosent av røystene, resten var blanke eller ugyldige, for ein ny periode fram til 2005. Observatørar var bekymra for aukande tendensar til personkultus rundt Mubarak i samband med valet. Ingenting tyder på at Mubarak, som no er 71, vil gå av i perioden, og få pålitelege opplysningar om ein eventuell etterfølgjar er kjente, sjølv om mellom andre sonen Gamal Mubarak har vore nemnt.

Den politiske opposisjonen er svak. Kampanjen mot Det muslimske brorskapet som starta i 1995 har halde fram i den følgjande perioden, og rørsla er svært varsam med å utfordre regjeringa av frykt for ytterlegare tiltak.

I oktober 1999 vart likevel ei ny større gruppe leiande medlemmer arrestert, mest sannsynleg for å forhindre dei i å vinne makt i leiarvala i sentrale syndikat som var venta same haust. Samstundes har også det islamistiske Arbeiderpartiet møtt sterkare press frå styresmaktene etter ein serie korrupsjonsavsløringar i partiavisa al-Shaab. I mai 2000 prøvde den offisielle partikomiteen å stoppe aktivitetane til partiet, og det er usikkert om partiet vil vere i stand til å delta i dei planlagte vala mot slutten av året.

Sidan 1996 har ei gruppe unge politikarar, mellom anna tidlegare medlemmer av Brorskapet, forsøka å etablere eit nytt, moderat islamistisk-orientert parti, Wasat (Senter), men partiet er ikkje blitt godkjent, og stiftarane har delvis møtt med sterke reaksjonar. Wafd-partiet har på si side vore svekkja av aldrande leiarskap og interne konflikter.

Media og det sivile samfunn

Egypt har lenge hatt eit forholdsvis pluralistisk media og organisasjonsliv. Gjennom dei siste åra har begge deler vore gjenstand for restriktive tiltak frå styresmaktene, som dermed har engasjert seg i konflikt med store delar av Egypt sitt sivile samfunnsliv. Gjennom ein eigen lov foreslo regjeringa omfattande avgrensingar av media si omtale av offentlege personar, på bakgrunn av alvorlege korrupsjonsanklager mot regjeringsmedlemmer, delvis med implikasjonar også for Mubarak-familien. Etter kraftig mobilisering greidde dei egyptiske journalistane å overtyde presidenten til å kalle tilbake størsteparten av lova i juni 1996.

Regjeringa sin kontroll av og inngrep i organisasjonslivet kom i første rekke som følgje av politiseringa av denne sektoren, etter at andre kanalar, som den parlamentariske, blei stengt for opposisjonen på 1990-talet. Etter at Brorskapet hadde vunne val til leiarskapet i fleire av forbunda (m.a. Ingeniør-, Advokat, og Legeforbundet), tok styresmaktene gradvis over kontrollen frå 1993.

I 1999-2000 har ein del av desse igjen fått retten til å arrangere val, mellom anna ved rettslege vedtak. Samstundes har menneskeretts-organisasjonar, kvinnegrupper og andre, blitt utsett for trakassering av styresmaktene. Det vakte stor oppsikt då den framståande forskaren og demokratiforkjemparen Ibrahim Saad Eddin vart arrestert i juli 2000, anklaga for spionasje og oppfordring til etnisk konflikt, etter at han og instituttet hans hadde tatt initiativ til å arrangere ein konferanse om koptarane sin situasjon i Egypt. I det siste har også den viktige egyptiske organisasjonen for menneskerettar (EOHR) hatt vanskar med å oppretthalde drifta på grunn av offisielle innblandingar.

Radikal islamisme

Dei omfattande konfliktane mellom radikale islamistiske grupper og styresmakter særleg i Øvre Egypt kom frå 1995 under større kontroll. To av dei verste enkeltepisodane i den islamistiske valden sin historie kom likevel etter dette: Først den 18. april 1996 ved hotell Europa i Kairo, der Gamaat-i-Islamiya drap 17 greske turistar, sannsynlegvis forveksla med ei jødisk gruppe som budde på samme hotell. I november året etter kom massakren i Luxor, der meir enn 60 turistar vart drepne. Grupper knyta til Gaamat tok på seg ansvaret også for dette.

Det er likevel stor semje om at dei radikale gruppene, i første rekke Gamaat og Jihad, i dag er sterkt svekkja. Leiarskapet er delt i ulike grupper, nokre fengsla, andre på frifot i Egypt, andre i eksil. I mars 1999 erklærte eksil-leiarskapet i Gamaat ein einsidig våpenkvile, leiarar som stod for retten i Egypt gjorde det same i juni. Ei rad militære rettssaker har dei sist åra dømt titals leiande radikale til døden, og tusenar av mindre viktige medlemmer til lange fengselsstraffer. Styresmaktene har på si side frigjeve fleire tusen mistenkte medlemmer av desse gruppene, men framleis skal rundt 15 000 medlemmer vere fengsla.

smertefulle økonomiske reformar

Økonomiske reformar ber få frukter for dei fleste IMF og Verdsbanken har gradvis nedskrive delar av Egypt si utanlandsgjeld betinga av årlege analysar av reformprosessen. Sjølv om Egypt i store trekk har følgd opp tiltaka i tilpassingsprogramma så har dei to institusjonane vore misnøgde med tempoet i reformene, særleg med omsyn til privatisering av offentleg næringsdrift.

Nettopp dette var hovudinnvendinga då Egypt i 1994/95 ikkje oppnådde "godkjent" i den årlege IMF-rapporten, og gjeldsnedskriving som stod att vart utsett. I januar 1996 gjorde Mubarak den reformorienterte ministeren Kamal al-Ghanzuri til statsminister, og privatisering, deregulering og handelsliberalisering tok fart. I 1997/98 oppnådde Egypt igjen gode attestar frå IMF, og i samråd med dei vedtok Egypt ikkje å fornye sine strukturtilpassingsprogram frå dette året og vidare.

Inflasjonen er i dag låg (omkring 4 prosent), budsjettunderskottet er sterkt redusert (under 1 prosent) og eksport- og investeringsratene er stigande – tilstrekkeleg til at reformene gjerne blir karakterisert som ein "makroøkonomisk suksess".

Den reelle veksten er likevel moderat, rundt 4 til 5 prosent per år sidan midten av 1990-talet, og lønsveksten har gjennom heile det siste tiåret inntil dei siste par åra, ligge under inflasjonsnivå.

Levestandarden har dermed gått ned for store delar av befolkninga i eit land som alt er mellom dei fattigaste i Midtausten, og fattigdommen er dermed utbreidd og til dels stigande. Frykt for sosial uro og protest mot reformene er sannsynlegvis ein medverkande årsak til innstrammingar på den politiske arena i løpet av reformperioden.

Særleg spenning var knytt til innføring av marknadsleige på landeigedom i 1997, som særleg truga dei mange økonomisk svake småbondehushalda som leiger jord. Fleire stader har leiglendingar kome i valdeleg konflikt med større eigarar, og i underkant av eitt tusen bønder skal vere arrestert i slike samanstøyt sidan lova blei innført.

Grundig kontroll med organisert politisk aktivitet har forhindra ei opptrapping, og opposisjonspartia har ikkje prøvd å dra nytte av konflikten. Politisk kontroll har også forhindra større urbane protestar mot reformene, mellom anna er streikar forbode ved lov. Spontane arbeidardemonstrasjonar blir regelmessig stoppa av opprørspolitiet, men i løpet av 1999 markerte også høglønte offentleg tilsette – mellom anna i sentralbanken – frykt for si eiga framtid.

Den mest kritiske fasa i omstruktureringa i Egypt er no over, med unntak for privatiseringa eller nedlegginga av ein del offentlege foretak. Oppsving i viktige næringar som turisme har hatt positiv effekt siste år, men veksten er enno ikkje på eit nivå som kan snu nedgangen i levestandard til merkbar oppgang.


Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe