Landprofil 2008-2009: Egypt

Dagleglivet i Egypt har dei siste åra vore prega av prisvekst på matvarer og høg inflasjon. Samstundes strammar president Hosni Mubarak grepet om makta. Egypt er eit presidentstyre, der presidenten både formelt og i praksis har stor makt.

President Hosni Mubarak har styrt landet sidan 1981. Han blei sist gjenvald i 2005, i eit val med fleire kandidatar. Tidlegare presidentval har vore folkeavstemmingar med ein kandidat. Landet har eit fleirpartisystem, men det einaste lovlege partiet som har stor oppslutning er det statsberande partiet National Democracy Party (NDP).

Den største opposisjonsrørsla er Dei muslimske brørne. Det finst ein del mindre opposisjonsparti, men dei har lita oppslutning. Førre parlamentsval var i 2005. Då gjekk Dei muslimske brørne fram frå 17 til 88 representantar. NDP gjekk tilbake, men har framleis over to tredelar av representantane.

Grunnlovsendringar
I mars 2007 blei det gjennomført ei rekkje grunnlovsendringar på initiativ frå president Mubarak. Forbod mot religiøse parti blei formalisert i dei nye endringane, noko som vil hindra Dei muslimske brørne i å stifta parti. Det blei også vedteke ei endring av valprosedyre i retning av forhåndstalsval, noko som vil hindra enkeltpersonar i å stilla til val. Dette er også ei hindring for Dei muslimske brørne, som ikkje er eit godkjent parti og difor stiller som enkeltpersonar.

I den nye lova er også referansar til sosialisme fjerna. Desse formuleringane kom inn i lova på 1960-talet. Den viktigaste endringa var at unntakstilstanden som landet har blitt styrt under sidan 1981, no i praksis er tatt inn i grunnlova gjennom vide fullmakter for kamp mot terrorisme. Presselova blei revidert i 2006 utan at venta endringar som ville gjort det enklare å kritisera regimet for korrupsjon gjekk gjennom.

Opposisjonspartier og aktivistar som utfordrar regimet risikerer represaliar. Den viktigaste kandidaten i presidentvalet i 2005, Ayman Nour, blei arrestert og dømt til fire års fengsel for å skulle ha forfalska underskriftslistene han bruka for å få stifta partiet sitt. Jamnleg blir leiarar og aktivistar i Dei muslimske brørne arresterte for å vera medlem i ein ulovleg organisasjon.

Generalstreik
I april 2008 var det generalstreik og arbeidaropptøyer i industribyen al-Mahalla al-Kubra. Streiken var mot inflasjonen i den egyptiske økonomien. Demonstrasjonen samla tusenvis av deltakarar og blei møtt med brutal politivald, der ein tilskodar blei drepen og over hundre menneske blei skada. Fleire hundre blei arresterte i demonstrasjonane som foregjekk over heile Egypt våren 2008.

Den høge inflasjonen i Egypt og den generelle auka i matvareprisar verda over har ført til store problem med å dekka matvarebehovet i Egypt. Fattigfolk som tidlegare har hatt det trangt har no fått ein umogleg situasjon, og dei som har greid seg greit tidlegare må no bruka subsidierte gode, noko som presser tilbodet. Folk har blitt skada og drepne i konfliktar i matkøane. Dei høge prisane har også ført til arbeidskonflikter med krav om høgare løn.

Bistand frå USA
Egypt sine hovudinntektskjelder er olje, inntekter frå Suez-kanalen, turisme, bistand og pengeoverføringar frå egyptarar i utlandet. Egypt er den tredje største bistandsmottakaren til USA, berre Israel og Irak får meir. Viktigaste eksportvare etter olje er bomull.

Statsminister Ahmed Nazif starta i 2005 ein økonomisk reform for privatisering og kutt i subsidiar. Omstruktureringa av økonomien skjedde i samarbeid med Det internasjonale pengefondet (IMF). Resultatet av reformane er at Egypt har hatt høg auke i brutto nasjonalprodukt dei siste åra, med fem prosent i 2005-2006 og over sju prosent i 2007, og ei auke i utanlandske investeringar. Men situasjonen har samtidig blitt verre for den jamne egyptar, statsbudsjettet går med underskot, landet har høg inflasjon, og forskjellane mellom folk aukar.

Fram mot presidentvalet i 2011 blir det interessant å sjå kven som blir lansert som presidentkandidatar. Presidentsonen Gamal Mubarak blir sett på som ein sannsynleg arvtakar, men dette har møtt motstand i opposisjonen, som er svært kritiske til arvestyre. Det er også usikkert korleis det sterke militærapparatet vil reagera på kandidaturet, ettersom dei førre presidentane alle tre var sentrale i rørsla "dei frie offiserane" som tok over makta i 1952, mens Gamal Mubarak ikkje har nokon militær bakgrunn. Presidentstyret i Egypt baserer seg på ein sterk president med folkeleg oppslutning, og ein situasjon med ein svakare president vil skapa opning for nye konstellasjonar.

Del & favoritter

Av Ingrid Baltzersen
Ingrid Baltzersen er mastergradsstudent i Midtøsten- og Nord-Afrikakunnskap. Baltzersen har gjort feltarbeid i Egypt.

Seksjoner:

Søk
  1. Algerie
  2. Angola
  3. Benin
  4. Botswana
  5. Burkina Faso
  6. Burundi
  7. Den sentralafrikanske republikk
  8. Djibouti
  9. Egypt
  10. Ekvatorial-Guinea
  11. Elfenbenskysten
  12. Eritrea
  13. Etiopia
  14. Gabon
  15. Gambia
  16. Ghana
  17. Guinea
  18. Guinea-Bissau
  19. Kamerun
  20. Kapp Verde
  21. Kenya
  22. Komorene
  23. Kongo-Brazzaville
  24. Kongo-Kinshasa
  25. Lesotho
  26. Liberia
  27. Libya
  28. Madagaskar
  29. Malawi
  30. Mali
  31. Marokko
  32. Mauritania
  33. Mauritius
  34. Mosambik
  35. Namibia
  36. Niger
  37. Nigeria
  38. Rwanda
  39. São Tomé og Príncipe
  40. Senegal
  41. Seychellene
  42. Sierra Leone
  43. Somalia
  44. Sudan
  45. Swaziland
  46. Sør-Afrika
  47. Tanzania
  48. Togo
  49. Tsjad
  50. Tunisia
  51. Uganda
  52. Vest-Sahara
  53. Zambia
  54. Zimbabwe
Web: Noop | Design: © Ingrid Apollon | Støttet av Norad