Med Yoweri Museveni som president har Uganda hatt økonomisk framgong i over to tiår, landet har greidd å motvirke spredning av HIV og AIDS og storparten av landet har vore fredfullt. Men Museveni blir kritisert for at den økonomiske veksten i alt for lita grad har kome grasrota til gode og for at han ikkje ser ut til å vere villeg til å gi makta frå seg. Han har sete som president sidan 1986. I tillegg til dette har det vore borgarkrig nord i landet omtrent sidan Museveni kom til makta, ein krig den sitjande regjeringa ikkje har vore i stand til, eller hatt vilje til å stoppe.
Politisk situasjon
Opposisjonen i landet er veksande, men fragmentert. Dei ulike partia har ikkje greidd å stå samla som eit reelt alternativ til Museveni sitt National Resistance Movement (NRM). Partia har óg hatt problem med å bli einige om sitt eige leiarskap. Neste val vil vere i februar 2011, men det er knytt spenning til om Museveni vil gje frå seg makta om han tapar valet.
I 2007 arrangerte Uganda toppmøte for leiarane i Samveldelanda med stort hell. Dette gav landet og regjeringa mykje internasjonal tillit og prestisje, men i etterkant har det kome mykje kritikk av økonomistyringa av dette arrangementet. Eit anna tema som blir stadig meir spent er landspørsmål og landrettar. Bugandakongedømet, det største kongedømet i Uganda med hovudsete i Kampala, er stadig kritisk til regjeringa si handtering av land som ligg innanfor dette kongedømet. Dette har ført til auka spenningar mellom regjeringa og kongedømet, som toppa seg i september 2009, då regjeringa nekta kongen å reise på eit offisielt besøk utan godkjenning. Dette førte til gateopptøy og valdelege samanstøyt mellom demonstrantar og politi, der eit tjuetals menneske mista livet. Kongedømet sin radiokanal, CBS, vart stengt av styresmaktene og anklaga for å ha oppfordra til vald. Begge partar har klaga kvarandre inn for rettssystemet.
Konflikten i nord
Det nordlege Uganda har sidan Museveni kom til makta vore prega av konflikt. Dette har vore ei konflikt prega av enorme humanitære lidingar og overgrep mot sivile. Konflikten er kjend for brutale overgrep mot sivilbefolkninga, kidnapping av barn, voldtekter, amputeringar av lepper og lemmar og utstrakt bruk av barnesoldatar. Styresmaktene i Uganda har vore flinke til å tilskrive desse overgrepa til LRA (Herrens motstandshær) og Kony, medan ansvaret for desse overgrepa kvilar meir på regjeringsstyrkane enn dei likar å vedkjenne seg. Krigen i nord starta som ein motstand mot Museveni sitt regime i 1986. Det har vore ulike namn på styrkane som kjempa mot Museveni sine soldatar, men sidan 1987 har LRA vore den dominerande rørsla. Konflikten hadde sine største toppar i 1997 og 2003. I 2006, 2007 og starten av 2008 låg det an til fruktbare fredssamtalar, men ingen avtale har blitt underteikna.
Store delar av folket i Nord-Uganda budde frå midten av nittitalet i flyktningleirar. Livet i desse leirane var i stor grad prega av frykt for eigen tryggleik, forbod mot å bevege seg utanfor leirane - og dermed inga mulegheit for å dyrke jorda - og ekstrem fattigdom. Sidan 2007 har tryggleiken i området betra seg vesentleg og folk har i stor grad byrja å flytte attende til landsbyane sine og tatt fatt på å dyrke jorda att. Eit anna teikn på framgong og optimisme i regionen er den massive byggeaktiviteten i den regionale hovudstaden Gulu. Men framleis lev om lag 800 000 som internt fordrivne.
Det er noko uvisst kvar Kony og LRA held til for tida, men det verserar rykte om både nordaustlege Kongo (DRC) og Den sentralafrikanske republikk. Det har òg vore meldt at dei har vore i kamphandlingar i Sør-Sudan i siste halvdel av 2009.
Handel og næringsliv
Uganda er ein jordbruksnasjon. Mesteparten av jordbruket er sjølvberging, men landet eksporterar òg ein del kaffi og fisk til verdsmarknaden. Det er òg ein relativt stor eksport av andre matvarer til nabolanda og i sær til Sør-Sudan, der matvareprisane er høge. Modernisering av landbruket med tanke på eksport er eit sentralt tema for styresmaktene i landet.
Mangel på energi og elektrisitet har vore og er framleis eit stort hinder for industriutvikling. Fleire vasskraftverk er under utbygging og styresmaktene tek grep for å rette opp i problemet. Fleire norske selskap har interesser i vasskraftutbygging i Uganda.
Det er i seinare tid blitt funne olje i Lake Albert og det er knytt håp om at dette skal vere med på å lyfte landet økonomisk. Som alltid ved store funn av naturressursar blir det stilt spørsmål om eigarskap og rettar til ressursane. Eit sentralt problem ved desse oljeførekomstane er at dei ligg i grenseområdet til Kongo (DRC). Lokale styresmakter frå Lake Albert-regionen har òg kravd at ein del av inntektene frå olja skal nyttast lokalt. For at oljeutvinninga skal kome folket i Uganda til gode må det stillast solide krav til økonomisk berekraft og gjennomsiktligheit.
Sosiale tilhøve
Uganda som nasjon er samansett av mange ulike etniske grupper. Landet har mange ulike språk, men engelsk, luganda og swahili er dei viktigaste. Engelsk er språket brukt i dei fleste offisielle samanhengar, medan luganda er det største språket og vert snakka i regionen rundt Kampala. Swahili er offisielt språk i lag med engelsk, men vert lite nytta av andre enn militæret.
Uganda er eit av landa i verda med høgast folkevekst, med ein årleg vekst på 3,4 prosent. Som eit resultat av dette har landet ei ung befolkning, der ca 50 prosent er under 15 år. Landet slit framleis med mykje fattigdom og om lag 35`prosent lev under fattigdomsgrensa.
Det er relativt stor pressefridom i Uganda sjølv om enkelte overgrep finn stad. Mykje av pressa er svært kritisk til regjeringa og enkelte journalistar blir frå tid til anna arrestert og seinare lauslate. Det har òg vore tilfelle av radiostasjonar som har blitt stengt. Dei viktigaste avisene er New Vision og Daily Monitor. Den største, New Vision, er i stor grad regjeringslojal, medan Daily Monitor er djupt kritisk til NRM sitt styre.
Trass i store utfordringar er Uganda eit land i utvikling. Landet har tatt viktige steg i retning mot demokratisering, kvinner sin posisjon er blitt gradvis betra i seinare tid, landet har over dei siste to tiåra hatt økonomisk vekst og tryggleiken i nord er vesentleg betra dei siste åra. Om Uganda klarer å fortsette denne utviklinga er det stor grunn til optimisme.
Landfakta:
Areal: 241 038 km2 (33. størst)
Folketall: 38 millioner
Befolkningstetthet per km2: 131
Urban befolkning: 13 prosent
Største by: Kampala - ca. 1,4 millioner
BNP per innbygger: 500 USD
Økonomisk vekst: 9,5 prosent
HDI-plassering: 157