Afrika.no Meny

Landprofil 2010-2011

Burkina Faso

Det sosialdemokratiske partiet ”Congrès pour la Démocratie et le Progrès” (CDP) har styrt landet i 23 år, og president Blaise Compaoré har blitt gjenvald tre gonger. I november 2010 er det planlagd nytt presidentval. Diplomatiet i Burkina Faso, med president Blaise Compaoré i spissen, har nyleg bidratt som meklar i den politiske krisa i Guinea og har dei siste åra hatt ei meklarrolle i Togo og Elfenbeinskysten. Hovudstaden og nokre provinsar blei ramma av flom i september 2009.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Den 15. oktober 1987 leidde den nåverande presidenten Blaise Compaoré eit kupp mot sin nærmaste medarbeidar; president Thomas Sankara. Kuppet felte Sankaras revolusjonære og sosialistiske regime frå 1983. Etter fire nye statskupp fekk landet igjen ei grunnlov i 1991, og Blaise Compaoré blei ein sivilt valt president same året.

 Compaoré blei gjenvald som president for tredje gong i november 2005. Han fekk 80 prosent av stemmene og vann over 11 andre kandidatar. Ein medverkande årsak var ein splitta opposisjon. Ved parlamentsvalet i 2007 fekk regjeringspartiet CDP 65,7 prosent av representantane. Ei endring av vallova gjorde det vanskelegare for små parti å få inn representantar.

Ekstern og intern misnøye med regjeringspartiet
Den breie misnøya med regjeringspartiet etter det uavklarte drapet på journalisten Norbert Zongo i 1998 toppa seg igjen i 2006, då tiltalen mot ein av tryggleiksvaktene til presidenten, adjutant Marcel Kafando, blei trekt tilbake. Misnøya ser ut til å ha blitt dempa gjennom dei ulike forsoningsstrategiane til presidenten og regjeringspartiet. Marcel Kafando døydde for øvrig i 2009, mens han sonte for drapet på sjåføren til presidentens bror, David Ouedraogo.

Det overraska mange då landbruksminister Salif Diallo blei skifta ut i 2008. Han har vore ein av dei nærmaste støttespelarane til presidenten over lang tid, og var inntil nyleg den personen som hadde mest makt etter presidenten. Han blei suspendert frå partiet i 2009, etter å ha opptredd i eit intervju kor han taler for politiske systemendringar for å gi parlamentet større makt gjennom at statsministeren har utøvande makt og presidenten seremoniell makt.   

I 2009 blei CDP vidare svekka då seks seniorleiarar i partiet gjekk ut og danna eit nytt opposisjonsparti, ”Convention nationale du progrès du Burkina” (CNPB). Framtida vil visa om dette har fleire konsekvensar for partiet internt, eller for den eksterne oppslutninga gjennom partialliansen som nå støttar presidenten eller for den sivile støtteforeninga for Blaise Compaoré, ”Fédération associative pour la paix et le progrès avec Blaise Compaoré” (FEDAP-BC) .  

Internasjonal meklarrolle
Relasjonen til Elfenbeinskysten blei kraftig forverra etter dei framandfiendtlege åtaka på burkinarar i Elfenbeinskysten og den burkinske støtta til ivorianske opprørarar frå 1999 og utover. Dette har nå endra seg til det betre, etter at president Compaoré blei utnemnt til meklar mellom regjeringa og opprørarane i Elfenbeinskysten. Dette førte til Ouagadougou-avtalen i mars 2007.  

I 2006 var president Compaoré meklar i Togo, der det kom til ei krise mellom opposisjonen og regjeringa, etter at sonen til den tidlegare presidenten kuppa makta då faren hans døydde i 2005. I juni 2008 blei utanriksministeren i Burkina Faso, Djibril Bassolé, utnemnt til meklar i Darfur-krisa av FN og Den afrikanske unionen (AU).  

Etter massakrene i Guinea den 2. september 2009 blei president Compaoré spurt om å vera meklar i den politiske krisa av La Communauté Economique Des Etats de l`Afrique de l`Ouest (CEDEAO). Mens fredsforhandlingane mellom militærstyret og opposisjonen pågjekk i Ouagadougou,  blei den militære presidenten Dadis utsett for drapsforsøk i Guinea. Dette førte til brot i forhandlingane. Etter at presidenten hadde fått behandling i Marokko, fekk han koma til Burkina Faso for rekonvalesens i januar 2010.  

Levestandard, pressefridom og korrupsjon
Levestandarden i Burkina Faso er ein av dei lågaste i verda. Landet er på 177. plass av 182 land på UNDPs utviklingsindeks (HDI). 56,5 prosent av folket lever for under 1,25 dollar om dagen (2000-2007). 28 prosent (2006) av folket har ikkje tilgang til reint drikkevatn og 37 prosent av borna under 5 år er undervektige (2000-2006). Regjeringa har starta ei storsatsing på utdanning og helsevesen ved hjelp av pengar frå gjeldslette, lån og donorar.  

Mordet på journalisten Norbert Zongo har utløyst ei friare presse og landet blei rangert på 57. plass av 175 når det gjeld pressefridom i 2009. 

Ifølge Transparency International sin korrupsjonsindeks (CPI) ligg Burkina Faso på 79. plass av 180 land. Tertus Zongo, ny statsminister frå 2007, har sagt at han ønsker å prioritera kampen mot korrupsjon, og i 2008 sette regjeringa på plass ein høgare myndigheit som skal jobba mot korrupsjon.  

Ein økonomi i vekst, men sårbar
I 2005 var 84 prosent av arbeidskrafta sysselsett i landbruket, 5 prosent i industrien og 11 prosent innan tenestar. I perioden 2005 til 2007 låg den økonomiske veksten i bruttonasjonalproduktet (BNP) gjennomsnittleg på 4,6 prosent. Anslagene for 2008 og 2009 var på 5,2 prosent og 4,2 prosent. Bomullsproduksjonen har auka enormt sidan 1999, og landet blei den største bomullsprodusenten i Afrika sør for Sahara i 2006. Landet har store ubrukte mineralressursar og gullutvinninga er nå i ferd med å ta seg opp igjen. I 2007 var dei tre største eksportartiklane bomull, gull og kariténøtter.  

I 2008 skapte kornmangel på verdsmarknaden i tillegg til høge oljeprisar prisauke på innanlandsprodusert og importert mat. I denne anledning var det fleire demonstrasjonar over heile landet. I 2000 og 2002 fekk landet ettergitt gjeld av Det internasjonale pengefondet (IMF), og i 2006 blei det ettergitt gjeld av IMF, Verdsbanken og Den afrikanske utviklingsbanken.  

I september 2009 var det flom i Ouagadougou og i nokre provinsar. 150 000 menneske mista heimane sine i  Ouagadougou. Eit titals personar mista livet. Flommen medførte store skader på hus, vegar, bruer, offentlege bygningar og dammar, og den forstyrra vatn og energiforsyningar. Myndigheitene har med eigne middel og ved hjelp av donasjonar jobba med å bygga opp igjen det tapte og ta hand om dei heimlause.  

Avslutning
Fram mot presidentvalet i november 2010 kan ein stilla seg nokre spørsmål.

Vil Blaise Compaoré stilla som presidentkandidat? Vil CDP og presidentkandidaten halda på den breie støtta frå partiallianse og føderasjon, eller vil andre presidentkandidatar få større oppslutning enn tidlegare? Vil opposisjonen klara å sameina seg om nokre få presidentkandidatar slik at dei kan ha moglegheit for å vinna? Vil innføringa av identitetskort for å stemma ved presidentvalet ha noko å seia for valresultatet? Vil CDP gå inn for å endra konstitusjonen for å gi meir makt til parlamentet før neste presidentval eller i framtida?

Landfakta

Areal: 274 222 km2 (28. størst)

Folketall: 15 millioner

Befolkningstetthet: 56 per km2

Urban befolkning: 19 prosent

Største by: Ouagadougou - ca. 1,2 millioner

BNP per innbygger: 521,8 USD

Økonomisk vekst: 4,5 prosent

HDI-plassering: 177


Andre landprofiler:
2012-2013, 2008-2009, 2006-2007, 2002-2003, 2000-2001
Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe