Afrika.no Meny
Etiopias politiske krise:

Fare for langvarig uro

Foto: NTB Scanpix/Reuters

Biletet er frå ein sørgeseremoni etter at over 50 menneske mista livet då soldatar brukte tåregass og skapte panikk blant fredelege Oromia-demonstrantar i oktober. Foto: NTB Scanpix/Reuters

Det siste året har Etiopia vore prega av spreidde, men likevel omfattande protestar. Demonstrasjonar i dei to mest folkerike regionane, Oromia og Amhara, har ført til at Etiopia ikkje lenger kan framstille seg som ei oase av ro i eit elles ustabilt hjørne av Afrika. 

Regimet har dermed mista trumfkortet sitt, stabilitet, og posisjonen som vestens viktigaste allierte på Afrikas horn er truga. Unntakstilstanden som vart annonsert den 8. oktober gjev styresmaktene fullmakter til å kneble alle forsøk på protest eller kritisk ytring, og til å setje til side omsynet til allereie pressa grunnleggjande menneskerettar. Det svært innsnevra rommet for opposisjon er difor ytterlegare lukka, og høvet til dialog og forhandlingar er minimale. Dette gjev grunn til å tru at demonstrantane, om enn knebla, vil halde fram, og at Etiopia kjem til å vere ustabilt i lang tid framover.      

Det er grunn til å tru at demonstrantane, om enn knebla, vil halde fram, og at Etiopia kjem til å vere ustabilt i lang tid framover

Etiopia er no inne i den største politiske krisa i landet sidan Meles Zenawi, statsministeren som hadde styrt landet sidan 1991, døydde i 2012. Det byrja som ein protest mot utviding av hovudstaden Addis Ababa og ekspropriasjon av land frå oromo-bønder nær byen i april 2014, og har halde fram som sporadiske, men omfattande demonstrasjonar i byar og tettstader over store delar av Oromia sidan november 2015. I tillegg til landspørsmålet har klagemåla dreidd seg om korrupte politiske leiarar og den generelle mangelen på politisk fridom og menneskerettar under EPRDF (Ethiopian People’s Revolutionary Democratic Front).

I august 2016 tok det ei ny vending, då folk gjekk ut i gatene også i fleire byar i Amhara, ein region der vi ikkje har sett slike protestar før. Her demonstrerte folk på bakgrunn av ein gamal klage om eit område med amharisktalande folk som vart inkludert i naboregionen Tigray på 1990-talet. Det var også meir generelle protestar mot regimet.

Massearrestasjonar og fleire hundre drepne

I løpet av første helga i august vart om lag 100 menneske drepne under demonstrasjonar i Amhara og Oromia. Den siste alvorlege hendinga fann stad under ein tradisjonell religiøs oromo-festival i byrjinga av oktober, der minst 55 menneske vart drepne etter at føderale tryggingsstyrkar greip inn og det oppstod panikk i dei store folkemengdene. Dødsfalla og handsaminga frå tryggingsstyrkane leidde til nye prostestar i heile Oromia, og påfølgjande åtak på utanlandske fabrikkar og statlege institusjonar. Dette var bakgrunnen for unntakstilstanden, som vart innført for seks månader frå 8. oktober 2016.

Massearrestasjonar av titusenvis er det vanlege virkemiddelet for å demme opp for politisk aktivisme

Statsminister Hailemariam Dessalegn har bekrefta om lag 500 menneske er drepne under opptøyene det siste året, og har innrømma at meir enn 1600 er arresterte. Men talet på arresterte er sannsynlegvis mykje større, noko styresmaktene indirekte har innrømma, då dei erklærte at 2000 av dei var frigjevne 30. oktober. Røynsler frå tidlegare viser at massearrestasjonar av titusenvis er det vanlege virkemiddelet for å demme opp for politisk aktivisme. Demonstrantane og potensielle demonstrantar vert då internerte i leirar i opp til ein månad og vert utsette for hard fysisk disiplinering og indoktrinering, for så å verte lauslatne.

Gradvis innskrenking

Eit kjenneteikn ved protestane er at dei framstår som lite organiserte og har mangel på klar leiarskap. Dei tradisjonelle opposisjonspartia har spela ei minimal rolle, medan skuleelevar og studentar, ved hjelp av sosiale media, ser ut til å ha vore avgjerande for mobiliseringa. EPRDF har skulda etiopiske aktivistar i utlandet for å stå bak. Det er usikkert kor viktig denne diasporaen har vore, men EPRDF har eigeninteresse i å framstille dei som avgjerande. Når skulda leggast på oppviglarar utanfrå, inkludert bidrag frå fiendtlege makter som Eritrea og Egypt, framstår det som mindre sannsynleg at krava frå demonstrantane er legitime og har støtte hos det etiopiske folket.

Skiljet går ikkje mellom dei som er Tigray og dei som ikkje er det, men på om ein er del av regjeringspartiets nettverket eller ikkje.

Det er likevel all grunn til å forstå protestane som eit uttrykk for misnøye med regimet. EPRDF har sete med makta i meir enn 25 år, og i løpet av desse åra har det skjedd ein gradvis innskrenking av politiske og sivile rettar, mellom anna gjennom nye lover som regulerer sivilsamfunn og opposisjon og gjev vide fullmakter til tiltak mot terrorvirksomhet. Etter valet i 2015 kontrollerer EPRDF no alle setene både i nasjonalforsamlinga, i regionale delstatsforsamlingar og i lokalt valde organ.

Gap mellom liv og lære

Frustrasjonen over landekspropriasjon er også eit uttrykk for misnøye med gapet mellom liv og lære i det føderale Etiopia. Det etiopiske grunnlova gjev dei regionale delstatane stor grad av sjølvstyre, også til å kontrollere eige land, medan det i realiteten er den sentrale partileiinga som avgjer når politiske og økonomiske interesser står på spel. Sentralregjeringa si inngripen i økonomien, i utviklingas namn, har svekka regionale styresmakter si evne til å ta sjølvstendige avgjerder. Landekspropriasjon er spesielt utbreidd i Oromia, og oromo-folket, som representerer ein tredel av den 100 millionar store folkesetnaden, har uttrykt at dei kjenner seg marginaliserte. Når det i tillegg har vore mykje korrupsjon avdekka i sal av land, gjev det grobotn for misnøye.

Trass i ein gjennomsnittleg økonomisk vekst på 10 prosent dei siste ti åra, er det mangel på økonomiske moglegheiter og arbeid for ungdom. Dette er noko av grunnen til at dei unge har vore sentrale i protestane. Utan håp om ei framtid er dei villige til å ta risiko.

Ikkje berre Tigray

Det vert ofte spela på ei oppfatninga om at det er Tigray-folket, som utgjer ca 6 prosent av folkesetnaden, som har fått uforholdsmessig stor del av vinsten frå den gode økonomiske utviklinga. Dette er ei forenkling. Sjølv om TPLF (Tigrayfolkets frigjeringsfront) framleis dominerer koalisjonen EPRDF, så er EPRDF kome til gjennom eliteforhandlingar der kvar av dei fire partia sine leiarar og deira nettverk har fått tilgang på makt og ressursar. Dagens statsminister er frå Sør-Etiopia, frå ei av dei tradisjonelt marginaliserte gruppene.

Skiljet går ikkje mellom dei som er Tigray og dei som ikkje er det, men på om ein er del av det store EPRDF-nettverket eller ikkje. Det er liten skilnad mellom stat og parti i Etiopia, og regjeringspartiet brukar både statens ressursar og statleg byråkrati til å styrke sin posisjon. Folks sinne mot partiet har difor kome til utrykk gjennom åtak på statleg eigedom, slik som helsestasjonar og ambulansar.

Mot samla og større politisk protest?

Det store spørsmålet er om protestane kan verte slått saman i ein større politisk protest mot regimet. Det er dette regjeringa er redde for – og det er difor dei slår så hardt ned på protestane. EPRDF sin manglande evne til å kvele opprøret kan også truge den interne leiarskapen i regjeringspartiet. Sjølv om det er lite informasjon om dei indre forholda i partiet etter Meles Zenawi, så kjem det fram ei tydeleg spenning mellom ulike delar av organisasjonen, delvis mellom dei ulike etniske gruppene og delvis innad i TPLF. Dersom leiinga ikkje stansar protestane, kan krefter i TPLF som ynskjer å gå hardare til verks vinne den interne maktkampen. Dei militære kan også ta meir makt, dersom dei ser at politiske leiarar ikkje er i stand til å halde ro og orden. Desse forholda kan vere noko av bakgrunnen for innføringa av unntakstilstand – den kan fungere som eit sterkt signal til andre delar av maktapparatet om at ein er i stand til å gjenopprette kontroll.

Fortsatt ustabilitet i Etiopia set fleire vestlege politiske prosjekt på Afrikas horn i fare

Situasjonen gjev liten grunn til å tru på politisk reform. Regjeringas lovnader om nasjonal dialog og reform av valsystemet har stilna sidan unntakstilstanden blei innført. Ei utskifting av statsråder i regjeringai byrjinga av november var meint som eit forsøk på å få ei meir representativ regjering med fleire oromoar. Men det har elles ikkje ført til meir fundamentale endringar, noko som truleg er nødvendig for å kome demonstrantane i møte.

EU og USA kan miste stabil alliert

Fortsatt ustabilitet i Etiopia set fleire vestlege politiske prosjekt på Afrikas horn i fare, noko som i siste instans også vil svekke det etiopiske regimet. Etiopia som ein stabil alliert i den amerikanske kampen mot terror vert utfordra. Etiopia som ein viktig partnar for EU for å stoppe migrasjon til Europa kan kollapse. Landet har nettopp fått 500 millionar USD frå EU for å skape industriarbeidsplassar for 30.000 flyktningar, for å hindre dei å reise vidare til Europa (Etiopia husar no 730.000 flyktningar, mange av dei eritrearar på veg til Europa). Utanlandske investorar, som etablerte seg i Etiopia nettopp fordi landet kunne tilby stabilitet, vil sannsynlegvis trekkje seg ut. Turistane, som har kome i stadig aukande tal til landet, vil slutte å kome. Dette kan få store følgjer for den økonomiske utviklinga i landet, noko som igjen vil underminere EPRDFs store politiske prosjekt, som er å få landet opp på mellominntektsnivå innan 2030.

Dette scenariet ser sannsynlegvis den politiske leiinga også, og vel difor å setje i verk sterke verkemiddel for å gjeninnføre stabilitet. Det største problemet, at dei brukar verkemiddel som på lenger sikt ikkje vil skape stabilitet, ser dei derimot ikkje ut til å ha innsett.


Har du spørsmål eller synspunkter på denne artikkelen? Vil du skrive for oss?” Ta kontakt med redaksjonen her: redaksjonen@afrika.no



Flere aktuelle artikler

Foto: NTB/Scanpix/Reuters

Kommentar

Fred er frihet - Somalias oppgjør med Al-Shabaab

Lørdag 14. oktober skjedde det ondeste og største terrorangrepet i Somalias historie noensinne. Men dagen som skulle ha vært den mørkeste dagen i Somalias historie ble faktisk Somalias enhetsdag.

Foto: Thomas Mukoya/NTB/Scanpix/Reuters

Analyse

Krise for kenyansk demokrati

Valg i Kenya har noen kjennetegn: Valgets vinner får all makt. Politiske partier bruker etniske skillelinjer til å bygge sin makt. Den tapende part står liten og svak tilbake, noe som fører til usikkerhet og frykt.

Foto: NTB Scanpix/AFP

Debattinnlegg:

Kenya: Et godt gjennomført valg

Jeg har i 20 år ønsket at Raila Odinga skulle få sin sjanse som president i Kenya. Nå må han vise at han er en verdig taper, skriver Tore Westberg i dette leserinnlegget.

Emner

Algerie Angola Benin Botswana Burkina Faso Burundi Kamerun Kapp Verde Den sentralafrikanske republikk Tsjad Komorene Kongo-Kinshasa Djibouti Egypt Ekvatorial-Guinea Eritrea Etiopia Gabon Gambia Ghana Guinea Guinea-Bissau Elfenbenskysten Kenya Lesotho Liberia Libya Madagaskar Malawi Mali Mauritania Mauritius Marokko Mosambik Namibia Niger Nigeria Kongo-Brazzaville Rwanda São Tomé og Príncipe Senegal Sierra Leone Somalia Sør-Afrika Sudan Sør-Sudan Swaziland Tanzania Togo Tunisia Uganda Vest-Sahara Zambia Zimbabwe
Algerie
Angola
Benin
Botswana
Burkina Faso
Burundi
Den sentralafrikanske republikk
Djibouti
Egypt
Ekvatorial-Guinea
Elfenbenskysten
Eritrea
Etiopia
Gabon
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
Kamerun
Kapp Verde
Kenya
Komorene
Kongo-Brazzaville
Kongo-Kinshasa
Lesotho
Liberia
Libya
Madagaskar
Malawi
Mali
Marokko
Mauritania
Mauritius
Mosambik
Namibia
Niger
Nigeria
Rwanda
São Tomé og Príncipe
Senegal
Seychellene
Sierra Leone
Somalia
Sør-Afrika
Sør-Sudan
Sudan
Swaziland
Tanzania
Togo
Tsjad
Tunisia
Uganda
Vest-Sahara
Zambia
Zimbabwe