Afrika.no Meny

Landprofil 2008-2009

Burkina Faso

Det sosialdemokratiske partiet Congrès pour la Démocratie et le Progrès (C.D.P) markerte 20 år med regjeringsmakta i 2007. Same året fekk dei styrka posisjonen sin ved parlamentsvalet i forhold til i 2002. President Blaise Compaoré har bidratt som meklar i dei politiske krisene i Togo og i Elfenbeinskysten i løpet av dei tre siste åra.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Den 15. oktober 1987 leia den nåverande presidenten Blaise Compaoré eit kupp mot dåverande president Thomas Sankara. Kuppet felte Sankaras revolusjonære og sosialistiske regime frå 1983. Etter fire nye statskupp fekk landet igjen ei grunnlov i 1991, og Blaise Compaoré blei ein sivilt valt president same året. I 2007 markerte Compaoré  og partiet hans ”20 år med demokratisk renessanse” - samtidig som andre minna drapet på Thomas Sankara.

Compaoré blei gjenvald som president for tredje gong i november 2005. Han fekk 80,3 prosent av stemmene og vann over elleve andre kandidatar. Ein medverkande årsak var ein splitta opposisjon.

Regjeringspartiet styrkar posisjonen
Parlamentsvalet i 2002 var ein siger for opposisjonen og ein trussel for regjeringspartiet,  då opposisjonen gjekk frå å ha 9 prosent av representantane i parlamentet til 49 prosent. Dette var blant anna på grunn av reformar i valsystemet som gjorde det lettare for mindre parti å få inn representantar i parlamentet. I mai 2007 blei det igjen halde parlamentsval, og regjeringspartiet C.D.P gjekk frå å ha 51 prosent til 65,7 prosent av representantane. Vallova hadde igjen blitt endra, slik at små parti vanskelegare fekk inn representantar enn i 2002.

Den breie misnøya med regjeringspartiet etter det uavklarte drapet på journalisten Norbert Zongo i 1998, som igjen toppa seg i 2006 då tiltalen mot ein av tryggleiksvaktene til presidenten, adjutant Marcel Kafandom, blei trekt tilbake, ser ut til å ha blitt dempa gjennom dei ulike forsoningsstrategiane til presidenten og regjeringspartiet. Vidare kunne C.D.P flyta på president Compaoré sine vellukka fredsavtalar frå dei politiske krisene i Togo og Elfenbeinskysten.

Kommunevala er kvart femte år, og skulle haldast i september 2005, men blei utsett til april 2006. Dette gjorde at regjeringspartiet kunne dra fordel av sigeren ved presidentvalet i 2005, og vann ein stor del av kommunevala med tre firedelar av kommunestyrerepresentantane.

Militær misnøye og soldatopprør
Det er latente spenningar i militæret på grunn av misnøya med korrupsjonen innen offiserklassen og opposisjon mot den politiske retninga til regjeringa. I 2003 blei fleire militære fengsla og sikta for å ha prøvd seg på militærkupp. Det er usikkert om dette var arrangert av makthavarane for å kvitta seg med opposisjonelle element eller om det var reelt.

I desember 2006 oppstod det nye spenningar, då soldatar gjekk til åtak på politi og militærpoliti i hovudstaden, og det blei utveksla skot med automatvåpen og andre tunge våpen. Årsaka var latente spenningar mellom ulike avdelingar i hæren, og misnøye med arbeidsvilkåra. Dette kunne fått alvorlege konsekvensar, men det heile roa seg då regjeringa lovde å gi økonomiske innrømmelsar til hæren.

Internasjonal meklarrolle
Relasjonen til Elfenbeinskysten blei kraftig forverra etter dei framandfiendtlege åtaka på burkinarar i Elfenbeinskysten og den burkinske støtta til ivorianske rebellar frå 1999 og utover. Dette biletet har nå endra seg til det betre, etter at president Compaoré blei utnemnt til meklar mellom regjeringa og opprørarane i Elfenbeinskysten. Dette førte til ein fredsavtale i Ouagadougou i mars 2007. I 2006 var Compaoré vidare meklar i Togo, der det kom til ei krise mellom opposisjonen og regjeringa, etter at sonen til den tidlegare presidenten kuppa makta då faren hans døydde i 2005.

Burkina Faso har også blitt etterspurt som meklar i tuaregkonflikten i Niger. I juni 2008 blei dessutan utanriksministeren i Burkina Faso, Djibril Bassolé, utnemnt til meklar i Darfur-krisa av FN og Den afrikanske unionen (AU).

Burkina Faso støtta Charles Taylor i Liberia i 1990-åra, og seinare rebellane i Sierra Leone og Angola. FN skulda regjeringa for utvida brot på FN-sanksjonane i desse områda i 2000, og forholdet til USA har lidd under dette. Denne kritikken gjorde at president Compaoré byrja å ta avstand frå Taylor og dei ulike rebellane for å tilfredsstilla vestlege gjevarland. Likevel har Mauritania skulda regjeringa for å ha blanda seg inn i fleire forsøk på statskupp, seinast i september 2004.

Landets gode forhold til Libya har også gjort at dei ikkje fekk føremonlege handelsvilkår, African Growth and Opportunity Act (AGOA), av USA før januar 2005. Burkina Faso autoriserte forsøksdyrking på genmodifisert bomull frå dei amerikanske selskapa Monsanto og Syngenta i 2003, som det fyrste landet i Vest-Afrika. Dette har også ført landet nærare til USA.

Svært låg levestandard
Levestandarden i Burkina Faso er ein av dei lågaste i verda. Landet er på fjerde siste plass av 177 land på UNDPs Human Development Index (HDI). Berre 30 prosent av hushalda har tilgang til reint drikkevatn, og vassborne sjukdommar er vanleg. Helsetenestane er langt frå tilstrekkelege, og sjukdommar som sovesjuke, malaria og bilharzia er endemiske, i tillegg til at underernæring og relaterte sjukdommar er vanleg. Landet slit også med auka tilfelle av tuberkulose og årlege hjernehinnebetennelseepidemiar. Regjeringa har starta ei storsatsing på utdanning og helsevesen ved hjelp av pengar frå gjeldslette, lån og donorar.

Mordet på journalisten Norbert Zongo har utløyst ei friare presse og Journalistar utan grenser rangerte landet på 68. plass av 169 når det gjeld pressefridom i 2007.

Ifølge Transparency International har korrupsjonen i Burkina Faso gått ned frå 2006 til 2007. Tertus Zongo, ny statsminister frå 2007, har sagt at han ynskjer å prioritera kampen mot korrupsjon, og i 2008 sette regjeringa på plass ein høgare myndigheit som skal jobba mot korrupsjon.

Ein sårbar økonomi i vekst
84 prosent av arbeidskrafta er sysselsett i landbruket, 5 prosent i gruver og industri, og 11 prosent i servicesektoren. Bomullsproduksjonen har auka enormt sidan 1999, og landet blei den største bomullsprodusenten i Afrika sør for Sahara i 2006. Sidan 2004 har handelsvilkåra blitt forverra på grunn av sviktande bomullsprisar og stigande oljeprisar, noko som har ført til store inntektstap.

Landet har store ubrukte mineralressursar, og etter at den einaste kommersielle gullgruva blei stengt i 1999, har det vore fleire år med låge eksportinntekter frå denne bransjen. Nå er gullproduksjonen i ferd med å ta seg opp igjen etter fleire liberaliseringar av gruvelova. Det er estimert at produksjonen i 2008 vil liggja på 9,4 tonn. Det vil gjera at gull blir ein av landets største eksportinntekter.

Landbruket viktig
I perioden 2002 til 2006 låg den økonomiske veksten gjennomsnittleg på 5,7 prosent. Den økonomiske veksten blir kraftig påverka av landbrukssesongen frå år til år. Avlinga var 2 prosent høgare i 2007 enn i 2006. 2007-avlinga var 8 prosent høgare enn gjennomsnittet for dei fem siste åra. Likevel var det område som opplevde nedgang på grunn av oversvømmelse eller turke.

I 2008 har kornmangel på verdsmarknaden i tillegg til høge oljeprisar skapt prisauke på innanlandsprodusert og importert mat. I denne anledning var det fleire demonstrasjonar over heile landet, og styresmaktene har redusert tollavgifter på importert mat for å redusera prisane. I 2000 og 2002 fekk landet ettergitt gjeld av Det internasjonale pengefondet (IMF), og i 2006 blei det ettergitt gjeld av IMF, Verdsbanken og Den afrikanske utviklingsbanken.

Det overraska mange då landbruksminister Salif Diallo blei skifta ut i 2008. Han har vore ein av dei nærmaste støttespelarane til presidenten over lang tid, og var inntil nyleg den personen etter presidenten som hadde mest makt. Det blir spekulert i om presidenten vil førebu broren og rådgjevaren Francois Compaoré til å ta over som president. Det blir spennande å sjå kva som skjer framover og ved neste presidentval i 2010.


Andre landprofiler:
2012-2013, 2010-2011, 2006-2007, 2002-2003, 2000-2001
Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe