Afrika.no Meny
Twitter:

Dei 140 bokstavane som bind Afrika saman

Tanzanias sparsommelige president er blitt et populært offer for twitter-kommentarer: - Hadde planer om å ta en taxi, men så tenkte jeg WhatWouldMagufuliDo?

Twitter har blitt ein populær stad for samfunnsdebatt i mange afrikanske land. Og nokre tema bind heile Afrika saman. Twitter er særskild populært i land som Nigeria, Sør-Afrika, Kenya og Ghana, og i fleire land har Twitter-aktivismen vore stor i form av populære emneknaggar. 


I Sør-Afrika står president Jacob Zuma for fall. Det som starta som eit studentopprør vart raskt til ein emneknagg der bodskapen var klar: Studentavgiftene må ned, og det må også statuar av gamle kolonistar. Etter kvart som saka rulla vidare, fikk desse emneknaggane følge av ein ny: #ZumaMustFall. Nyleg vart Zuma dømd av Sør-Afrikas grunnlovsdomstol for misbruk av statens pengar. Emneknaggen er ikkje berre populær i Sør-Afrika, men også ein av dei mest brukte i Egypt.

#WhatWouldMagufuliDo

Også ein annan president har fått sin eigen emneknagg, men då fordi han vil spare fellesskapets pengar, ikkje bruke dei på seg sjølv. Tanzanias Magufuli Pombe kutta kraftig i landets budsjetter dei første vekene som leiar. Han meinte det var mange offentlege pengar å spare på å droppe luksus, dyre feiringar og lange utanlandsreiser. Inspirert av sin leiar starta mange i Tanzania ein emneknagg der dei kom med forslag til korleis dei også kan kutte i sine private utgifter. Og glimtet i auget var så absoluttplass.

#BuyNaija

Ein emneknagg skal redde Afrikas største økonomi. Det er i alle fall tanken. I Nigeria har dei fått store økonomiske problem etter at oljeprisen har stupt, og no oppmodar styresmaktene til å kjøpe lokale varer. #BuyNaija er emneknaggen, der ordet «Naija» er eit anna ord for Nigeria. Problemet er berre at veldig få varer som vert selde i Nigeria er produserte i landet. Av matvarer er det stort sett  berre øl og brus som vert produsert lokalt. Alle dei andre varene vert derimot dyrare fordi valutaen i Nigeria vert svakare, og dermed vert import dyrare.

#SomeoneTellCNN

Obama skal besøke eit terrorreir, stod det å lese på CNN. Det fekk mange afrikanarar til å reagere. Sjølv om landet har hatt nokre store terrorangrep dei siste åra, seinast mot ein høgskule i Garissa, og i 2013 mot kjøpesenteret Westgate i Nairobi, så synes ikkje folk i Kenya at dei bur i eit terrorreir. Mange kenyanarar tok til motmæle på Twitter.

#KenyansMessageToObama

Då Barack Obama besøkte Kenya i fjor vakte det merksemd over heile verda. Mange var spente på kva tema Obama skulle snakke om under sitt besøk, og mange afrikanarar brukte Twitter til å seie si meining om kva Obama burde snakke om, eller ikkje snakke om, under sitt besøk. Homofili var eit gjennomgåande tema, og mange bad Obama la vere å komme med sitt vestlege syn og ta opp homokampen under sitt besøk. Han burde heller snakke om korrupsjon blant afrikanske statsleiarar, meinte fleire.

Japanske tweetar

Engelsk, fransk og arabisk er naturleg nok mykje brukte språk på Twitter i Afrika. Men overraskande mange tweetar er også skrivne på japansk og koreansk. Språka er i bruk i fleire land, men det er særskild på Komorene at japansk er i bruk. Komorene er faktisk det landet i Afrika med klart flest twitter-meldingar per innbyggjar, og i tillegg er dei altså i stor grad på japansk. Etter lengre tid med fundering, så fann ein svaret. Ein arbeidslaus japansk mann sendte ut meldingar kvart femte minutt. Han bombarderte ulike twitterbrukarar med meldingar fordi han meinte at dei hadde sørga for at han mista jobben sin ved å bruke elektrobølgjer. Og tweetane vart geolokalisert til Komorene i Det indiske hav.

Justin Bieber, One Direction og Manchester United

Manchester United er eit særs populært fotballag I mange afrikanske land, og at mange tweetar har emneknaggen #manutd er kanskje ikkje så rart. Men at dei vestlege popstjernene i One Direction og den kanadiske stjerna Justin Bieber ligg høgt på listene er hakket meir oppsiktsvekkande. Men nok ei gong er det dei små øystatane som har popartistane høgt på listene, og sjansen er stor for at det er unge fjortisjenter som står bak twittermeldingane i håp om at idola deira skal legge merke til dei.


Har du spørsmål eller synspunkter på denne artikkelen? Vil du skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen: rahwa@afrika.no



Flere aktuelle artikler

Emner

Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Siste oppdatering av bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2021. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.