Afrika.no Meny

Landprofil 2006-2007

Burkina Faso

Burkina Faso har hatt presidentval i 2005 og kommuneval i 2006 i samanheng med desentraliseringa i landet. Oppklaringa av mordet på journalisten Norbert Zongo i 1998 heng nå i lause lufta, og kan bli ei utfordring for den gjenvalde presidenten og regjeringa hans. Landet er ein av dei tre største bomullsprodusentane i Afrika, men lir under forverra handelsvilkår. 2005 var merka av matkrise på grunn av tørke og grashoppeinvasjon.

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe

Blaise Compaoré, leiar for det sosialdemokratiske partiet Congrès pour la Démocratie et le Progrès (CDP), blei for trejde gong gjenvald som president i november 2005. Han fekk 80,3 prosent av stemmene og vann over elleve andre kandidatar. Den politiske opposisjonen var splitta, då dei to største partia ADF-RDA og PDP/PS stilte med kvar sine kandidatar. Partigruppa «Alternance 2005» som bestod av 14 parti, stilte med tre kandidatar og ei anna partigruppe «Opposition Burkinabé Unie», som bestod av fem parti, stilte med ein kandidat. Dei andre kandidatane representerte fem andre små parti.
    
Leiaren for opposisjonen i 2004, og partiet hans, ADF-RDA, enda med å støtta kandidaturet til Blaise Compaoré. Opposisjonen gjekk ut mot kandidaturet til den sitjande presidenten, då grunnlova berre tillet to mandat. Det konstitusjonelle rådet godkjende likevel kandidaturet. Tilhengjarar grunngir dette med dei tre siste grunnlovsendringane, og meiner at tida blei stilt tilbake ved grunnlovsendringa i 2000. I grunnlova frå 1991 var det tillate med to mandat på syv år. I 1997 blei talet mandat uavgrensa, før det i 2000 blei endra til to mandat på fem år. Då det blei kjent at den sitjande presidenten kunne stilla som kandidat, trakk Hermann Yameogo, den eine av dei tre presidentkandidatane til Alternance 2005 seg.

President med fartstid
Blaise Compaoré har nå vore president i 18 år, sidan 1987. Då leia han eit kupp mot sin nærmaste medarbeidar og president, Thomas Sankara, og felte det revolusjonære og sosialistiske regime frå 1983. Etter fire statskupp på 1980-talet, fekk landet igjen ei grunnlov i 1991, og Blaise Compaoré blei ein sivilt valt president same året. Parlamentsvalet i 2002 var ein siger for opposisjonen då reformar i valsystemet gjorde at dei gjekk frå å ha ni prosent av representantane i parlamentet til 49 prosent. For å hindra at små parti får inn representantar ved neste val i 2007, blei vallova endra igjen i 2004.
    
For å auka lokal deltaking i demokratiet, har det blitt fullført ei desentralisering kor kommunetalet har gått frå 33 til 357 kommunar. Kommunevala er kvart femte år, og skulle haldast i september 2005, men blei utsett til april 2006. Regjeringspartiet CDP vann kommunevala i 313 kommunar.

Levevilkår
Levestandarden til Burkina Faso er rangert på tredje siste plass sidan 1997, i følgje the Human Development Index (HDI) og United Nations Development Programme (UNDP). Den er basert på data om forventa levealder, alfabetiseringsrate, skuledeltaking og bruttonasjonalprodukt per person.
   
Tilbodet av helsetenestar er langt frå tilstrekkeleg og underernæringa høg. Som ein del av Poverty Reduction Paper 2000 og 2004, har regjeringa starta ei storsatsing på utdanning og helsevesen ved hjelp av pengar frå gjeldsslette, lån og donorar. Mordet på journalisten Norbert Zongo har utløyst ei friare presse og Journalistar utan grenser har rangert landet på 78. plass av 167 når det gjeld pressefridom.

Ein sårbar økonomi i vekst
84 prosent av arbeidskrafta er sysselsett i landbruket. Dei største eksportinntektene kjem frå bomullsproduksjon (63 prosent i 2004), så følgjer husdyrhald (13 prosent), og gull- og oljehaldige frø/nøtter. Ved normal regntilførsel er landet sjølvforsynt på korn, bortsett frå ris. Landet har store ubrukte mineralressursar, og i år opnar tre gullminer.
    
I perioden 2001 til 2004 låg den økonomiske veksten gjennomsnittleg på seks prosent. I 2005 var den på syv og en halv prosent. På grunn av tørke og grashoppeinvasjon i nord, blei avlinga dårleg i 2004, og det blei dermed underskott på korn i 2005. Dette førte til høge matvareprisar, som saman med høg oljepris, bidrog til høg inflasjon. 20 provinsar fekk merka matkrisa.
    
Sidan 2004 har handelsvilkåra blitt forverra på grunn av synkande bomullsprisar og stigande oljeprisar. Til kompensasjon har bomullsproduksjonen auka enormt sidan 1999, og landet var blant dei tre største bomullsprodusentane i Afrika i 2005. Utanlandshjelp og overføringar frå emigrantar i naboland er med på å minska underskottet på betalingsbalansen. Overføringane har derimot blitt kraftig redusert sidan konflikten i Elfenbeinskysten starta i 1999, då 600.000 burkinarar har returnert til nå. Konflikten skapte også problemer for varetransporten som gjekk gjennom Elfenbeinskysten og forstyrre handelen mellom dei to landa. For å betra handelsvilkåra, har regjeringa tatt opp kampen mot bomullssubsidiane i Vesten.
    
Nokre tilfelle av fuglevirus har blitt oppdaga i 2006, og bøndene blir nå ramma av redusert etterspurnad etter fjørfe. Fjørfe har vore ei viktig ekstra inntekt og matkjelde for dei fleste bondehushalda i landet. For å kjempa mot dette har landet vedtatt ein nasjonal plan.
   
I 1991 signerte styresmaktene låneavtalar med strukturtilpassingsprogram i Valutafondet (IMF) og Verdsbanken. Det har ført til liberalisering på fleire område og 26 statseigde selskap er privatisert og fleire står på trappene. Nokre har blitt lagt ned, blant anna landets einaste tekstilfabrikk, Fasotex, som blei gjenopna i 2006. I 2000 til 2002 fekk landet ettergitt gjeld av IMF og i år har det blitt ettergitt gjeld av IMF, Verdsbanken og Den afrikanske utviklingsbanken.

Internasjonale relasjonar
Relasjonen til Elfenbeinskysten er forverra etter framandfiendtlege åtak på burkinarar frå deira side og burkinsk støtte til rebellane der. Burkina har elles støtta Charles Taylor i tidleg 1990-åra, og seinare rebellane i Sierra Leone og Angola. Dei foreinte nasjonar (FN) har skulda regjeringa for utvida brot på FN-sanksjonane i desse områda, og forholdet til USA har lidd under dette. Landets gode forhold til Libya har også gjort at dei ikkje fekk føremonlege handelsvilkår, African Growth and Opportunity Act (AGOA), i USA før januar 2005. Burkina autoriserte forsøksdyrking på genmodifisert bomull frå det amerikanske selskapet Monsanto og Syngenta i 2003, som det fyrste landet i Vest-Afrika. Dette er også med på å føra desse to nasjonane saman.
    
Mauritania har skulda regjeringa for å blanda seg inn i fleire forsøk på statskupp, seinast i september 2004. I august i år var Presidenten Blaise Compaoré meklar i den togolesiske krisa mellom opposisjonen og regjerande styresmakter, og dei har akkurat danna ei overgangsregjering kor opposisjonspartia er representert og fått statsministeren.

Norbert Zongo, ein henlagt drapssak?
Journalisten Norbert Zongo og tre kompanjongar blei myrda i 1998 medan dei etterforska drapet på sjåføren til presidentens bror og rådgjevar. Dette sette i gang store protest-demonstrasjonar og streikar organisert av ein koalisjon av politiske parti og sivile organisasjonar, le collectif, som krov at dei ansvarlege blei dømde. Fagforeiningar, menneskerettsorganisasjonar og studentar spelte her ei aktiv rolle. Ein uavhengig granskingskommisjon konkluderte i mai 1999, og saka blei overlatt til rettsvesenet same året. Adjutant Marcel Kafando, ein av tryggleiksvaktene til Blaise Compaoré, blei sikta for drapet i 2001. Le collectif, saman med Journalistar utan grenser, krev at også dei som utførte ordren blir stilt ansvarlege. Dei meiner det er presidentes bror og presidenten.
    
For å roa opposisjonen tok presidenten initiativ til ei koalisjonsregjering i 2000, organiserte ein unnskyldningas dag i 2001, og oppretta eit fond kor offer for politisk kriminalitet skulle få kompensasjon. Enka etter Norbert Zongo og presidenten Thomas Sankara er ikkje interessert i forsoning før sanninga er lagt på bordet.
   
I august 2006 blei tiltalen mot Marcel Kafando trekt tilbake fordi hovudvitne skifta forklaring. Den europeiske union og USA har uttalt sin bekymring og oppmuntrar til at saka blir oppklart. Fagforeiningane som har streika for høgare løn og mot høgare prisar ved fleire høve i år, skal ha ein ny streik i september 2006 kor også denne saka blir i fokus. Framtida vil visa om presidentens forsoningsstrategiar har fungert eller om styresmaktene vil bli utfordra igjen.

Parlamentsval
I 2007 er det parlamentsval og det gjenstår å sjå om opposisjonen vil vinna på ei eventuell misnøye blant folket som følgje av det uavklarte drapet på journalisten Norbert Zongo. Vallova er derimot endra sidan opposisjonens «siger» ved valet i 2000 slik at små parti vanskelegare vil få inn representantar denne gongen.

*Inger Marie Silli Zongo har skrive hovudfagsoppgåve i samfunnsgeografi om matvareutryggleik i Burkina Faso og var leiar for Vennskapsforeningen Burkina Faso-Norge inntil nyleg.


Andre landprofiler:
2012-2013, 2010-2011, 2008-2009, 2002-2003, 2000-2001
Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe