Afrika.no Meny
Mormor og heilegdagsrasismen:

Historia om bunaden

– På vegner av jenta i nordlandsbunad er eg sint, og eg vil fortelje det til deg. Det er viktig for meg at du forstår kvifor eg er sint. Men eg vil ikkje vere ho som igjen innleier samtalen med noko som har skjedd henne, skriv Camara Lundestad Joof.

Vi har ein bunad i familien, ein barnebunad. Ein nordlandsbunad....

Les Camara Lundestad Joof si gripande historie om bunaden her, og høyr samtala mellom Joof og Afrika.nos Marta Tveit under.

Vi har ein bunad i familien, ein barnebunad. Ein nordlandsbunad. Den er brodert av Inga Rørvik. Ho er ei av dei tre kvinnene som står bak designet. Nordlandsbunaden er den bunaden som flest gonger – uoffisielt – er blitt kåra til Noregs vakraste. No snakkar eg ikkje om den grøne, eg snakkar om den blå. Dette er viktig. Barnebunaden vår går på omgang i slekta til dei som har store nok barn til å bruke den. Då eg var seks år, var det min tur.

Mormor går for å ta ut pengar i minibanken. Eg står på Kvaltorget i Sandefjord og skin. Eg svingar med skjørtet. Eg har ikkje på meg kysa. Det er 17. mai. Og to kvinner – dei er eldgamle, i minnet mitt er dei minst hundre år – kjem bort til meg og kommenterer bunaden min. Så du har på deg nordlandsbunad, du? Ja, svarer eg, og legg ut om at den har vore i slekta alltid, og at når nokon er gamle nok, så får dei bruke den, og eg er gammal nok, for eg blir sju år om to veker, og eg spinn rundt i den og viser meg fram. Den eine kvinna gir meg eit rapp på armen med paraplyen sin. Og ho fortel at eg har ingenting i den bunaden å gjere. Det er respektlaust av meg å bruke den, eg har ingen rett, seier ho. Så eit rapp til på armen. Eg burde skamma meg over å stå og skryte så hemningslaust av noko som ikkje er mitt. Eg gnir meg på armen og stirer på henne.

Nordlandsbunaden er den bunaden som flest gonger – uoffisielt – er blitt kåra til Noregs vakraste. No snakkar eg ikkje om den grøne, eg snakkar om den blå

Så kjem mormor bort, springande, svingande, og ho slår den eine dama med veska si, og hyttar med neven og ber dei dra til helvete, og roper at det er dei som burde skamme seg. Damene styrtar av garde, og mormor er ein superhelt, og ho er rasande og kjærleg, og ho tørkar tårene mine, og tar meg med på tivoli, og sjølv om eg kjem frå ein sukkerfri heim, kjøper ho to heile sukkerspinn til meg, og eg et begge og blir så kvalm at etter karusellen kastar eg opp. På bunaden.

Når eg fortel denne historia, er oftast ubehaget til lyttaren så sterkt at stemninga blir spent, fram til mormor dukkar opp og reddar dagen og det kjem oppkast på bunaden. På dette symbolet som kanskje ikke betyr så mykje likevel. Når historia er ferdig, sit vi igjen og er letta. Sjokk og vantru, men òg ein lattermild lette.

Vi vil vere mormor i denne historia, får vi lov til å tenkje. Vi er alle så takksame for mormor. For om det finst ei mormor, så får vi vere henne. Og ikkje damene. Aldri dama som slo med paraplyen. Men kva med venninna hennar? Ho som ikkje sa noko? Stilla hennar var like aktiv som paraplyen. For meg.

Men mormor kom først etterpå, etter at damene hadde gått.

Utan mormor er ikkje historia til å bere. Ikkje for den som høyrer historia. Og heller ikkje for meg sjølv somme gonger

Det er ein helvetes kø framfor minibanken 17.mai. Det fanst ikkje Vipps på nittitalet. Mormor kunne ikkje noko for at ho ikkje var der, like lite som at eg kunne noko for at eg stod der. Og då mormor kom, sa eg ikkje noko. Og sidan eg ikkje sa noko, kunne ho heller ikkje gjere noko. Men rappa på armen var ikkje så harde, og det tok ikkje lang tid før eg slutta å gni på dei og blei distrahert av borgartoget.

Men eg la inn mormor i historia, nesten heilt i byrjinga, då eg som tenåring begynte å fortelje om det som hadde skjedd. For utan mormor er ikkje historia til å bere. Ikkje for den som høyrer historia. Og heller ikkje for meg sjølv somme gonger.

Då er det atter ein gong berre noko som har skjedd meg. Formålet med historia blir å seie: Dette skjedde meg. Dette skjedde meg som lita, då eg ikkje hadde nokon ord. Eg hadde ikkje noko språk til å forklare det for nokon, så eg sa ingenting. Og som vaksen er eg sint. På vegner av jenta i nordlandsbunad er eg sint, og eg vil fortelje det til deg. Det er viktig for meg at du forstår kvifor eg er sint. Men eg vil ikkje vere ho som igjen innleier samtalen med noko som har skjedd henne. Dette skjedde meg. Som igjen får alt til å handle om meg og hudfargen min. Så historia handlar om at mormor var ein superhelt. Nokre gonger for di skuld, men kanskje mest for mi eiga.


*****

Historia er henta frå Joofs bok "Eg snakkar om det heile tida". Høyr samtala med Camara Lundestad Joof her - om rasisme og raseri, om korleis mikroaggresjon skapar paranoia som fortærar kvardagen, om å navigera ein brun kvinnekropp i Norge i dag, om å verte dritlei av å snakke om rasisme...


Har du spørsmål eller synspunkter på denne artikkelen? Vil du skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen: sigrun@afrika.no



Flere aktuelle artikler

Foto: Lund Hagem Arkitekter/Atelier Oslo

Et kritisk perspektiv på hvithet:

For å se rasismen, må vi vite hvordan hvithet virker

Rasisme handler ikke bare om eksplisitte hathandlinger. Rasisme handler også om en hvit overlegenhetsideologi - en hvit form for skjult hverdagsrasisme som er såpass internalisert i våre hoder at den kommer til uttrykk i praksiser vi hvite oppfatter som normale og hverdagslige.

Afripod:

Avkolonisering i praksis - kunst og kultur

Hva innebærer avkolonisering innen film, bildende kunst og kulturlivet for øvrig? Hør Marta Tveit og Jonas Njau i vår tredje og siste afripod om avkolonisering her.

Afripod:

Koloniarven i klasserommet

I andre episode av serien om avkolonisering snakker vi om skolen i Afrika. Hva slags kunnskap er verdt å ta vare på? Hvorfor er bestemors snart utdøde språk fra landsbygda liksom bare å glemme så fort som overhodet mulig, mens tysk fortsatt undervises i den tanzanianske skolen?

Emner

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Afrika
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe