Afrika.no Meny

Landprofil 2010-2011

Den sentralafrikanske republikk

Konflikt, svakt styresett og kupp som den vanlegaste metoden for maktoverføring er kjenneteikn for Den sentralafrikanske republikk. Landet er eit av Afrikas, og verdas, fattigaste og minst utvikla. Trass stor rikdom av mineralar og tømmer lever dei fleste av landets 4,5 millionar innbyggjarar i fattigdom. Ein fredsprosess mellom styresmakter, opprørsstyrker og sivilt samfunn er i gong, og i 2011 står Den sentralafrikanske republikk overfor sitt tredje demokratiske val.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Afrika
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Frå frigjeringa i 1960 til tidleg på 1990-talet har ulike militærstyre støtta av Frankrike regjert den tidlegare franske kolonien. Ange-Félix Patassé vart valt til president i det første fleirpartivalet i 1993, men ustabilitet og etnisk uro prega tiåret etter. I mars 2003 tok Francois Bozize statsmakta i eit kupp støtta av soldatar frå nabolandet Tsjad, og Patassé vart tvinga i eksil. Etter presidentvalet i 2005 vart Bozize ny leiar.  

Bozize har vore sentral i politikken i Den sentralafrikanske republikk (SAR) sidan 1983, då han var involvert i eit mislykka kuppforsøk. Han sto til val med Patassé i 1993 og vart i 2001 avsett som militærleiar. Sjølv om sivilt samfunn og fleirtalet av politiske parti støtta valet i 2005 var ei rekke av kandidatane kritiske. Men fleire hundre tusen vart sendt på flukt då kampar braut ut i nordlege delar av landet i 2006. Sidan då har opprørsstyrker i nord og nordvest, saman med uro i nabolanda Tsjad, Sudan og Kongo, trua stabiliteten i SAR, trass i fleire fredsavtalar. 

Det tredje demokratiske valet i SAR si historie skulle finne stad i mars 2010. Men pågåande konfliktar viser at regjeringa har avgrensa kontroll over nasjonalt territorium. Dette vanskeleggjer førebuingane til valet, som har vorte utsatt fleire gongar. Det har likevel vore framgang ved at ein ny valkommisjon er oppretta. Tidlegare president Patassé har kome tilbake for å ta del i presidentvalet  og representerar hovudopposisjonen med partiet MLPC. Grunna rivalisering  i MLPC mellom Patasse og tidlegare statsminister Martin Ziguele er det likevel forventa at den sittande presidenten vert gjenvald i 2011. 

Fred og sikkerheit
Etter ein lang og utfordrande forhandlingsprosess gjekk Bozize si regjering i 2008 inn i ein fredsavtale med opposisjon, opprørsstyrker og sivilt samfunn. FN sin fredsbyggjingskommisjon har vore engasjert som meklar. Integrering av opprørsleiarar, avvæpning av opprørarar, sikkerheitsreform og amnesti har vore sentrale element i forhandlingane. Mineralrikdomen og den ustabile politiske historia skapar likevel store utfordringar for ein langsiktig og varig fredsavtale.  

Ustabilitet i nabolanda pregar òg situasjonen i SAR. Myndigheitene har lite kontroll utanfor hovudstaden Bangui. FN sin fredsbevarande styrke, MINURCAT, har vore tilstades nordaust i SAR og i austlege Tsjad sidan 2007 for  å auke stabilitet og kontroll av dei porøse grensene i nordaust mot Sudan og Tsjad. Frankrike og EU har delteke med fredsbevarande styrker, og alternative partnerar innan sikkerheit, som Sør-Afrika og Kina, tilbyr i aukande grad investeringar og teknisk assistanse. 

Uutnytta ressursrikdom
SAR har store uutnytta naturressursar. Statsinntektene kjem frå mineralutvinning, særleg ubehandla diamantar. Landet er den niande største diamantprodusenten i Afrika og trettande størst i verda, og i tillegg eksporterast store mengder diamantar ulovleg. Det fins òg store mengder gull, uran, koppar og jern. Tømmer er den andre største eksporten, men ulovleg hogging og smugling bidreg til eit aukande avskogingsproblem. Inntektene frå tømmer og diamanteksport vart reduserte som ein konsekvens av den globale finanskrisa i 2009. Korrupsjon er svært utbredt i SAR, som framleis er vurdert som eit høgrisiko investeringsland. SAR ligg på 158. plass av 180 på Transparency International sin korrupsjonsindeks. 

Grunna konflikt, mangel på infrastruktur og investeringar bidreg ikkje mineralrikdomen til sosioøkonomisk utvikling i SAR. Rundt 80 prosent av befolkninga livnærer seg av sjølvbergingsjordbruk, skogbruk og fiske, og nær to tredelar lever under fattigdomsgrensa. Om lag 60 prosent av innbyggjarane lever i rurale område, og desse har minimal tilgang til den formelle økonomien.  

SAR har historisk sett motteke lite bistand, men har dei siste åra opplevd auka interesse frå utanlandske humanitære organisasjonar. SAR kvalifiserar òg for HIPC-initiativet for gjeldslette.  EU og USA har teke opp att sine relasjonar med landet, og det er forventa at fleire gjer dette om fredsprosessen går rett veg. Frankrike har vore ein viktig handelspartnar for SAR, men ein ser òg meir av samarbeid med nye og alternative partnerar som Sudan, Kongo, Sør-Afrika og Kina. Under president Bozizé sitt første statsbesøk til Kina i 2009 vart samarbeid innan gruvedrift, skogforvaltning, landbruk og energi diskutert.  

Infrastruktur og transporttenester i SAR er svært avgrensa og høgt prisa. Store delar av landet er utilgjengeleg, men Verdsbanken, EU og Afrikabanken finansierar eit regionalt prosjekt for å utvide jernbane- og vegnett mellom SAR, Tsjad og Kamerun for å betre transportsituasjonen. Telekommunikasjon og IKT er lite utbygd og berre 30 prosent av befolkninga er dekka av mobilnett og omlag 15 prosent har tilgong til landlinje.  

Manovo-Gounda St.Floris nasjonalpark vart i 1988 inkludert på UNESCO si verdsarvliste på grunn av sitt biologiske mangfald. Dei store områda med regnskog og eit av dei høgaste tala på  låglandsgorilla og skogelefantar i Afrika kan utgjere eit stort potensial for økoturisme.  

Humanitære utfordringar og sosiale forhold
SAR står overfor enorme humanitære utfordringar. Det er nærare 400 000 internt fordrivne i landet, og 139 000 har flykta til naboland. Samstundes fins det rundt 7500 flyktningar frå andre land. Humanitære hjelpeprosjekt er underfinansierte og pågåande uro og menneskerettsbrot utført av regjeringshær og opprørsstyrker, samt landevegsrøvarar og væpna bandar, fører til overgrep mot sivile og hindrar moglegheitene for retur. 

Berre halvparten av befolkninga i SAR har tilgong til dei begrensa helsetenestene i landet. Forventa levealder er 46,7 år, som er 7 år lågare enn gjennomsnittet for Afrika. Rundt 11 prosent er smitta av hiv/aids. 70 prosent av hushalda i landet har ikkje tilstrekkjelege sanitærforhold, og få har tilgang til reint drikkevatn. Over halvparten av den vaksne befolkninga kan ikkje lese og skrive, og under 30 prosent går på grunnskule. Urbaniseringsrata er høg, med 39 prosent, og veks med omlag 2,3 prosent årleg. Nye lover vart vedtekne i 2004 for å auke rom for kritisk presse. Trass den nye lova er dekninga av politisk opposisjon, og den generelle mediedekninga, minimal. Reporterar utan grenser rangerar SAR som nummer 80 av 175 land når det gjeld pressefridom. 

Det eksisterar politiske strategiar for tiltak mot fattigdom, men utilstrekkelege midlar og iverksetjingsmekanismar skapar utfordringar. Streik grunna mangel på lønningar har skapt spenningar mellom myndigheiter og fagforeiningar, og i Bangui har det vore store demonstrasjonar som ein reaksjon på ustabiliteten i landet.

Landfakta:

Areal: 622 984 km2 (19. størst)

Folketall: 4,5 millioner

Befolkningstetthet: 7 per km2

Urban befolkning: 38 prosent

Største by: Bangui - ca. 672 000

BNP per innbygger: 465 USD

Økonomisk vekst: 2,2 prosent

HDI-plassering: 179


Andre landprofiler:
2008-2009, 2006-2007, 2002-2003, 2000-2001

Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Siste oppdatering av bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2021. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.