Afrika.no Meny
Libya

Mot en todeling?

Foto: Al Jazeera

Det har lenge vore snakk om at "Libya kan bli delt opp i to". Det er litt meir innvikla enn som så.

Til nå har eg, når eg skal prøve å forklare konfliktane, ganske forenkla sagt dei går langs tre ulike konfliktaksar:

Staten og militsane

For det første har vi forskjellen mellom sentralstaten og militsane. Krigen i 2011 etterlot seg eit tomrom, både politisk og kva gjeld statlige institusjonar, sidan begge var så knytta til Qadhafis person som var borte. Det nye statsapparatet måtte langt på veg skapas frå grunnen, og det var naturligvis heller ikkje parti eller politiske retningar, sjøl om noen ansatsar til parti fantes (mellom dei Det muslimske brorskapet, som hadde overvintra hos meiningsfellar i Egypt).

Dette var fokusert i ein vald Generalkongress, som var dels sammensatt av "parti-grupper", men mest av enkeltpersonar utan partitilknytting. Forenkla delte ein dei opp i noen knytta til Brorskapet, og ein motpol som fekk merkelappen "liberal" - dei to var omlag like sterke, og kongressen degenrerte meir og meir til ein person- og klikk-krangel mellom dei to, der ingen fekk endelig overtak.

Denne begynnande sentralstaten hadde liten autoritet rundt om i landet, her var det militsane som rådde. Desse var, sa eg, ikkje eigentlig i opprør mot staten - det var feil å kalle dei opprørssoldatar, dei fleste av dei hadde gode kontaktar i ein eller fleire av klikkane i Tripoli, og mange av dei (også slike som kriga mot kvarandre) hadde fått formell status av å vere "del av den libyiske hæren" eller politiet, men tok altså ikkje imot ordre frå noen i staten, berre frå sine eigne leiarar. Dei oppfatta berre sentralstaten i Tripoli, med sin generalkongress og departement, som irrelevant. Kvar milits kjempa for sine eigne lokale interesser. Lenge var det berre mindre knuffing og noen trefningar, men frå i sommar utvikla kampane mellom dei største av dei seg til noe langt alvorligare. Men her skilte vest-Libya (Tripolitania) og aust-Libya (Cyrenaica) seg frå kvarandre. Det var ikkje samme konflikten i aust og vest, og heller ikkje samme type, slik ein del medier forenkla det til.

Vest: Kampen om Tripoli

Den mest folkerike delen av landet heiter "Tripolitania", for der ligg hovudstaden Tripoli. Den var  i krigen under Qadhafis kontroll, og derfor var det ingen stor motstandsmilits der (men fleire små). Tripoli vart derfor ein premie som dei to største regionale militsane i Tripolitania, dei frå den store kystbyen Misurata aust for hovudstaden, og dei frå den mindre byen Zintan oppe i Jabal Nafusa-fjella lenger sør kjempa om. Dei kontrollerte kvar sin del av Tripoli. I sommar kom dei i hard kamp om flyplassen sør for byen, som var halden av Zintan-gruppa.

Denne konflikten var i sin grunn ein rein regional kamp mellom to byar. Under krigen hadde ikkje noen av dei hatt noen spesiell ideologi, korkje religiøs eller på annan måte, anna enn at begge meinte dei hadde lidd mest for frigjeringa og fortente belønning for det, spesielt var Misurata klar på at, med Tripoli ute av spill, så var dei Libyas verkelige krumtapp (slik ambisjonar har også Misurata tidligare hatt). Men dei skaffa seg altså kvar sine allierte i det politiske livet, og Misurata oppnådde kontakt med noen knytta til Brorskapet, mens Zintan hadde allierte i den "liberale" fløyen.

Aust: Islam i sentrum

Annleis var det i aust. Her var det også ein maktkamp, men den var mye klarare prega av religiøs politikk. Cyrenaica hadde bedre bakgrunn for religiøs mobililsering, her hadde islamistiske geriljagrupper halde til i 1990-åra, og spesielt i byen Derna heilt i aust hadde konservative salafistar tidlig tatt kontroll og har det fortsatt, med eit klart religøst styre. Storbyen Benghazi er derimot langt meir sammensatt, slik Tripoli er det. Etter krigen dukka ennå meir radikale islamistgrupper oppe, mange ulike, men Ansar al-Sharia er den mest kjente, ikkje minst etter at dei vart knytta til drapet på den amerikanske ambassadøren i 2012 (fleire grupper var visstnok også involvert). Dei vart deretter kjeppjaga frå byen av befolkinga, som i stor grad var takksam til USA for hjelpa mot Qadhafi, og løyste seg opp, men kom seinare sterkt tilbake og vart til ein viktig milits i dette området.

Mot dei dukka det opp ein tidligare general, Khalifa Heftar, som ville "reinske ut islamismen" frå Libya, etter mønster av (og med sterk sympati hos) den nye egyptiske leiaren al-Sisi. Han samla derfor ein "hær" mot Ansar al-Sharia, men også mot Brorskapet, som han skulda for å stå i ledtog med Ansar (slik Sisi også påstår at det egyptiske Brorskapet "eigentlig" er jihadistisk). Heftars forhold til sentralregjeringa var ganske uklar. Fleire frå den gamle hæren slutta seg til han, også dei som var lojale til den nye regjeringa, og han hadde klart sympati hos noen. Men det var ingen offisiell backing eller band mellom hans hær og regjeringa, og det at han heilt klart også kjempa for Cyrenaicas særinteresser  og ville tvinge fram ei føderal løysing eller kanskje sjølstende for Aust-Libya, var sterkt i strid med gjeldande syn i Tripoli. Heftars hær var derfor også ein sjølstyrt milits som dei andre - men hos han, som hos Ansar, så var det altså rolla til islam og islamisme som var det sentrale. Nå påstod Zintan-militsen i vest at dei "støtta" Heftar og hadde kontakt med han, men reell samordning virka det ikkje som det var. Derfor var forklaringsmåten at striden i vest var om regional maktbalanse innan Tripolitania, den i aust var om religion og islamisme, med sjølstyre for Aust-Libya som bakteppe.

Blir kartet nyteikna?

Men så har det skjedd ting som tyder på at denne tredelinga ikkje held lenger som forklaring. Iallfall er det tegn som tyder på at troll kan gå i ord. Men det er fortsatt ganske kaotisk, så enn så lenge får vi kalle det ein stemningsrapport.

Frå eitt til to makteslause sentralstyrer

Det første er nyvalet til folkeforsamlinga i juni. Generalkongressen hadde  ikkje klart å skaffe på beina ei ny grunnlov, men det var likevel på tide med nye val. Men sidan namnet deira var blitt forbunde med maktesløyse og krangel, vart namet endra til "deputerforsamlinga", og partilistene vart avskaffa, nå var det berre "partilause" enkeltpersonar som skulle veljas. Resultatet vart, så langt ein kunne telle opp, at Brorskapets fløy vart noe svekka mot dei liberale, sjøl om dette vart aldri heilt avklart.

For forsamlinga har aldri møttes samla i plenum. På grunn av kampane ved flyplassen, vedtok dei ikkje å møtas i Tripoli, men i Cyrenaica. Men der var det også kampar i Benghazi. I staden skulle dei møtas i byen Tobruk heilt mot grensa til Egypt, ein by som er kontrollert av Heftars styrkar. Vel tre firedelar av forsamlinga reiste dit. Men ein del av medlemmene, særlig dei som sympatiserte med Brorskapet, nekta, sidan lova seier at forsamlinga skal møtas i Tripoli. Dei kalte derfor sammen restane av den gamle Generalkongressen, den som skulle ha blitt erstatta, og erklærte at dei fortsatt er den legale folkeforsamlinga i Libya. Slik er altså Libya nå blitt delt i to, med to parlament som begge gjer krav på å vere det lovlige statsstyret i Libya, eitt i vest og eitt i aust. Det i Tobruk har støtte av å vere sist vald, men det som måtte vere av statsadministrasjon er jo fortsatt i Tripoli. Det er også uklart i kva grad forsamlinga i Tobruk nå har stilt seg under Heftars beskyttelse, og utgjer ein "mot-stat" sammen med hans styrkar - og kva betydning det har for ambisjonen om lausriving av Cyrenaica, som omlag alle, også "liberale", i Tripolitania er sterkt i mot.

Den regionale kampen blir religiøs

Samtidig ser det ut til at milits-kampane i vest også har fått ein klarare religiøs karakter. Også her er det ganske forvirrande, og uklart kor mye som er propaganda: I dag er det klart ein fordel å kunne stemple motstandaren som "islamist" og "terrorist", spesielt om ein vil ha sympati hos Egypt. Der er dei spesielt opptatt av å stemple Brorskapet som jihadistisk og i ledtok med Qa'ida, IS, Ansar, ting vi veit ikkje stemmer i Egypt og vi ikkje kan sjå andre stader heller. Også i Libya har leiaren av Ansar gjentatt den vanlige remsa om at dei som prøver demokratiets veg og stiller opp til val, altså les Brorskapet, er fråfalne og fiendar.

Men samtidig så har leiarar i Misurata-militsen sagt at Ansar al-Sharia er OK, gode soldatar og vi vil gjerne samarbeide med dei, og militsleiarar med påståtte band til Brorskapet har vore i Benghazi og kan ha hatt kontakt med Ansar, som nå ser ut til å vokse seg ganske mektig og kontrollerer ein stor del, kanskje det meste, av Benghazi. Brorskapet sjøl seier at dei ikkje støtter noen av militsane (berre Generalforsamlinga), men det er altså ennå ikkje klart korleis skillelinene går her: Om Brorskapet i Libya faktisk prøver å nærme seg jihadistane (noe som vil vere overraskande, i lys av retorikken derfrå), om Misurata-militsen flyter ideologisk og forlater ein vag sympati for Brorskapet til fordel for dei meir slagkraftige jihadistane, eller om dette berre er lause uttaler som ikkje har noen realitet "på bakken". Kanskje vi vil få bedre forståing for dette om noen dagar, ettersom utviklinga held fram.

Akkurat nå er altså stoda slik at Misurata-militsen har klart å kaste Zintan-gruppa ut av flyplassen og vann dette slaget. Dét kan endre seg militært, Zintan-gruppa har vel ikkje tenkt å gå noen stad.

Men om det er slik at det blir ei eller annan slags samling i Tripoli på noe slags islamistisk basis mellom Generalkongressen og ein Misurata-milits som får militært overtak i byen, mens den liberale staten styrer frå aust, da er Libya snudd på hodet. For om det har vore noen grobotn for islamistisk styre i Libya (som kan diskuteras), så er det i Cyrenaica - der den "liberale staten" sit i ei lita lomme i Tobruk med sterke islamistar mellom seg og resten av landet - mens Tripoli og Tripolitania har vore bastionen for sekulært styre. Kva skjer vidare? Følg med.


Har du spørsmål eller synspunkter på denne artikkelen? Vil du skrive for oss? Ta kontakt med redaksjonen: rahwa@afrika.no



Bedriftsdatabase

Informasjonen i bedriftsdatabasen er basert på offentlig tilgjengelig informasjon om selskapene og på direkte etterspurt informasjon. Siste oppdatering av bedriftsdatabasen ble gjennomført i 2021. Dersom du er et selskap eller et enkeltindivid som ser mangler eller behov for oppdatering må du gjerne ta kontakt med Fellesrådet for Afrika.