FELLESRÅDET FOR AFRIKA (tidlegare Fellesrådet for det sørlige Afrika) blei stifta i 1967 som paraplyorganisasjon for den norske antiapartheidrørsla. I 1994 blei apartheid avskaffa og Fellesrådet løfta blikket og utvida interessefeltet til heile Afrika. I dag er Fellesrådet ein solidaritetsorganisasjon som ser informasjonsformidling som sitt viktigaste bidrag i arbeidet for rettferd og utvikling i og for Afrika.
Fellesrådet for Afrika vil bere fram ei analyse som viser at det er håp for framtida utan å oversjå hindringane som står i vegen. Vi ynskjer å vere eit alternativ til forenklande framstillingar som enten peikar på naive løysingar eller berre ser uoverkommelege problem. Fellesrådet meiner at god og grundig informasjon vil påverke norske aktørar si forståing av Afrika og handlingane deira i og overfor Afrika.
Hovudmålsetjinga vår er:
"Fellesrådet for Afrika skal utfordre forhold og strukturer i Afrika og globalt som hindrar ei rettferdig utvikling på og for kontinentet."
Kunnskap, makt og politikk
Fellesrådet meiner at dei strukturane og mekanismane som hindrar ei rettferdig utvikling er å finne både i den globale verdsordninga og internt i Afrika. Vår oppgåve som informasjonsprodusent og formidlar er ikkje verdinøytral. Fellesrådet si informasjonsverksemd byggjer på prinsipp om solidaritet og rettferd, og på ein politisk analyse av utvikling som eit spørsmål om maktrelasjonar og interessekonfliktar. Informasjonstiltaka våre skal bidra til meir, betre, kritisk og nyansert kunnskap om Afrika som reflekterer mangfald, makt og interessemotsetningar.
Ein god Afrika-politikk dreier seg ikkje om bistand åleine, men òg om politiske spørsmål som i dag ofte blir definerte utanfor det utviklingspolitiske feltet. Det dreier seg til dømes om kva Noreg gjer i forhold til handelspolitikk, utanrikspolitikk, forsvarspolitikk og næringspolitikk. Norsk politikk og interesser innanfor desse områda kan ha interesser som går imot eit ynskje om ein gjennomtenkt norsk politikk overfor utvikling generelt og Afrika spesielt. Vi ser det som ei viktig oppgåve å bruke ein kritisk informasjonsformidling til å peike på motsetningar i norsk politikk overfor Afrika, og vil jobbe for å kritisk rette fokus mot belyse og endre norsk politikk der denne kan gå på tvers av viktige afrikanske interesser. Tilsvarande ynskjer vi å bidra med kritiske og konstruktive analyser og kunnskap rundt kva ikkje-statlege aktørar bidreg med og kan bidra med i Afrika, til dømes innanfor bistand og næringsliv.
Økonomisk handlingsrom og ressursfordeling
Store deler av Afrika er i økonomisk krise. Fleirtalet av innbyggjarane på kontinentet lever i djup fattigdom, samstundes som kontinentet er særs rikt på naturressursar. Fattigdommen er nært kopla til omfattande strukturelle trekk, som gjeldsbyrda, globale handelsregime, manglande nasjonal og internasjonal fordeling og konfliktøkonomi. Mange av ressursane på kontinentet blir utnytta av kolonimakter, krigsdespotar, multinasjonale selskap og andre aktørar, og kjem ikkje det afrikanske folket til gode. I verdshandelen blir Afrika hindra tilgang til andre marknader medan ein krev at kontinentet skal opne sine eigne. Det er òg vanskeleg for mange afrikanske land å byggje opp eit sjølvstendig næringsliv, mellom anna grunna manglande investeringar og vilje frå internasjonale/vestlege aktørar til å bidra med teknologioverføringar og kunnskapsutvikling som er grunnlag for ei slik verdiskaping.
Dei politiske og økonomiske globaliseringsprosessane er ei utfordring for afrikanske demokrati. Mange av dei viktigaste internasjonale institusjonane lid av eit demokratisk underskot som fører til at det folkerike, men fattige Afrika, blir den tapande part; mange av dei viktigaste avgjerdene blir tatt utanfor kontinentet sine grenser, ikkje minst i Verdsbanken, IMF og WTO. Det internasjonale næringslivet har uforholdsmessig stor påverknad i Afrika og vi ser ei dreiing mot auka binding av både norsk og internasjonal bistand. Folkevalde i afrikanske land har på grunn av dette liten handlefridom, noko som er ein av fleire årsaker til avmakt og folkeleg mistru til demokratiske prosessar.
Demokratisering, deltaking og folkelig mobilisering
På tross av ei positiv demokratiseringsbølgje dei siste ti-femten åra, står mange demokrati framleis overfor store utfordringar i Afrika. Frie val er ikkje tilstrekkeleg for eit demokrati. Demokrati handlar òg om det sivile samfunnet, om sivile rettar, pressefridom, organisasjonsfridom, utdanning, likestilling, høve til å påverke eigen kvardag og om tilgangen på ressursar. Mange afrikanske leiarar står for ein antidemokratisk praksis, og det er eit stort gap mellom leiarar og folk. Men der finnast òg veksande, kreative og tidvis effektive sivilsamfunn som kjempar for demokratisering.
I denne prosessen er det viktig å styrke staten. Generelt er infrastruktur og utvikling av levedyktige byråkrati manglande, og staten manglar evne til å levere resultat. I eit internasjonalt klima der marknaden og det sivile samfunnet blir tillagt stadig meir makt og ressursar, kan ein lett gløyme at i eit fungerande demokrati er det staten som skal stå til ansvar overfor folket og levere tenestene som folket har rett på. Ikkje all bistand er god bistand. Og i ein situasjon med myriadar av små og store donorar, kan ein stå i fare for å få ei fragmentering av politikken og å ta brodden frå ei demokratirørsle som bør fokusere på sine eigne leiarar og krevje løysingar frå dei.
Formidling frå Afrika: marginalisering og stereotypiar
Afrika som kontinent har vore tilsidesett i mange institusjonar og situasjonar. Det er ikkje berre talet på artiklar i avisene som skal brukast som målestokk for Afrikas rolle i media. Artiklar er ofte tabloidiserte og gjerne fokuserte på enkeltsaker og nyhende. Ikkje minst er det framleis eit problem at afrikanarar ikkje kjem til orde i media. Marginaliseringa av afrikanarar i mediebiletet understøttar tanken om at afrikanarar er passive motakarar av bistand, og ikkje aktive agentar i si eiga utvikling. Mens politiske hendingar i andre deler av verda blir gjort til gjenstand for politisk analyse, blir dei ofte reduserte til enten ei ”gladsak” eller ein tragedie når dei finn sted i Afrika – utan at dei blir plasserte i ein større politisk kontekst. Katastrofementaliteten dominerer òg nyhendebildet. Vi veit kvifor afrikanarar døyr, men ikkje korleis dei lever. Situasjonsrapportane florerar, men det er vanskeleg å finne fram til informasjon som går i djupna og gjev innsikt. Stereotypisering og sosial marginalisering understøttar mistru til Afrika, både økonomisk og politisk.
Å innsjå at Afrika er meir enn katastrofar, krig og svolt er å innsjå at Afrika òg er kvinner, fagforeiningar, skular, teater, byar og bygder og meir; ei rekke ulike samfunnslag i ei rekke ulike samfunn. Det sosiale mangfaldet skal vere ein del av Fellesrådet sitt politiske perspektiv, mellom anna i form av å vise solidaritet med dei svakaste gruppene i samfunnet.